Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv:
The College of Physicians and Surgeons [«kollegium for legar og kirurgar»] i Ontario har kome med forslag til eit mandat om å gje behandling med psykiatriske legemiddel til dei som nektar mRNA-injeksjonar eller vaksinasjon.
I ei nyleg melding til sine medlemmer gav det medisinske Kollegiet råd til kanadiske legar om å sjå på uvaksinerte som personar med «mentalhelseproblem» og tilrådde administrasjon av psykiatriske legemiddel til dei.
«Kollegiet sendte ut eit brev eller ei massemelding til alle legar i Ontario,» forklarte onkolog [kreftlege] dr. William Makis. «som sa at deira uvaksinerte pasientar burde bli vurdert som om dei hadde eit mentalt problem, og dermed burde bli sett på psykiatriske legemiddel.»
«So langt er det berre eit forslag,» heldt dr. Makis fram. «men Kollegiet burde ikkje kome med denne typen forslag. Det er ekstremt uetisk og ein bevegar seg inn i farlege farvatn.»
«Dersom dei antydar at folk som ønskjer kroppsleg autonomi og ikkje vil ta ein eksperimentell vaksine, er noko mentalt i vegen med, so er dette særs, særs farleg farvatn.»
Dr. Makis leiar kampen mot medisinsk tyranni i Canada, og varslar om eksplosjonen av sjeldne krefttypar som han og hans kollegaer har sett sidan utrullinga av covid-mRNA-vaksinar.
Ifølgje dr. Makis oppfører desse krefttypane seg på ein aggressiv og uberekneleg måte som aldri har blitt sett før. Enkelte av hans unge og friske pasientar har døydd «dagar eller til og med timar» etter diagnosen.
Dr. Makis har diagnostisert 20 000 kreftpasientar i sin lange og distingverte medisinske karriere, og seier at verken han eller kollegaene har sett noko liknande før.
Etter alle sine tiår som onkolog føler han seg som eit barnehagebarn når han ser på desse underlege kreftsvulstane.
Han lyt skjule frykta i stemma si når vaksinerte og «boosta» pasientar ser på han i fortviling. Alle dei andre onkologane han kjenner, føler det på same måten.
Men, som dr. Makis forklarer, er ikkje kollegaene hans i ein posisjon der dei kan snakke ut og risikere levebrødet – eller til og med liva. Sjå denne videoen om saka.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
