Gjer Covid-sprøytene folk om til hjerneskadde psykopatar?

Etter kvart som stadig fleire gjennom ubønhøyrleg gruppepress og trugslar om tap av fridom og rettar lèt seg vaksinere med piggprotein-heksebrygget til Pfizer, Moderna, J&J og andre, har eg observert ein veksande førekomst av det ein kan kalle merkeleg og fiendtleg åtferd blant dei injiserte. Det mest prominente trekket ser ut til å vere ein fullstendig mangel på empati overfor dei som er smarte nok til å ikkje late seg injisere med mRNA-baserte legemiddel som ikkje på nokon måte er skikkeleg testa.

Kort fortalt ønskjer dei injiserte død og dommedag over oss uinjiserte. Vi skal alle sperrast inne, stuvast vekk eller helst døy, slik at Den nye verdsordenen knirkefritt kan implementerast!

I Australia blir menneske, i hovudsak urfolket, utsette for medisinsk kidnapping og frakta til det som regimet kallar «karanteneleirar», men som i røynda mest sannsynleg er dødsleirar. Austerrike har stengt samfunnet for uinjiserte og innført vaksineplikt, og Tyskland vurderer det same. I eit nyleg intervju ønskte tidlegare statsminister og karrierepolitikar Erna Solberg at vaksineplikt skulle innførast for helsearbeidarar. Noreg er dermed langt meir varsame av seg enn land som Australia, Tyskland, Austerrike og Litauen, der styresmaktene har vist sitt sanne, stygge ansikt og innført diktatur og medisinsk apartheid.

Den globalistiske teknokrat-eliten vil at alle skal late seg injisere med denne nifse mRNA-teknologien, om statens handlangarar so skal gå frå dør til dør og overfalle folk for å gje dei desse livsfarlege sprøytene. Deira menneskesyn er temmeleg openbert: «Dei som ikkje underkastar seg og erkjenner den rette trua, blir fjerna frå samfunnet som dei vemmelege utskota dei er!»

Få land har gått so langt som Australia, men fleire og fleire byrjar å innføre same drastiske tiltak som Litauen og Austerrike. Éin ting er å stengje ute uinjiserte. Ein annan ting er å innføre plikt til å late seg injisere, og truge med fengsel eller bøter til dei som nektar. Kva skjedde med kroppsleg autonomi? Og kva skjedde med menneskerettane?

Vi har alle blitt offer for omfattande hjernevasking som sømlaust har blitt del av systemet som omringer oss. Dette har ført til at enkelte har blitt meir hjernevaska enn andre. Dei trur oppriktig at det som den offisielle forteljinga kallar «uvaksinerte» er fiendar av staten, og ikkje minst fiendar av dei sjølve. Dette er openbert ein krig, og dei «uvaksinerte» er dei som støttar fienden, Covid-19-viruset som feilaktig blir kalla ein pandemi. Regjeringar, mektige selskap og det kjøpte og betalte media har gjort sitt til å brennemerke tilhengjarar av kroppsleg autonomi og menneskerettar som «anti-vaxxers», «konspirasjonsteoretikarar» og «høgreekstreme».

Har ein fyrst teke sprøytene, er det ingen veg tilbake. Skaden har skjedd, og den er uoppretteleg. Dette faktum har som konsekvens at dei «vaksinerte» forsvarer sitt val med den same flammande iveren som ein finn i ideologiar som blandar religion med politikk. «Uvaksinerte» blir i deira auge «vantru», motstandarar av deira eiga heilage tru. Og slike må døy, og det brennkvikt!

Enkelte meiner at dette irrasjonelle hatet mot «uvaksinerte» kan skuldast hjerneskadar frå mRNA-injeksjonane. At dei fleste har lidd av – eller kjem til å lide av – hjerneskadar, er nok sannsynleg, med tanke på alle blodproppane som piggproteina skaper i blodårene, i tillegg til ei lang rekkje andre helseskadar. Men hjerneskadar fører som regel ikkje til ein total mangel på empati overfor dei som ikkje har teke det same lagnadstunge valet som dei sjølv. Her ligg nok hjernevaskinga bak. Som alle tidlegare sektmedlemmar veit, er hjernevasking ein uhyggjeleg effektiv måte å få folk til å underkaste seg ideologiar som dei elles ville ha snudd seg vekk frå i latter eller avsky.

Jim Jones greidde på 1970-talet å få med seg fleire hundre disiplar og danne eit samfunn, Jonestown, i den søramerikanske jungelen. 18.november 1978 tok meir enn 900 menneske livet sitt i eit sjølvmordsritual som blir kalla Jonestown-massakren. 9.august 1969 fekk Charles Manson sine tilhengjarar til å kaldblodig myrde Roman Polanski si dåverande, høggravide kone Sharon Tate. Medan Jim Jones døydde, vart Charles Manson dømt til livsvarig fengsel, der han til slutt døydde i 2017.

