I harnisk over «falsk informasjon» på legekontoret i Luster

Nyleg fann ein av kundane på legekontoret i Gaupne i Sogn ein brosjyre frå Fritt vaksinevalg på venterommet. Brosjyren kjem med fakta frå anerkjende ekspertar om mRNA-vaksinane og Covid, og skriv mellom anna at barn og ungdom ikkje har nokre fordelar av å ta dei. Dette lika vedkomande svært dårleg, og la difor att ei «sint tilbakemelding på Google der han skriv at han forventar meir av eit legekontor». Under eit døgn seinare svarte legekontoret. Dei hadde fjerna brosjyrane. Dei tilsette på legekontoret ser no ut til å ha sett i gang ei gransking rundt desse brosjyrane, og kor lenge dei kan ha lege der. Dei vil «sjekke oftare kva som blir liggande framme».

Helsesjef og kommuneoverlege i Luster avviser fullstendig innhaldet i brosjyrane. Han kallar det eit «tillitsbrot å drive med propaganda og falsk informasjon», spesielt på eit legekontor. Han meiner det er ille «at folk lurer inn dette for å øydelegge tilliten mellom innbyggjarar og helsetenesta».

Foreninga Fritt vaksinevalg sjølv skriv i ein e-post til Sogn Avis at «dei som kritiserer dei ikkje er i stand til å vere konkrete», og skriv at informasjonen som dei bruker i brosjyrane er henta frå offisiell helsestatistikk og offentlege uttalar.

Kommentar frå saksyndig: Fritt vaksinevalg har rett. Innhaldet i brosjyrane er fakta. Dei underbyggjer det dei skriv med referansar som enkelt kan sjekkast. Informasjonen i brosjyrane har som referansar blant anna Robert Malone, som er oppfinnaren av mRNA-teknologien som er i bruk i «vaksinane». Den offisielle forteljinga diskrediterer han ved å kome med påstandar om at han har kome med «feilinformasjon» om mRNA-«vaksinane»; sjølv mannen som fann opp teknologien blir anklaga for «feilinformasjon» når han åtvarar om kor farleg den er! Andre referansar i brosjyrane er Folkehelseinstituttet og assisterande helsedirektør Espen Nakstad. Sistnemnde er brukt som referanse i eit punkt der Fritt vaksinevalg skriv at «vaksinane» ikkje kan brukast for å oppnå flokkimmunitet sidan dei ikkje stoppar smittespreiing. Nakstad har sjølv uttala dette til NRK. Han er per dags dato sjølv ikkje diskreditert av Forteljinga.

Brosjyrane er enkle å få tak i. Kven som helst kan gå inn på nettsidene til Fritt vaksinevalg og bestille brosjyrar. Det tydar på at nokon i Luster ønskjer å spreie ekte informasjon om Covid og «vaksinane» til folk. Med andre ord er det ein viss motstand mot koronaregimet, sjølv inst inne i ein sidefjord til Sognefjorden.

Haldninga til denne helsesjefen/kommuneoverlegen er etter mitt syn bekymringsverdig. Han avviser blankt fakta, sjølv det som kjem frå Folkehelseinstituttet og assisterande helsedirektør (han seier jo sjølv at han avviser fullstendig innhaldet). Tydar dette at han anklagar FHI og Nakstad for å kome med «falsk informasjon»? Truleg ikkje. Han tilhøyrer dei mange som er so hjernevaska av Covid-fryktkampanjen til visse mørke krefter at han på rein refleks avviser alt som strir i mot den offisielle forteljinga. Han (og mange andre) nektar å innsjå realitetane, for vi har no kome til eit punkt der det å innrømme at ein valde feil, rett og slett vil koste for mykje i form av ære, stoltheit og eigen integritet. Ein kommuneoverlege burde vete betre, men der finst no tallause døme på folk som handlar mot betre vetande. Kor stor pris har dei som har teke mRNA-«vaksinane» allereie betalt, i form av vaksineskadar og ei helsemessig uviss framtid?

På verdsbasis er situasjonen ille, og verre vil det truleg bli. Ein ser meir og meir døme på alvorlege biverknader på «vaksinane», og media får større og større vanskar med å dekkje over kva som er den eigentlege årsaken til at unge, friske idrettsutøvarar plutseleg kollapsar eller til og med døyr.

Som Mark Twain visstnok sa: Denial isn’t just a river in Egypt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s