Hanne Nabintu Herland: Hovudskilnaden mellom diktatur og totalitarianisme

Artikkelen vart publisert i 2019, men er meir aktuell enn nokosinne i våre dystopiske dagar. Omsett av saksyndig.

Av Hanne Nabintu Herland, wnd.com

I tider med massiv politisk uro slik som vi no ser, kan den tyske filosofen Hannah Arendt vere verdt å gjenoppsøkje. Ho levde lenge nok til å sjå Andre verdskrigen og det totalitære Nazi-regimet på nært hald, og skreiv The Origins of Totalitarianism for å åtvare verda mot den fælslege lagnaden til dei som omfamna totalitarianisme. Ho slår fast at ei totalitær styresmakt blir endå verre enn eit diktatur, fordi i eit diktatur drep eliten openlyst dei som dei ikkje likar. Individ som viser motstandskraft og som ikkje underkastar seg dei politisk korrekte synspunkta til staten, blir nådelaust mobba, sverta, mistar jobbane sine og blir til sjuande og sist myrda for å teie i hel opposisjon. Dette skaper ei massiv frykt i befolkninga; folk fryktar for sine liv og blir tause. Frykta for Gulag eller dødsleirane i Sibir gjer susen.

Arendt gjer eit skilje: Medan eit diktatur openlyst drep dissidentar, prøver elitane i totalitære regime ikkje berre å oppnå politisk makt, men òg å dominere kvart aspekt av menneskeliv ideologisk. Målet er å kontrollere kvar ein tankeprosess ned til minste detalj – kva folk meiner om familie, sex, forhold, religion, skule, kyrkje, lov, etikk og moral og so vidare. Arendt peiker på at dette er eit frykteleg system, sidan sjølv dine personlege meiningar, intellektuelle synspunkt og kva du gjer i ditt eige hus no skal bli kontrollert av staten.

Dette fører oss til minnet om det grusomme samfunnet skildra i den engelske romanforfattaren George Orwells «1984», der helten i historia blir gradvis terrorisert, torturert, fornedra og avhøyrt heilt til han seier bestemt at han vil bli drepen. Nei, seier Big Brother, poenget er aldri å drepe deg, men å døyve viljen din so kraftig at den opphøyrer å eksistere. Staten ønskjer å drepe viljen din, ikkje kroppen din, for å skape ein lydig slave av Big Brother. Boka sluttar med at helten er totalt nedbroten, og skrik av genuin glede når han ser Big Brother på skjermen. No trur han verkeleg på alt Big Brother fortel han, om det er at to pluss to er fem eller kva som helst anna.

Føremålet til eliten i eit slikt samfunn er å oppnå kontroll over all sosial utvikling, med eit universelt ønske om at heile verda skal utvikle seg til eit eina system der religionar og tradisjonell tru på Gud ikkje lenger eksisterer. Dette er målet med autoritær ateisme, som definert av Karl Marx og andre.

Arendt brukte heile sitt liv på å prøve å forstå korleis menneskets vondskap kunne bli systematisert og institusjonalisert til dei grader under Andre verdskrigen. Dette var ein massivt intolerant periode i historia då uønskte minoritetar som representerte andre verdiar enn dei til etablissementet vart openlyst terrorisert. Det var eit samfunn som oste av frykt.

Ho analyserte framveksten av nazisme i demokratiske Tyskland i 1930-åra og oppdaga at folk som utførde bestialske handlingar ikkje var ekstremt vonde per se. Faktisk vart dei fleste handlingar av denne naturen utført av vanlege menn og damer som rett og slett følgde ordrar frå staten. Dei var lydige mot «Big Brother». Dei neglisjerte å reflektere over moralen i sine eigne handlingar, frykta represaliar frå styresmaktene og gøymde seg bak desse byråkratane som gav ordrane.

Då ho var til stade under Eichmann-rettssaken i Jerusalem, føreslo Arendt at ein av effektane av ein sterk stat er av-ansvarleggjeringa av deira borgarar. Ho brukte Eichmann som eit døme, og la merke til at han stødig gøymde seg bak nettopp denne ideen – at han følgde ordrar og valde å ikkje nekte å utføre dei, med tanke på dei stygge krigstidene. Sjølvsagt var det heva over ein kvar tvil at Eichmann var ein av hovudarkitektane bak Holocaust. Orsakingane hans peikar likevel på dei alvorlege farane ved mangel på individuelt ansvar i institusjonaliserte samfunn der borgarar blir desensitiverte når det gjeld personleg moral, sidan dei gøymer seg bak «vi følgjer berre ordre».

Arendt konkluderte at i system der det statlege kravet om konsensus grundig kontrollerer folket, frykt for styresmaktene er sterkare enn individuell kjensle av rettferd. Konformitet, ei passiv haldning og mangel på personleg moral gjennomsyrar dei som burde ha reist seg mot urett, men som ikkje gjorde dei. «Folk blir stille når det gjeld ting som speler ei rolle,» for å sitere Martin Luther King – det er om frykta for uuthaldelege represaliar er oppfatta å vere i kjømda, argumenterer Arendt at det ikkje var hat som motiverte brutalitet, men likesæle og apati. Og ein mangel på empati. Folk følte at «systemet» var so autoritært at det ikkje var nokon måte for ein einskild person å utgjere ein skilnad.

Velkomen til Big Brother.

Original: https://www.wnd.com/2019/10/key-distinction-dictatorship-totalitarianism/

Kommentar frå saksyndig: Arendt trefte spikaren rett på hovudet. I våre dagar blir kritikarar av Covid-tiltak og motstandarar av dei eksperimentelle mRNA-«vaksinane» hengt ut som «konspirasjonsteoretikarar», «høgreekstreme» og «utskot». Ikkje berre blir dei demonisert, dei blir fjerna frå sosiale plattformer («de-plattformisert»), utstøytt frå det gode selskap («kansellert») og utsett for represaliar frå arbeidsgjevarar. Ein begår i koronaens namn karakterdrap på desse kritiske røystene. Meiningar som avvik frå den offisielle forteljinga blir ikkje tolerert. Der finst ingen reell offentleg debatt. Som Herland skriv, er konformitet og passiv haldning grunnen til at ikkje fleire vågar å ta til orde for at galskapen relatert til Covid-tiltak må ta slutt. Det kostar for mykje å ytre seg ærleg i dagens debattklima. Ein må no til alternative media som Resett, Document, Steigan, Derimot og Hemali for å få balansert informasjon om det regjeringa kallar «koronasituasjonen» i sine tallause pressekonferansar. Og desse nettstadene blir skulda for å formidle «feilinformasjon» når dei ein sjeldan gong blir omtala. Kor kjem all denne intoleransen og vondskapen frå? Snakkar ein om ein uhyggjeleg effektiv hjernevask av folket? Høgst sannsynleg, slik eg og mange oppfattar det. Dei uvaksinerte blir i dag omtala i stadig meir negative ordelag. Dette er skremmande likt Hitlers retorikk rundt jødane, og korleis dei vart behandla verre og verre utover 1930-talet, heilt til dei til slutt vart forsøkt utrydda. Den som ikkje lærer av historia er dømt til å gjenta den.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s