Nokre snakkar om at dei «vaksinerte» blir om til ei form for reptil-monster når ein utset dei for visse utløysarar (engelsk triggers), til dømes visse ord eller situasjonar. Til dømes «uvaksinert» eller synet av nokon som ikkje går med munnbind i eit område som «anbefaler» eller «påbyr» munnbind. Her blir «reptil» brukt i den tydinga at høgare kognitive funksjonar mellombels sluttar å fungere, og at desse personane dermed går tilbake til ei meir primitiv utgåve av mennesket – fullstendig irrasjonelle og 100% drivne av kjensler.

I helsesektoren ser no bruk av munnbind ut til å vere utløysaren for slik primitiv åtferd, ettersom «uvaksinerte» bruke munnbind i pasientnære relasjonar, medan «vaksinerte» slepp det. Synet av personale med munnbind utløyser då reaksjonar som «går du med munnbind?! Tydar det at du ikkje er vaksinert?!» Slike situasjonar har eg opplevd ei handfull gonger på min noverande arbeidsplass, som er ein avsidesliggjande sjukeheim langt ute i periferien. Personen blir genuint sjokkert i nokre sekund. So er det nett som vedkomande «gløymer» dette, og held fram med å utvise «god kollegial åtferd». Ein augneblink er det nett som auga svartnar, og dei blir raude i ansiktet. Er dette den sokalla «reptil-utgåva» av dei som trer fram?

Åtferdsendringane er for meg ei gåte. Kan ein trekkje konklusjonen at det er ein kombinasjon av hjernevasking og piggprotein-indusert hjerneskade som gjer at «vaksinerte» misser vit, forstand og empati overfor «uvaksinerte»? Sannsynlegvis, ettersom eg nyleg har vore vitne til merkeleg åtferd blant mine kollegaer på den aude sjukeheimen. Folk er uvanleg distré, gløymsame og viser av og til akutt forvirring. Nokre av dei er bleike som lik. Andre ser ut til å stadig misforstå meg når eg spør dei om ting, eller ber dei om å hjelpe meg med noko (og dette er folk som har norsk som morsmål, so denne forvirringa skuldast ikkje språkvanskar). Sjukefråværet er historisk høgt, og sjølvaste sjefen må ofte rykkje ut og jobbe i pleia.

Om ikkje mRNA-injeksjonane gjer folk til psykopatar, gjer dei definitivt noko med dei kognitive evnene. For tida stoler eg meir på mine eigne mentale evner enn dei til kollegaene mine!

Det herskar på toppen av dette stor forvirring rundt dei nye «retningslinjene» og «tiltaka» som regjeringa har innført i sin totalt ubegrunna omikron-panikk:

Som eg nemnde tidlegare, har sjukeheimen innført testregime for «uvaksinerte». Sjefen gav meg her om dagen to hurtigtestar. Eg kunne sjølv velje kva slags to dagar eg skulle teste meg i veka. Ho kravde ingen dokumentasjon på testresultat. Ho sa òg at ho eigentleg ikkje kunne tvinge meg til å teste meg, men ho håpte at eg gjorde det. Eg sa at eg gjerne kunne «teste» meg måndag og torsdag – heime hos meg sjølv, slik retningslinjene vagt antydar. Deretter vart det aldri meir omsnakka. Sjefen såg ikkje ut til å ane korleis regimet skulle utførast i praksis – på den eine personen på sjukeheimen som ikkje er «vaksinert».

Eg tok ein telefon til kontaktpersonen min i vikarbyrået der eg spurde om eg ville få lønt permisjon viss eg (Gud forby!) testa «positivt» og måtte i karantene, isolasjon eller kva enn den offisielle forteljinga kallar dette arbeidsforbodet for friske folk. Ho hadde inga aning. Normalt hadde NAV dekt koronarelatert fråvær, men denne støtta hadde stoppa i samband med gjenopninga. Ho venta på retningslinjer frå sine overordna.

Med andre ord har eg fått to hurtigtestar som eg ikkje er 100% sikker på korleis ein bruker, og ingen aner kva som skjer med løna mi om eg testar «positivt».

For å gjenta min mellombelse konklusjon: Covid-sprøytene ser ut til å svekkje folk sine kognitive evner, og den systematiske og ustanselege hjernevaskinga frå den offisielle forteljinga tek frå dei all empati overfor oss som var smarte nok til å ikkje ta sprøytene. Vi er på rett side av historia, og er dermed ein torn i auget på dei mektige kreftene som starta denne gigantiske løgna.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s