Austerrike stengt for «uvaksinerte»: Livet i pandemiland

Av dr. Joseph Mercola. Omsett av saksyndig.

Ved midnatt 15.november 2021 byrja Austerrike nok ei nasjonal nedstenging, tilsynelatande for å hanskast med den aukande førekomsten av Covid-tilfelle. Det som gjer denne nedstenginga unik er at den berre gjeld for innbyggjarar frå 12 år og eldre som har takka nei til den eksperimentelle Covid-sprøyta. Eit unntak er gjort for uvaksinerte individ som «nyleg har blitt friske frå Covid-19».

Dei har berre lov til å gå ut inngangsdøra for «essensielt» arbeid, «essensiell» handling (slik som mat), rask mosjon og for å få vaksine. Alle andre utandørs fritidsaktivitetar er forbodne. Nedstenginga vil etter seiande gå utover om lang to millionar av dei 8,9 millionar innbyggjarane.

Tilfeldige undersøkingar blir gjort for å sikre at ingen friske uvaksinerte personar vandrar rundt i gatene, og bøter for å bryte portforbodet kan bli so høge som 1450 euro [meir enn 15 000 norske kroner, oms.an].

Berre to dagar tidlegare hadde det blitt antyda at nedstenginga berre ville gjelde for den nordlege delen av Austerrike og Salzburg, men det endra seg raskt til å gjelde heile landet. Det er vanskeleg å sjå på denne handlinga som noko anna enn straff for å nekte å vere ein menneskeleg forsøkskanin, med tanke på at kanslar Alexander Schallenberg refererte til landets 65% vaksinasjonsrate som «skamfullt låg».

Kva tenkjer austerrikarar om det?

Fyrste dagen av Austerrikes karantene av dei uvaksinerte, tok Freddie Sayers frå unherd.com seg ein tur i gatene for å finne ut kva austerrikarar synest om det. Han skriv:

«Det som slår meg aller mest er klasseinfleksjonen til heile greia. Vi starta denne morgonen i ei av den mest luksuriøse handlegatene i gamlebyen, fulle av Rolex- og Karl Lagerfeldt-butikkar der høghæla lokale stilte seg i kø for å uttrykkje si støtte for nedstenginga. Det verserer svært lite sympati for eit aggressivt fiendtleg mindretal som er sett på som «dumme» og for å «sjølv ha forårsaka dette for seg sjølv».

I den same gata, derimot, dersom du går bort til dei som har på seg lysande vestar, vaktar butikkane og leverer ting, tenderer du mot å få eit anna svar. Dei nøler meir i å snakke med oss, men er klart mindre støttande. «Det er bullshit,» var det konsise svaret til ein mann.

Spørsmål om den praktiske effektiviteten til eit slikt tiltak ser ikkje ut til å interessere folk nemneverdig. Når eg spør folk om dei veit at vaksinerte òg kan få og overføre Covid, har dei tendens til å feie det til side som ein mindre detalj.

Ikkje ein einaste person som vi so langt har snakka med viste til det sannsynlege praktiske utfallet av denne nye politikken – det er rett og slett ei herding av vaksinepasspolitikken som so langt heilt klart har mislykkast i å slå tilbake den mest nylege smittebølgja…

Eg kan ikkje kome unna kjensla av at motivasjonen er i det minste delvis straffande. Dei forstår ikkje folk som ikkje tek vaksinen, dei likar dei ikkje, og dei er litt redde for dei – so den enklaste tingen å gjere, er å fjerne dei frå samfunnet.»

Totalitære ignorerer viljen til folket

Det er interessert å merke seg at denne siste runden med nedstengingar kjem trass gjenstridige, pågåande offentlege protestar. Faktisk har somme område i Europa jamleg halde masseprotestar i godt over eit år, likevel ignorerer regjeringstoppar beint fram viljen til folket, og hovudstraumsmedia nektar å rapportere om desse samlingane.

