Fullvaksinert direktør i Covid-19-råd snakkar ut om farane med mRNA-sprøyta

Henta frå ein artikkel av dr. Joseph Mercola. Kommentert av saksyndig.

Amerikanske Steve Kirsch er administrerande direktør i COVID-19 Early Treatment Fund, eit råd som brukte å tilby vitskapleg rådgjeving til FDA og CDC. I det siste har han vore sterkt kritisk til påstandane om at mRNA-injeksjonane til Pfizer, Moderna og andre er «trygge og effektive». Dei er det fullstendig motsette, som Kirsch raskt fann ut. Han fekk motivasjon til å byrje jakta på sanninga i samband med at ei dame fortalde han at ho hadde opplevd tre dødsfall i slekta innan ei veke etter at dei lét seg injisere. Fullvaksinerte Kirsch trudde fyrst ikkje på ho. Deretter fortalde teppereinsaren hans at han sjølv hadde hatt eit hjarteinfarkt to minutt etter han tok sprøyta, og at kona hans fekk Parkinson-liknande symptom etter injeksjonen. Etter dette byrja Kirsch å undersøkje stoda. Dataa som han fann var mildt sagt urovekkjande.

Då han hadde funne ut sanninga om dei «trygge og effektive» sprøytene, samanfatta han det heile i ein artikkel på 250 sider som vart publisert på TrialSiteNews – visstnok den lengste artikkelen som nokosinne hadde blitt publisert der. Innan ei veke etter publiseringa trekte kvar einaste medlem seg frå rådet, 14 vitskapsfolk frå heile USA, som alle hadde ekspertise i kvart sitt felt. Dei sa at Kirsch var «eit vondt menneske», og at dei aldri ville snakke med han igjen i sitt liv.

Då han spurde dei om det var noko feil med analysen hans, svarte dei han ikkje. Dei berre sa at vaksinane var trygge, og at han burde skjemmast.

I tillegg til 250-sidersartikkelen, skapte Kirsch òg eit mektig PDF-dokument på 177 sider, som no er sett på som ei skattekiste når det gjeld Covid-relatert informasjon.

Kirsch og hans team av statistikarar har greidd å estimere dødelegheita av Covid-sprøyta, mellom anna ved hjelp av rapportar frå det amerikanske Vaccine Adverse Events Reporting System (VAERS). Dette systemet er ifølgje Kirsch med vilje designa slik at rapportering er ein komplisert og langdryg affære, og medverkar dermed til ei dramatisk underrapportering – kanskje so mykje som med ein faktor på 41. Altso er det reelle talet på Covid-sprøyte-dødsfall 41 gonger høgare enn det rapporterte.

På grunnlag av dette estimatet trur Kirsch at so mange som 150 000 til 300 000 amerikanarar har døydd av Covid-sprøytene. Teamet hans sine berekningar føreslår at sprøytene drep 411 menneske per ein million dosar. Sidan Moderna og Pfizer er gjevne i to omgangar, blir talet dobla: 822 drepne per ein million doser. Om ein følgjer denne logikken, kan dette talet difor auke tilsvarande når oppfriskningsdoser blir tekne med i reknestykket. Samstundes avdekte ei italiensk undersøking i oktober 2021 at ved å endre på Covid-dødelegheitsdefinisjonen til å berre inkludere tilfelle der Covid-19 var primærårsaken til død og der var ingen underliggjande tilstandar, vart det faktiske dødstalet redusert med 97% – frå 130 000 til færre enn 4000. Kort fortalt endra ein «døydde med Covid-19» til «døydde av Covid-19».

Kirsch trur difor at det reelle dødstalet av Covid-19 i USA kan vere rundt 50% av det rapporterte talet. Dette tydar at rundt 380 000 har døydd av Covid-19 (snarare enn med Covid, som til og med kan festast på folk som har døydd i bilulykker!), medan Covid-«vaksinen» har drepe so mange som 300 000. Med andre ord er det mogleg at kuren kan vere verre enn sjukdommen.

Den mest dødelege vaksinen i amerikansk medisinhistorie er ifølgje dr. Paul Offit koppevaksinen. Den drap ein person per ein million doser. mRNA-injeksjonane som feilaktig blir kalla vaksinar, drep 822 per million doser. Dermed er desse sprøytene meir enn åtte hundre gonger meir dødeleg enn det som offisielt er rekna som den farlegaste vaksinen nokosinne. Og sprøytene blir på innpust og utpust erklært som «trygge og effektive».

Etter førespurnad frå dr. Peter McCullough, analyserte Kirsch òg Covid-sprøyte-dødelegheit basert på alder ved å bruke VAERS-data. Blant 80-åringar drep sprøytene to menneske for å redde eitt. For 20-åringar drep dei seks for å redde eitt. Dess yngre ein er, dess større er risikoen.

