Koronapanikk på sjukeheimen

Som lesarane veit, jobbar eg på ein sjukeheim i ein liten, aude utkantkommune. Diverre herskar det òg her hjernevask og villfaring rundt den aggressivt påståtte «pandemien» som vart innført 12.mars 2020. Det rådar òg det same hysteriet og panikken kvar gong nokon testar «positivt» på dei notorisk upålitelege testane; PCR-testen vart til dømes trekt tilbake av det amerikanske CDC 31.desember 2021.

Her er dramaet og panikkhandlingane som utspelte seg frå andre til tredje januar 2022:

Laurdag 1.januar vart det formelt tilsett ein ny leiar og nestleiar på sjukeheimen. Sundag kveld i halv ni-tida fekk den nye leiinga melding om ein positiv hurtigtest frå ei av dei tilsette på sjukeheimen. Då var eg på jobb på ei ekstravakt, og var sjølv vitne til panikken som med éin gong breidde seg. Dei to nye leiarane, begge damer i 20-åra, gav via Facebook og Messenger (!) ordre om at alle på jobb måtte hurtigteste seg. Eg har verken Facebook eller Messenger, men fekk beskjed om dette av vakthavande sjukepleiar. Alle som var på jobb tok hurtigtestar. Vakthavande låste dørene til sjukeheimen. Då nattevaktene kom på jobb litt seinare, slapp dei ikkje inn før dei hadde testa seg i døra. Alle testane var negative.

Morgonen etter kom leiar og nestleiar på jobb med redselen skinande i auga. Alle som var på jobb fekk pålegg om å hurtigteste seg før dei byrja skiftet. Dei testa alle negativt. Leiarane tok trass dette avgjerda om å stengje ned sjukeheimen. Bebuarane måtte vere på romma sine, og alle aktivitetar vart avlyst. Dette gjaldt òg dagens personalmøte. Dei tilsette måtte halde seg på si eiga avdeling, og fekk ikkje møte kvarandre (og dermed snakke ut om den visstnok dramatiske situasjonen). Smittevernoverlegen og helse- og omsorgsleiaren hadde digitalt møte med dei to sjefane inne på kontoret. Der vart det bestemt at alle bebuarane òg skulle hurtigtestast. Eg har mistanke om at enkelte av dei vart testa med tvang.

Igjen testa alle negativt, både personale og bebuarar. Konklusjonen til leiinga vart difor at alle skulle testast på nytt – denne gongen med PCR-testar. Ifølgje nestleiar gjorde dei dette fordi hurtigtestane ikkje var so pålitelege (i motsetnad til PCR-testane, meinte ho?). To sjukepleiarar i fullt smittevernutstyr kom på sjukeheimen etter ordre frå høgste hald. Fyrst gjekk dei inn på romma og testa bebuarane. Deretter vart personalgruppa kalla inn i den stengde aktivitetsstova og testa éin etter éin.

Alle i personalgruppa fekk pålegg om å bruke munnbind heile tida medan dei var på jobb.

I tillegg til PCR-testen, fekk alle dei tilsette pålegg om å hurtigteste seg i forkant av kvar vakt, i alle fall fram til resultata frå PCR-testane var klare.

Resultatet frå min eigen PCR-test var klart tysdags morgon. Det var naturlegvis negativt. Det var òg alle hurtigtestane eg vart pålagt å ta.

Møtet med den medisinske leiinga i kommunen varte nesten heile vakta. Der herska panikk og mildt kaos på sjukeheimen, noko som diverre hadde ein negativ effekt på tenestetilbodet til bebuarane. Alle aktivitetane vart avlyst, dei måtte bli verande på romma sine, og det gjekk til og med ikkje an å ta rullestolbrukarane ut på trilletur på avdelinga. Det var òg kritikkverdig at leiinga formidla desse hasteinnførde retningslinjene på Messenger, og ikkje via utskrift som vart hengt opp på iaugefallande stader på sjukeheimen. Til mi store overrasking tok leiar sjølvkritikk for dette då eg opplyste ho om dette.

Eg sjølv var til dømes ikkje klar over at det hadde kome nye retningslinjer fordi eg som tidlegare nemnt ikkje har Facebook eller Messenger. Ei av sjukepleiarane gjekk i fistel då eg tok meg ein tur inn på naboavdelinga med ein dement bebuar som likar å fare på tur rundt om på sjukeheimen. På innpust og utpust informerte ho aggressivt om dei nye retningslinjene, trass at eg gjentekne gonger sa at eg ikkje hadde Messenger. Den rasande konklusjonen var at ingen skulle gå mellom avdelingane, men halde seg til si eiga avdeling. Det såg ut til å liggje langt utanfor det vesle ho hadde av forstand at nokon i 2022 ikkje hadde Facebook eller Messenger.