Og, etter kvart som den mislykka naturen til Covid-sprøytene blir meir og meir openbert, blir det meir og meir av demonstrasjonar mot påbod og nedstengingar. Som The Vaccine Reaction rapporterer, vart det i helga 19. og 20.november 2021 halde masseprotestar i byane Wien, Amsterdam, Haag, Roma, Brüssel, Rotterdam og andre europeiske byar. Nokre av desse byane er blant dei mest vaksinerte i Europa. The Vaccine Reaction rapporterer:

«19.november 2021 annonserte den austerrikske regjeringa ei ny 10-20-dagars nasjonal nedstenging… Regjeringa vart òg det fyrste EU-landet til å innføre obligatorisk vaksinering, og gjev borgarane frist til 1.februar 2022 til å bli vaksinerte.

Dagen etter gjekk tusenvis av austerrikarar ut i gatene og plystra, bles i horn og slo på trommer i Wien. Dei vifta med austerrikske flagg, song «motstand» og heldt opp skilt som erklærte «nei til vaksinering» og «nok er nok» og «ned med det fascistiske diktaturet». Dei marsjerte til Helteplassen framfor det tidlegare Hofburg-palasset i sentrum av Wien.

Det var ein annan stor protest 27.november i Graz, Sankt Poelten og Klagenfurt. Denne gongen song dei «fred, fridom, ingen diktatur»…

Leiaren av Austerrikes populistiske FPO-parti Herbert Kickl stempla regjeringa si annonsering av vaksineplikt som «grunnlovsstridig» og sa «Austerrike er no eit diktatur». Han bad om at landet sin høgsterett måtte gripe inn og blokkere «totalitære» tiltak frå ei regjering «som trur ho skal tenkje for og bestemme for oss.» Han sa:

«… i nesten to år har regjeringa vore ute av stand til å utvikle effektive strategiar for å beskytte folket. I staden har ho kome med ny trakassering veke etter veke for å fjerne friske folk sine grunnleggjande rettar bit for bit. Og no har vi nådd eit nivå med vaksinetvang som ingen trudde var mogleg. Vi kan ikkje og må ikkje finne oss i det.»

Europearar krev fridom

Fleire andre europeiske land er òg i hardt vêr, sidan regjeringane deira ignorerer folkets krav om fridom. Tyskland, som òg rapporterer ein ny auke i tilfelle, er visstnok i ferd med å førebu ei lov som påbyr folk å jobbe heimanfrå med mindre dei har ein «tungtvegande profesjonell grunn» til å vere på kontoret – i so fall må dei bevise at dei har teke Covid-sprøyta eller vise ein negativ PCR-test.

I Belgia, som har ein Covid-vaksineringsgrad på 76%, har regjeringstilsette forsterka Covid-restriksjonane, noko som utløyste ein protest med minst 35 000 menneske i sentrum av Brüssel. Folk ropte «fridom! Fridom! Fridom!» og song «Bella Ciao», ein anti-fascistisk song.

Protesten var fredeleg heilt til slutten, då eit lite tal personar kom i klammeri med politiet, som kom med tåregass og vasskanonar. 42 deltakarar vart pågripne, to vart arrestert.

Vald braut òg ut i Nederland under ein anti-nedstengingsprotest. 12.november 2021 la regjeringa grenser på talet folk tillate i kvar heim. Barar, restaurantar, kaféar og supermarknader fekk alle påbod om å stengje klokka 20, og «ikkje-essensielle» butikkar måtte stengje klokka 18. Dei avlyste òg ei rekkje offentlege arrangement. Ifølgje The Vaccine Reaction:

«19.november vart sju menneske skadde då nederlandsk politi brukte vasskanonar og skaut på anti-nedstengingsprotest-deltakarar som heiv steinar og fyrverkeri, skadde to og arresterte tjue personar under ein demonstrasjon i eit av Rotterdams sentrale handleområde.

Opprørspoliti som bar skjold og batongar og betjentar til hest og i svartemarjer patruljerte gatene etter konfrontasjonen som førde til at minst éin politibil brann opp og fleire dusin syklar vart øydelagte.»

