Merkelege pandemibabyar byrjar å sjå dagens lys – eit resultat av mRNA-injeksjonane til foreldra?

I slutten av september 2021 vart det publisert ein video på Rumble som viser ein sokalla «pandemibaby», ein baby som vart unnfanga i slutten av 2020, då massevaksinering byrja i fleire land. Babyen i videoen har auge som er svarte som kol, og ser langt frå frisk ut. Videoen er ein del av eit spanskspråkleg intervju gjort av ein biostatistikar og epidemiolog ved namn Ricardo Delgado Martín, i noko som heiter La Quinta Columna, (spansk for ‘femtekolonna’). Ein lege ved namn José Luis Sevillano meir enn antydar at det er mRNA-injeksjonane som har skapt desse merkelege babyane, ettersom dei alle kjem frå mRNA-injiserte foreldre (både mor og far hadde teke sprøyta). I september var det tilfeldigvis ni månader sidan massevaksineringa starta (slutten av desember 2020).

Dr. Sevillano finn det særs kritikkverdig at ein har injisert gravide kvinner med mRNA-teknologi, når ein under normale omstende knapt nok kan gje Paracet til dei, i frykt for svangerskapskomplikasjonar. Dette må vel kunne seiast å vere – orsak uttrykket – alle svangerskapskomplikasjonars mor!

Intervjuaren, Ricardo Delgado Martín, seier riktig nok:

«Du må ta denne videoen med ei klype salt. Omsetjinga [til spansk] av det den [engelskspråklege] jordmora seier er at ho ser at babyane til vaksinerte foreldre er spesielt annleis. På den andre sida, fram til vi har sett fleire tilfelle [enn denne eine videoen], slik som var tilfellet med problemet med magnetisme [at folk vart «magnetiske» etter at dei tok sprøyta] – der var fleire millionar av dei – må vi akkurat no ta det med ei klype salt, som vi seier.»

Jordmora i videoen seier vidare:

«Desse nye pandemibabyane er bygt annleis. Fullstendig annleis. […] Dei er ikkje som andre ungar. Dei kjem ut med ein attitude (= «haldning»).»

Her er fleire videoar av desse babyane. Fellestrekket dei alle ser ut til å ha, er at auga er heilt svarte, og at dei gjer ting som ein vanlegvis ser hjå langt eldre småungar. Blant anna lærer dei seg å gå i ein alder av to månader, greier å sitje oppreist når dei er fire månader, seier «mamma» når dei er berre fire og ein halv månad, og søv på magen når dei er fem månader. Dei utviklar seg langt raskare, noko som kan tyde på at dei òg vil eldast fortare (sokalla progeria). Dei liknar på ei rar blanding av «romvesen» og minimenneske, meiner nokon.

Kva kan årsaken vere? Ricardo Delgado Martín seier:

«Videoar av dei fyrste babyane som vart fødd ni månader etter vaksinasjonskampanjen byrja i desember dukkar no opp. Spesielt i Storbritannia og USA. So, det som jordmødrer ser når begge foreldra er inokulert [vaksinert] med denne substansen: med grafén. Som vi veit påverkar symjeevna til sæd. Hormonell regulering hjå kvinner på nivået til hypotalamus. Og blant menn òg. Det påverkar spermatogenese [sæd-danning] hjå menn.

Av ein eller annan grunn, dersom ein graviditet kjem i gang – som er usannsynleg å skje på grunn av infertilitet, som vi snakka om før – ser vi at babyar som blir fødd, ser rare ut. Merkelege. Det er omtrent som eit nivå som liknar på ein reduksjon av IQ. Noko som ligg nær trisomi av kromosom 21. Mellom Down syndrom og ein relativt gjennomsnittleg person i IQ. Med trekk som liknar på Down syndrom, utan å vere Down syndrom. Og vi ser allereie minst eit dusin tilfelle som er verifiserte av jordmødrer.»

Det ser i skrivande stund ut til å vere det giftige stoffet grafén som negativt påverkar svangerskapet og fører til slike pandemibabyar. (Det same stoffet som faktisk.no feilaktig sa at ikkje var til stade i mRNA-sprøytene) Etter kvart som fleire og fleire av desse blir fødd, vil nok dei injiserte tenkje seg om ein eller to gonger før dei bestemmer seg for å få barn. Iallfall dersom progeria og psykisk utviklingshemming no blir ein del av reknestykket. Fram til det kjem meir vitskapleg materiale om babyane, er det grunn til uro, men ikkje grunnlag for å trekkje nokon definitiv konklusjon. Slike svartøygde babyar har ein rett og slett ikkje sett før, og det er på ingen måte eit godt teikn.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s