Robert F. Kennedy Jr.: «Fauci burde bli straffeforfølgt og etterforska saman med Bill Gates»

Henta frå LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.

Robert F. Kennedy Jr. fortalte Michael Cohen – Donald Trumps advokat som fall i unåde – at Bill Gates og Anthony Fauci burde bli «straffeforfølgt».

I ein episode av Cohens podcast, «Mea Culpa with Michael Cohen», spurde han Kennedy: «Basert på funna dine, trur du at dr. Fauci burde bli etterforska for kriminelle handlingar?»

Kennedy, som er leiar i Children’s Health Defense, svarte med eit enkelt «ja».

Kennedy sa deretter at han trur at på grunn av «Fauci sin politikk, skulle ikkje 80% av dei som døydde av Covid ha døydd. Vi burde ha føreteke tidleg behandling slik som kinesarane gjorde,» sa han. «I april hadde dei protokollar med alle legemiddela som vi veit er effektive, antikoagulantar, betennelsesdempande steroidar, hydroksyklorokin eller klorokin, og so vitaminar, vitamin D.»

«Dei utsletta pandemien etter halvannan månad ved å bruke tidleg behandling. Kinesarane hadde tre dødsfall per ein million, veit du, men Tony Fauci hadde 2200 amerikanarar [per million]. Vi har det største talet dødsfall i verda på grunn av politikken hans.»

Han sa at «naturlegvis burde han [Fauci] bli straffeforfølgt… Han saboterte med vilje ved å bruke bedragerske metodologiar,» som undertrykte «ivermectin, hydroksyklorokin og fremja eit legemiddel som han visste var dødeleg, Remdesivir.»

Podcast-skildringa merkte Kennedy som ein «Covid-konspirasjonskonge», og Cohen utfordra Kennedy med at han var viljug til å stille på program som Tucker Carlson, som den tidlegare Trump-advokaten meiner oppmuntrar «ytre høgre».

Kennedy svarte, «eg er viljug til å snakke med alle som er viljuge til å lytte til dette.»

«Og eg treng ikkje vere einig med deg, Michael. Eg set pris på at du lèt meg snakke til publikummet ditt,» sa han, og la til, «eg vil snakke med alle. Eg vil snakke med den største idioten i verda, og eg vil snakke med kriminelle dersom dei er den einaste måten eg kan få beskjeden min ut i verda på.»

Cohen mista autorisasjonen som advokat etter at han vart funnen skuldig i kriminelle handlingar, inkludert skatte- og banksvindel. 12.desember 2018 vart han dømt til tre år i føderalt fengsel.

Robert F. Kennedy Jr. var ein vaksinetryggleiksforkjempar før koronavirusutbrotet og har vore kritisk til nedstengingar og Covid-vaksinane, ettersom fleire hundre tusen meldingar om biverknader har blitt samla inn, inkludert dødsfall. Han er forfattaren av den nyleg publiserte boka The Real Anthony Fauci: Bill Gates, Big Pharma and the Global War on Democracy and Public Health.

Boka er sterkt kritisk til Fauci, Gates og konfliktane som Kennedy vurderer å stamme frå forholdet mellom dei to.

På Fox Nation i november forklarte Kennedy banda mellom Fauci og Gates til Carlson. Han fortalde Carlson at «i 2000, flaug Tony Fauci til Seattle, Washington.»

«Han hadde dette… veldig rare møtet på Bill Gates sin 85 millionar dollar-herregard… Gates tok han med seg inn i biblioteket sitt og han sa, «Eg vil føreslå eit partnerskap med deg.»

Ifølgje Kennedy handla partnerskapet om å «prøve å vaksinere heile menneskeheita«. I 2009 vart programmet «omdøypt» til «Vaksinanes tiår.»

«Gates gjekk til FN og heldt talen sin der han lovte å vaksinere essensielt heile menneskeheita med eit arsenal av fleire vaksinar innan 2020.»

Robert F. Kennedy Jr. la til at Gates brukte «kvasi-statlege byrå» for å «få kontrol over WHO.»

«So han eig andelar, veldig, veldig store andelar i nesten alle dei store farmasøytiske selskapa, og han gjev essensielt rundt ein milliard dollar til WHO kvart år, men gjennom Rotary International… og gjennom Gates Foundation.»

«Dette gjev han kontroll over WHO sin politikk,» sa han. «Ingenting går gjennom WHO utan å fyrst bli godkjent av Gates Foundation.»

Kennedy sa at «meir enn 50% av deira [WHO] budsjett har fokus på ein av Gates sine vaksinar… poliovaksinen… det var ein mislykka vaksine. Poliovaksinen, ifølgje WHO sine eigne tal, forårsakar 70% av all polio i verda kvart år.»

Han heldt fram med å forklare korleis avhengigheita av pengar frå Gates og stiftingane hans tvingar afrikanske nasjonar til å berre kjøpe vaksinar som Gates har bidrege finansielt til, gjennom ei mengde non-profit-føretak.

Tucker Carlson spurde Kennedy kva han trur «motiverer» Gates sine handlingar.

«Du veit, motivasjonen er temmeleg enkel… makt,» sa han. «Om du er ein sosiopat… ønskjer [du] å ha makt.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s