Martin Armstrong kommenterer Hemali-artikkel om Astrid Stuckelberger og løgnpandemien

På heimesida til den amerikanske økonomiske «spåmannen» Martin Armstrong, Armstrong Economics, vart det 6.desember 2021 publisert ein kommentar om Hemali sin artikkel om forskar, professor og tidlegare WHO-tilsett Astrid Stuckelberger, «En pandemi av løgner». Artikkelen vart i tråd med rådande sverte-praksis frå den offisielle forteljinga dømt som «delvis feilinformasjon» av den statsfinansierte faktasjekkar-organisasjonen faktisk.no.

Ein lesar tipsa Armstrong om artikkelen, og her er kva økonomen har å seie om den (saksyndig si omsetjing):

«Heile dette scenarioet om å bruke eit virus og med vilje sleppe det laus i Kina vart lagt fram i oktober 2019 under ein konferanse. Kjeldene mine seier at denne planen tok form i august 2019, og Gates tok den med seg til BioTech i september, månaden etter. Eg fryktar at det vil krevje militæret for å reise seg for å redde menneskeheita og forsvare seg mot denne utanlandske invasjonen.»

«Ho [Astrid Stuckelberger] har sagt det som eg har høyrt frå legar, at utan obduksjonar, har ein ingen verkelege bevis for død. Ho sa: ‘Dette er ikkje enkelt å vete, fordi obduksjonar ikkje blir gjort. Der er mange løgner og svindlar innan vitskap, og i systema. PCR-testen er eitt døme, legen kan ikkje bruke den diagnostisk. Legar er betalte for å hevde at dødsfall skuldast Covid, basert på PCR som ikkje fungerer. Veldig ofte skjer dette utan obduksjon. Dei seier at dødsfallet skuldast Covid, sjølv når det ikkje gjer det’.»

Armstrong seier vidare:

«Eg har forklart at staten finansielt dekte Covid, so sjukehusa får betalt for å hevde at dødsfall skuldast Covid basert på PCR som ikkje fungerer. Eg har sagt at eg vart negativt testa fem gonger og det var negativt; likevel sa to legar at dei trudde eg hadde fått Covid. Då eg sa at eg ikkje kjende nokon med Covid, sa dei at eg rett og slett kunne ha fått det når eg fylde bensin. So eg sa at munnbind ikkje gjorde noko. Dei sa meir eller mindre.»

Armstrong held fram:

«Eg får rapportar frå rundt om i verda som eg ikkje heilt kan bekrefte enno, men kjeldene er mange og ulike. Påstandane er at dødfødslar eksploderer blant vaksinerte mødrer. Å tru at politikarane med vilje undertrykkjer slike påstandar viser at desse menneska ikkje lenger ‘representerer’ folket. Du handlar rett og slett ikkje slik om du har snev av moral. Det er ei hjarteknusande oppleving å miste barnet ditt. Eg veit kva det kjennest ut som etter at eg mista min fyrste son. Det er ikkje noko ein tek lett på.»

Og til slutt:

«Andre står fram, slik som dr.Harvey Risch, professor i epidemiologi ved Yale School of Public Health. Eg ønskjer verkeleg at alt dette berre er ein konspirasjonsteori. Men der er i ferd med å forme seg ein kamp mellom godt og vondt, og det er svært vondt.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s