Folk kjempar òg for fridom i Italia, der tusenvis samla seg i Circus Maximus i Roma 20.november 2021, for å protestere mot Green Pass-kravet. Ein deltakar bar på ein banner som sa «folk som oss gjev aldri opp.»

Australia, der nokre av dei mest ubegripelege overtrampa har funne stad dei siste vekene, kjempar òg tilbake. 27.november 2021 organiserte Millions March against Mandatory Vaccination protestar i tretti byar, inkludert Sydney og Melbourne, der tusenvis samla seg. Her bar deltakarane skilt som sa «aldri steng ned igjen» og «mindre regjering, meir fridom.»

CDC sine grunnlovsstridige karantenefullmakter

Rundt om i verda ser vi stadig fleire tyranniske brot på basiske menneskerettar og fridommar, og medan den amerikanske Supreme Court nyleg sette på pause president Bidens vaksineplikt for verksemder med 100 tilsette eller meir, i påvente av juridisk vurdering, er ikkje amerikanarane ute av skotlinja enno.

Som New York times rapporterte tilbake i januar 2017, er det ein grunn til å vere uroa over Centers for Disease Control and Prevention [det amerikanske folkehelsebyrået, oms.an.] si myndigheit til å sette amerikanarar i karantene når det vil. På den tida visste vi ikkje korleis den fullmakta kunne bli brukt. I dag treng du ikkje ein spesielt livleg fantasi for å sjå korleis den lova frå 2017 kan bli trekt ut som eit verktøy dersom vaksineplikta går gjennom. Som NYT rapporterte på den tida:

«Reglane fastset for fyrste gong korleis den føderale staten kan leggje føringar på reise mellom delstatane under ei helsekrise, og dei etablerer ei byråintern oversikt over kor vidt nokon skal bli innestengt, utan å kome med ein klar og direkte måte å utfordre eit karantenepålegg i den føderale domsstolen.

Statlege og lokale styresmakter har tidlegare vore dei som vanlegvis hadde med slike tema å gjere under epidemiar… Det er viktig at når det neste utbrotet kjem, må naudhelsetiltak vere bundne i vitskaplege bevis og styrt av klare, rettferdige reglar for å beskytte menneske frå urett frårøving av deira fridommar…

Rask juridisk vurdering har alltid vore viktig under empidemifrykt. Folk kan vanlegvis utfordre ein delstat sitt karantenepålegg umiddelbart. Og vitterleg, i fleire delstatar må regjeringa få godkjenning frå ein dommar før dei set nokon i karantene.

Uheldigvis gjev dei nye reglane CDC byråintern oversikt over avgjerda om å setje i karantene, med opp til tre lag av interne byråvurderingar. Denne interne vurderinga har ingen eksplisitt tidsgrense og kan lett strekkje seg ut fleire veker medan ein frisk person visnar vekk i karantene.

Og sidan førerale domsstolar ofte ventar til eit byrå har fullført sin interne prosess før dei vurderer å høyre på ei klage, vil vi ikkje vete før neste krise kjem kor vidt ein føderal dommar vil samtykkje i å høyre ein førespurnad frå nokon i karantene før CDC-vurderinga er fullført. I tillegg har CDC no klar lovleg fullmakt til å ta over karantenerolla frå delstatane i mange tilfelle, og til å leggje føringar på reiser mellom delstatane.»

Spoler ein fram til slutten på oktober 2021, ser ein at CDC-direktør Rochelle Walensky seier at «det er ein plan» å formidle til uvaksinerte arbeidarar «utdanning og rådgjeving», som høyrest mistenkjeleg ut som å sende menneske til FEMA-re-utdanningsleiarar. So CDC sine karantenefullmakter kan enno bli brukt.

Grunnleggingsfaren til nedstengingar

I ein artikkel publisert i midten av november 2021 for Brownstown, tek Jeffrey Tucker ein gjennomgang av korleis nasjonale nedstengingar som respons på ein smittepandemi vart fødd, og kva slags sinn dei kom frå.