Den offisielle forteljinga krev at yngre tek sprøytene «i solidaritet med risikogruppene». Dei som ikkje tek sprøytene, blir hengt ut som «egoistiske». Til det seier Kirsch dette:

«Den andre tingen eg ønskjer å seie, er samfunnsnytte-argumentet, der folk seier ‘Du er egoistisk fordi du ikkje blir vaksinert’. Vel, det er irrasjonelt. Har du nokosinne sett ein CDC-analyse som viser deg samfunnsnytten av å vere vaksinert? Den finst ikkje. Og det er ein grunn til at den ikkje finst, fordi samfunnsnytten ville vere latterleg liten. I dag veit vi at dei vaksinerte har like stor risiko for å spreie viruset som dei uvaksinerte. So kor er samfunnsnytten?»

Dersom mRNA-injeksjonane ikkje hadde hatt nokre bakdelar, kunne ein ha argumentert for samfunnsnytten ved at unge, friske menneske tok dei. Men her er faktisk livet ditt i fare, og data viser at omtrent ein av tusen vil bli drepne av sprøytene. Kirsch seier:

«So, dersom eg seier, ‘hei, sett at du ved å ofre livet ditt kan redde hundre person-år (altso at ti andre menneske får ti år meir av livet)?’. Då eg spurde om dette i eit lokale med nokre hundre menneske, rekte ingen opp handa. Og eg sa ‘okay, kva med tusen person-år? Dersom du kunne ofre livet ditt for å redde tusen person-år, ville du gjere det?’ Ingen ville det. Det er nonsens.»

Å antyde at unge, friske menneske burde «ta sprøyta i solidaritet» med dei som er gamle og sjuke, er eit overtramp mot sjølve den grunnlovsfesta retten til liv og helse. Òg dei som ikkje ønskjer å late seg injisere har jo òg eit liv: dei har familie, venner, kjære og andre i sin omgangskrets. Skulle vi ofre liva våre for å redde folk vi ikkje kjenner? Er liva våre mindre verdt enn dei til risikogruppene?

Kirsch meiner at alle har kvar sin spesielle måte å bidra til samfunnet. Kvifor skulle vi nokosinne spørje nokon å ofre livet sitt for ein potensiell samfunnsnytte?

«Kanskje vi burde spørje Joe Biden, ‘Joe, dersom du kunne ofre livet ditt for å redde 1000 person-år, ville du ha gjort det?’ Det ville vere særs interessant å høyre kva han svarte.»

Trass massiv dokumentasjon på det motsette, held Covid-vaksinasjonskampanjen fram over heile verda. Kanskje er kampanjen det største medisinske bedraget i moderne historie. Som Kirsch seier, er det eit korthus som er halde saman av trua på data som ikkje er der – og ein unngår å konfrontere tryggleikssignala i VAERS-systemet og andre studiar som ikkje samsvarer med Forteljinga. Dei påstår framleis at «ingen» døyr av mRNA-injeksjonane til Pfizer og Moderna. Det er latterleg, ifølgje Kirsch:

«Eg har aldri sett eller høyrt noko liknande, fordi konspiratørane som fortel denne falske forteljinga er alle trebokstavsbyråa underlagt [det amerikanske] helsedepartementet – FDA, CDC og NIH.

Dei er alle med på det, Kongressen er med på det, hovudstraumsmedia er med på det, og det medisinske fellesskapet er med på det. Dei har ikkje råd til å gje seg no fordi dei er for djupt inni det. Det ville vere for audmjukande for dei.

Vi har sagt i fleire månader, ‘de må sjå på VAERS-dataa,’ og dei har ignorert og sensurert oss heller enn å gå i dialog – og ingen av desse folka vil gå i dialog med oss.

Vi fortel den sokalla ‘fakta-sjekkarane’ kor dei skal leite og kva slags spørsmål dei skal stille CDC for å verifisere historiene våre, og dei følgjer aldri opp. ‘Fakta-sjekkarane’ nektar alle å møte oss i ei teipa telefonsamtale eller innspelt Zoom-samtale sidan dei ikkje vil bli eksponert som partiske.»

Kirsch trur at ein måte å nå ut til folk med sanninga, er å køyre ein serie med annonsar på alternative media. Hovudstraumsmedia slepp ikkje til verken han, McCullough, Robert Malone [oppfinnaren av mRNA-vaksinen] eller andre viktige varslarar. Den offisielle forteljinga stengjer ute alle som ikkje er einige med ho.

Steve Kirsch har sin eigen kanal på Rumble. Han har òg sin eigen Substack-kanal, i tillegg til kontoar på Gab, Telegram og LinkedIn. Han hadde ein Twitter-konto, men den vart sletta som ledd i sensur frå Den offisielle forteljinga.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s