Dødstal frå forsikringsselskap og oppsiktsvekkjande Malone-intervju: Kva er den eigentlege intensjonen bak massevaksineringa?

Under ein virtuell nyheitskonferanse 30.desember 2021 sa Scott Davison, leiaren for det Indianapolis-baserte forsikringsselskapet OneAmerica, at dødsraten har gått opp med urovekkjande 40% frå nivåa før «pandemien». Dette gjeld menneske i arbeidsfør alder, altso i aldersgruppa 18 til 64 år. Dei avdøde er tilsette i selskap som har gruppelivsforsikringar gjennom OneAmerica. Dei fleste påstandane om dødsfall er ikkje klassifisert som Covid-19-dødsfall, ifølgje Davison. Under den same konferansen sa Brian Tabor, presidenten for Indiana Hospital Association, at sjukehus over heile staten blir «oversvømmet» med pasientar med mange ulike tilstandar, og at gjennomsnittshelsa i delstaten har gått ned i løpet av koronatida. Han bekreftar at dødsraten som Davison formidla samsvarer med den som sjukehusa ser med eigne auge.

Er vi vitne til ei byrjande bølgje av vaksinerelaterte dødsfall? Byrjar etter kvart so mange å døy av mRNA-injeksjonane at det ikkje lenger kan skjulast frå folket?

At dei eksperimentelle sprøytene både drep og skadar menneske, har vore kjent lenge hjå dei av oss som les uavhengige media. Scott Davison sa på den same konferansen at det òg har vore stor auke av søknader om uføreerstatning. Fyrst var det snakk om korttidsuføre, og no er det langtid. Kan dette tolkast som at korttidssjukdom viste seg å vere langtidssjukdom? Eller, frå eit arbeidsgjevarperspektiv: at korttidsfråvær gjekk over i langtidsfråvær fordi dei råka aldri vart friske igjen? Sjølv ei nøktern tolking av denne statistikken gjev grunn til uro.

Riktig nok kjem desse døds- og uføretala berre frå medlemmar av OneAmerica, og er ikkje representative for resten av befolkninga, verken i delstaten Indiana eller resten av USA. Men dersom visse røyster i den offisielle forteljinga vil ha det til at dette er unikt for OneAmerica, og ikkje er eit bilete på situasjonen for ikkje-medlemmer, vil jo dette tyde at ein ved å vere medlem i OneAmerica vil ha 40% større sjanse for å døy eller bli ufør. Stemmer dette? So klart ikkje. Dette kan ikkje bortforklarast. Dette er dødsens (!) alvor.

Ingen av dei som talte på nyheitskonferansen 30.desember 2021 kom med definitive årsaker til dei urovekkjande dødstala. Vi kan berre spekulere. Det kan vere vaksineskadar i form av hjartebetennelse, blodproppar, antistoff-avhengig forsterking eller rett og slett sjølvmord. Dei som styrer veit godt at når ein innfører drakoniske tiltak som øydelegg folk sine liv profesjonelt og privat, so vil dette få negative konsekvensar for psyken. Folk flest vil reagere med depresjon, fortviling og svartsinn om dei blir innesperra i månad etter månad etter månad medan media og styresmakter beint fram torturerer dei med skremselspropaganda og meiningslause tiltak. Kor mange bareigarar rundt om i Noreg vurderer i skrivande stund sjølvmord på grunn av uunngåeleg konkurs og rasering av sitt eige livsverk?

Mange livsforsikringar dekkjer riktig nok ikkje sjølvmord. At dei etterlatne til personar som tek livet sitt likevel får utbetalt erstatning, tydar difor at ein ikkje har kunne bevist at sjølvmord har funne stad. Ei bilulykke kan vere sjølvmord, men det vil ikkje kunne bevisast. Politiet vil nok tenkje sitt dersom dei plutseleg ser eit bilvrak liggje i ei grøft på ein stad der vegen elles går rett fram – og der det viser seg at den drepne sjåføren eigde ein utestad som vart slegen konkurs på grunn av den nasjonale skjenkjestoppen som vart sadistisk innført i midten av desember 2021. Tal frå Statens Vegvesen viser at rekordmange nordmenn tok førarprøva i 2021. Skuldast dette planar om å ta sitt eige liv, eller skuldast det at folk rett og slett vil vekk frå byane og dermed må ha privattransport? Vi kan ikkje bombastisk hevde eit årsaksforhold.