Planen om å halde folk i karantene i heimane sine og utradere private verksemder som ei form for pandemisk respons vart funnen opp av ein dr. Rajeev Venkayya, leiar av Global Vaccine Business-eininga ved Takeda Pharmaceuticals og tidlegare leiar av pandemisk politikk ved Gates Foundation.

I boka si The Premonition, peiker Michael Lewis ut Venkayya som den metaforiske «faren til nedstengingane». I 2005 leia Venkayya ei studiegruppe om bioterrorisme under dåverande president George W.Bush, som visstnok kravde ein «heildekkjande samfunnsplan» for å handtere pandemiske trugslar.

Bush ønskte noko som ville omfatte grenser, reise og handel, ikkje berre den konvensjonelle trugselhandteringa, distribuering av terapi og vaksineutvikling. Venkayya sitt svar var fullskala-nedstengingar. Men basisen for denne idéen er i beste fall tvilsam.

Ein idé som manglar vitskap

Tucker forklarer:

«Dr. Venkayya byrja å fiske rundt etter folk som kunne bidra med den innanlandske ekvivalenten til Operation Desert Storm for å handtere eit nytt virus. Han fann ingen seriøse epidemiologar å hjelpe. Dei var for smarte til å falle for det.

Til slutt trefte han på den ekte nedstengings-innovatøren som jobba ved Sandia National Laboratories i New Mexico. Namnet hans var Robert Glass, ein IT-vitskapsmann med inga medisinsk erfaring med, langt mindre kunnskap om, virus. Glass i sin tur var inspirert av eit vitskapsstemne-prosjekt som hans 14 år gamle dotter arbeidde med.

Ho kom med teorien (nett som «jentelus»-spelet frå barneskulen) at dersom skuleungar kunne spreie seg meir ut eller til og med ikkje vere på skulen i det heile, ville dei slutte å gjere kvarandre sjuke.

Glass tok til seg idéen og valsa ut ein sjukdomskontroll-modell basert på hald-deg-heime-pålegg, reiserestriksjonar, stenging av verksemder og tvinga menneskeleg separasjon. Sprøtt, ikkje sant? Ingen i offentleg helse var einige med han, men nett som kvar klassiske skrulling overbeviste dette berre Glass meir…

I Glass sitt hovud var han smartare enn hundre års samla erfaring innan folkehelse. Ein fyr med ei fancy datamaskin skulle løyse alt! Vel, han greidde å overbevise somme menneske, inkludert ein annan person som hang rundt i det Kvite Hus ved namn Carter Mecher, som vart Glass sin apostel.

Ver vennleg å vurdere følgjande sitat frå Dr. Mecher i Lewis si bok: «Dersom du tok alle og stengte kvar einaste av dei inne i kvart sitt rom og ikkje lét dei snakke med nokon, ville du ikkje ha nokon sjukdom.»

Omsider har ein intellektuell ein plan for å avskaffe sjukdom – og menneskeleg liv slik vi kjenner det òg! So latterleg og skremmande som dette er – eit heilt samfunn ikkje berre i fengsel, men i isolat òg – oppsummerer det Mecher sitt syn på sjukdom.

Det er òg fullstendig feil. Patogenar er del av verda vår; dei blir ikkje skapte ved menneskeleg kontakt. Vi overfører dei til kvarandre som prisen for sivilisasjon, men vi utvikla òg immunforsvar for å handtere dei. Dette er ungdomsskule-biologi, men Mecher hadde ikkje peiling.»

Helvete bryt laust

12.mars 2020 vart Venkayyas no 15 år gamle plan sett i verk og skular i heile USA vart stengde ned sjølv om der ikkje fanst fnugg av bevis som føreslo at utdanningsføretak var smittepølar for virus. Vitterleg føreslo vitskapen det motsette, at ungar ikkje var gode berarar av smitte og ikkje utgjorde ein alvorleg trugsel mot vaksne.