Seinare følgde eg denne regelen til punkt og prikke då ein kollega på naboavdelinga ringde etter assistanse. Ho ringde vel og lenge, men ingen kom. Til slutt kom ho rasande over i mi avdeling og lurte på kvifor eg ikkje kom og hjelpte ho. Eg sa at eg hadde fått klar tilbakemelding frå sjukepleiar NN at vi ikkje fekk gå mellom avdelingane no. Eg spurde ho deretter kor kollegaen hennar var. Ho sa at ho var ferdig på jobb. Då var klokka knapt to (so å seie alle sluttar tre). Leiar dukka tilfeldigvis opp då og lurte på om nokon trong hjelp ettersom assistanse-alarmen hadde ringt i femten minutt. Misforståinga var oppklart. Kollegaer kunne naturlegvis kome over i naboavdelingane og hjelpe. Sjukepleiar NN hadde mistolka retningslinjene – og ho hadde tilgang til dei skriftleg medan eg sjølv ikkje hadde det.

Då eg kom til rommet der kollegaen trong hjelp, viste det seg at ho trong hjelp i ein situasjon ho strengt teke kunne ha klart åleine. Ho var godt opp i åra og hadde sviktande helse. Det er eit kjent problem innan helse og omsorg at slike halvgamle kjerringar går i ein slik fysisk jobb lenger enn dei burde ha gjort, noko som gjer dei til ein risikofaktor i miljøarbeidet. Det er òg forstyrrande for drifta at dei stadig plagar kollegaer med hjelp til arbeid som friske, førlege folk klarer utan problem.

Alt i alt var måndag 3.januar ei kjip vakt. Leiinga var fullstendig fråverande, alt var nedstengt, bebuarane var innesperra på sine eigne rom og alle vart tvangstesta to gonger. Etter mitt syn var dette ei panikkhandling på grunnlag av éin positiv hurtigtest frå ein kollega som jobba der laurdag ettermiddag. Vanleg praksis i slike «smittetilfelle» er at ein aldri avslører kven som testa seg, visstnok på grunn av teieplikta (eg sjølv trur det er for å skape uvisse og frykt i personalgruppa rundt kven som er «smitta»). Eg gjorde naturlegvis min eigen research og fann ut med éin gong kven som hadde testa seg. Ho var trippelvaksinert, og mine observasjonar tilsa at ho ikkje hadde vist nokon symptom. Det var høgst sannsynleg ein falsk positiv; personar som har eksperimentert med hurtigtestar har til dømes funne ut at dei testar «positivt» på vanleg vatn frå springen.

Ingen gadd å finne ut kva resultat ho fekk då ho testa seg med ein PCR-test, eller om ho i det heile teke hadde symptom – men slikt er ikkje so nøye i våre dagar. Interessant nok skreiv leiinga i ein e-post måndag ettermiddag at den «smitta» hadde «hatt kontakt med sjukeheimen», ikkje eit ord om at ho faktisk jobba der. Med dette ordvalet prøvde dei dermed å skape uvisse rundt om det var ein tilsett, ein pårørande eller for den saks skuld postmannen som hadde testa positivt.

Kort oppsummert mista den nye leiinga fullstendig hovudet på grunn av ein bagatell, og eg meiner at ei slik panikkhandling kan og vil føre til redusert tillit til leiinga sin kompetanse og profesjonalitet. Eg ser føre meg fleire slike episodar utover denne mørke vinteren.

Eg fekk derimot interessant informasjon direkte frå PCR-testpatruljen. Denne informasjonen slår etter mi vurdering hòl på konspirasjonsteorien om at laboratoria køyrer testprøvane frå uvaksinerte på høgare syklusar enn prøvane frå vaksinerte, slik at uvaksinerte då har større sjanse for å teste «positivt» enn vaksinerte; dermed kan den offisielle forteljinga hevde at vaksinane beskyttar mot korona, ettersom fleirtalet av positive testar kjem frå uvaksinerte. Dette stemmer sannsynlegvis ikkje. Dei som utfører testane aner ikkje kor mange syklusar testane blir køyrde på. Laboratorietilsette som køyrer testane aner heller ikkje vaksinasjonsstatusen til dei som er testa. I ei tid med massetesting og masseanalysering har dei rett og slett ikkje tid og ressursar til å sjekke vaksinasjonsstatusen til kvar einaste prøve. Med andre ord vil dei ikkje kunne køyre høge syklusar på uvaksinerte og låge på vaksinerte. Og eg som uvaksinert testa jo negativt.

Nøyaktig og sannferdig informasjon er særs viktig i ein slik unntakstilstand, spesielt frå leiinga. Å halde folk i uvisse og panikk på denne måten er sikraste måten å bryte ned menneskesinnet, og det veit dei som styrer. Ei tilstadeverande leiing som kommuniserer med dei tilsette er alfa og omega for eit godt psykososialt arbeidsmiljø. Dialog motverkar at det dannar seg fryktkultur og konspiratoriske klikkar i ei personalgruppe.

På min førre arbeidsstad valde den nye leiinga å stengje for all dialog, og informasjon kom i beste fall sporadisk og vart formidla på ein måte som gjorde det vanskeleg å tileigne seg den. Mangelen på informasjon og ikkje minst mangelen på ein sluttdato for unntakstilstanden gjorde at situasjonen til slutt vart uuthaldeleg. Det verka som leiinga på den arbeidsstaden testa ut kor lenge dei kunne halde fram denne mentale torturen før nokon i personalgruppa fekk nok.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s