Ingenting av det spelte noka rolle. Glass og Mecher sine modellar føreslo at stenging av skular ville redusere overføringsraten med 80%. Som Tucker merka seg, det som vi ser «er ikkje vitskap, men ideologisk fanatisme utspelt.» Han held fram:

«Som ved nesten kvar revolusjon i historia, vann eit lite mindretal av galningar med eit føremål over den menneskelege rasjonaliteten til fleirtalet. Når folk finn dette ut, vil hemnens flammer brenne veldig heitt. Oppgåva no er å gjenoppbyggje eit sivilisert liv som ikkje lenger er so skrøpeleg at det tillèt galne menneske å leggje aude alt det som menneskeheita har jobba so hardt for å byggje opp.»

Eg kan ikkje vere meir einig. På same tid må vi òg gjenkjenne dei rådande psykologiske grunnmurane i samfunnet som eit heile, som gav dette mindretalet fullmakt til å entre scena og prøve å knuse oss.

Psykologiske tilstandar som gjev rom for totalitarianisme

Som forklart av psykologiprofessor Mattias Desmet, er grunnen til at so mange av oss har slukt rått det som tydeleg er ulogiske pandemitiltak, at mange nok av oss allereie var psykologisk svekka.

Dette gav i sin tur rom for ein psykologisk tilstand kjent som «masseformasjon» [engelsk mass formation. Nokre nordmenn kallar det òg «massedanning/massedannelse»; oms.an.] til å finne stad. Det kan samanliknast med ei form for massehypnose, ettersom det eliminerer folks kritiske tenkjeevne i hopetal. Dette er tilfeldigvis òg vilkåret for totalitarianisme. Fire basiske tilstandar må bli møtt av ein stor del av samfunnet for at masseformasjon skal finne stad:

  1. Mangelen på sosiale band – sosial isolasjon var eit utbreitt problem lenge før pandemien. I ei undersøking svarte 25% at dei ikkje hadde ein einaste nær venn.
  2. Å sjå på livet som utan mål og meining – Desmet siterte forsking som viste at halvparten av alle vaksne følte at jobbane deira var fullstendig meiningslause, og at dei gav ingen verdi verken til dei sjølv eller til andre. I ei anna spørjeundersøking gjort i 2012, svarte 63% at dei «gjekk i søvne» gjennom arbeidsdagen, og at dei la ingen som helst lidenskap i arbeidet sitt. So, vilkår nummer to for masseformasjonshypnose var òg fyllbyrda, sjølv før pandemien kom.
  3. Utbreidd fritt-flytande angst og fritt-flytande misnøye – fritt-flytande angst refererer til angst som har ingen openberr eller spesifikk årsak. Med tanke på populariteten til antidepressiva og andre psykiatriske legemiddel, var vilkår 3 òg fullbyrda lenge før pandemien.
  4. Utbreidd fritt-flytande frustrasjon og aggresjon – dette har tendens til å naturleg følgje dei tre førnemnde. Her har heller ikkje frustrasjonen og aggresjonen nokon spesiell årsak.

Masseformasjon får totalitarianisme til å oppstå

Med desse fire vilkåra oppfylt av ein stor nok del av samfunnet, er tida overmoden for masseformasjonshypnose – og framveksten av totalitarianisme. Alt som trengst er ei forteljing der årsaken til angsten er identifisert, medan ein samstundes kjem med ein strategi for å nøytralisere den årsaken.

Ved å akseptere og delta i kva enn den strategien er, vil menneske med fritt-flytande angst føle seg utstyrt med verktøyet for å kontrollere angsten sin og unngå panikk. Dei kjenner seg òg plutseleg gjen-tilknytt andre, fordi dei alle har identifisert den same fienden.

Dei er samla i ein heroisk kamp mot den mentale representasjonen av angsten sin, og denne ny-funne solidariteten gjev liva deira det målet og den meininga som tidlegare mangla. Dette forklarer kvifor so mange har slukt ei klart ulogisk forteljing, og kvifor dei er viljuge til å ta del i den føreskrivne strategien – «sjølv om det er fullstendig absurd,» seier Desmet.

Masseformasjon er ein særs farleg tilstand, spesielt for dei som er trollbundne av den, men òg for alle som ikkje er det. Denne «mentale forgiftinga» som får folk til å viljug gjere ting som openbert er feil og fullstendig umoralske, inkludert å friviljug ta livet av sin eigen familie og seg sjølve, dersom dei blir fortalt at det er til fellesskapets beste. Kort fortalt blir massar av folk djupt lettlurte og sjølvdestruktive, noko som ikkje er ein god kombinasjon.

Sidan sjølvdestruktivitet er bygt inn i det totalitære systemet frå grunnen og opp, kan ikkje totalitære regime bli oppretthaldne for alltid. Dei fell saman sidan dei blir øydelagde frå innsida. Men det kan vere eit helvete medan dei varer, sidan totalitarianisme fundert på masseformasjon nesten alltid fører til groteske grusomheiter gjort i det godes namn.

Handlingsplan

Dei gode nyheitene er at å forstå psykologien som førte oss her òg gjev oss svaret for å kome oss ut av det. Nøkkelstrategien, seier Desmet, er å vere ein dissident, og å vere det høglytt. Ikkje valdeleg, men ustoppeleg og ofte. Vi må gå saman og snakke mot totalitarianisme av to grunnar:

  1. Å gje det feige fleirtalet eit mentalt sunt alternativ – typisk er berre 30% av menneske i eit totalitært samfunn faktisk under den hypnotiske trolldommen til masseformasjon. 40% vel rett og slett å følgje dei ettersom dei fryktar å stikke seg ut eller å gå mot straumen. Dei gjenverande 30% er ikkje hypnotisert og ønskjer å vekkje opp resten. Ved å danne grupper saman, kan dissidentane gje 40%-fleirtalet eit alternativ til det å berre vere med ut av frykt for å bli utstøytt. Når dei opne dissidentane og det samtykkjande fleirtalet er samla, fell masseformasjonen saman og den totalitære staten er ferdig, fordi det er dei som speler med på noko som dei veit er gale og som får masseformasjon til å slå rot og gro. Når dei ikkje lenger tek del i og matar denne prosessen, kan ikkje den totalitære overtakinga lykkast.
  2. Å snakke ut set ei grense for det fæle eit totalitært regime kan gjere – i eit tradisjonelt diktatur losnar vanlegvis diktatoren grepet når dissidentane er stilna, men i eit totalitært system skjer det motsette. Fyrst når dei motstridande stemmene er stilna, byrjar dei verkelege grusomheitene, mot venn so vel som mot fiende.
       Vi kan sjå teikn på dette allereie. Dess meir folk samtykkjer, dess verre blir det. «Ta sprøyta og du treng ikkje lenger å gå med munnbind» blir «du må gå med munnbind sjølv når du er vaksinert, og forresten er du ikkje fullvaksinert med mindre du tek alle oppfriskningsdosene, åh, og sjølv om alle er vaksinerte, må vi framleis stengje ned dersom smitta går opp, åh, og du kan ikkje arbeide med mindre du er fullvaksinert eller få tilgang til helsetenester» – det har berre gått frå ille til verre.
       I kva slags ugudeleg univers dømmer menneske andre til å døy av medisinske tilstandar som kan behandlast, eller stengje dei ute frå å kjøpe mat «for å redde liv»? Eg kan berre tenkje på eitt akkurat no, og vi er i det.
       Om av ingen annan grunn enn å avgrense devalueringa og øydelegginga av liv som garantert vil finne stad i kvart eit totalitært system, må vi aldri nokosinne bli stille. Det dei gjer er gale, og det må bli stoppa.

Når vi fyrst er frie og vekke frå den totalitære trugselen, må vi setje fokus på dei fire grunnvilkåra for masseformasjon, for å hindre denne tilstanden i å oppstå igjen. Men akkurat no må vi fokusere på å einast og snakke ut mot tyranniet og det at dei avkler oss våre gudegjevne rettar og fridommar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s