Seint i 2021 vart dr. Robert Malone intervjua av podcast-legenda Joe Rogan. Intervjuet har vakt stor oppsikt, og YouTube sletta det. Malone arbeidde med dr. Anthony Fauci ved amerikanske CDC, og er rekna som oppfinnaren av mRNA-teknologien som er brukt i korona-«vaksinane». Han er òg dobbeltvaksinert. I seinare tid har han ytra seg særs kritisk om denne vaksinepolitikken, og er dermed ein persona non grata blant sine tidlegare kollegaer og dei mektige farmasøytiske selskapa.

I intervjuet med Rogan kjem Malone med ei rekkje oppsiktsvekkjande ytringar. «Vaksinane» beskyttar so elendig mot koronaviruset at dei fører til negativ effektivitet, altso at vaksinerte blir meir sårbare for smitte og Covid-19-sjukdom. Dess fleire dosar, dess meir mottakelege blir dei for infeksjon. Han påpeiker den urovekkjande trenden med myokarditt blant gutar og unge menn etter vaksinasjon, i tillegg til auka risiko for sterilitet, og piggproteinet sin tendens til å forårsake blodproppar. Alternative behandlingsmetodar som faktisk fungerer, slik som ivermectin og hydroksyklorokin, blir regelrett forbodne – den einaste løysinga er å vaksinere alle so fort som mogleg utan tanke på alle biverknadene og dødsfalla som dukkar opp i kjølvatnet. Ikkje berre er vaksinestrategien uvørden, den er òg ulovleg i form av å vere i direkte strid med Nürnberg-kodeksen.

Og ikkje minst er dei ikkje-farmakologiske inngrepa (som isolasjon, nedstenging, munnbind) ei regelrett dehumanisering, de-sosialisering og mishandling av menneske, spesielt barn. Kva må ungar som veks opp i denne tida tenkje når dei blir tvinga til å stikke ein pinne i munn og nase fleire gonger for dag, og må gå med munnbind som skjuler ansiktsuttrykk?

Mike Adams, grunnleggjar og eigar av nettstadene Natural News og Brighteon, pakkar ikkje inn stoda i sine daglege podcasts, sine Situation Updates. Han meiner so mykje som 3,5 milliardar menneske kan døy det neste tiåret som ein direkte årsak av mRNA-injeksjonane. Målet? Å ta livet av so mange som mogleg.

Robert Malone deler Mike Adams si apokalyptiske tolking av det Scott Davison i OneAmerica formidlar. I eit innlegg på si Substack-side kallar Malone 40%-stigninga i dødsfall for «ei atombombe av ei sanning» i ein elles tørr statistikk frå eit forsikringsselskap. Malone meiner at dersom Davison sine tal stemmer, vil ikkje lenger advokat Reiner Füllmich og hans koronaetterforskingskomité sitt arbeid for å få dei ansvarlege dømt for brotsverk mot menneskeheita vere uverkeleg – det vil vere profetisk. Dette er folkemord i ein skala som overgår Fyrste og Andre verdskrig. Då Füllmich og hans advokatkollega Viviane Fischer byrja sitt viktige arbeid tilbake i juli 2020, kunne knapt eit levande menneske førestille seg kva slags mørk agenda som eigentleg var årsaka til at land etter land stengde ned under påskot av å «beskytte dei sårbare» mot eit ganske so ufarleg virus.

Som Malone sjølv skriv:

«I verste fall antydar denne rapporten at vaksinepåbodet på føderale arbeidsplassar har drive noko som ser ut til å vere eit sant brotsverk mot menneskeheita. Massivt tap av liv blant (det som truleg er) arbeidarar som har blitt tvinga til å akseptere ein giftig vaksine i høgare omfang relativt til den generelle befolkninga i Indiana. Vidare har vi òg levd gjennom den mest massive, globalt koordinerte propaganda- og sensurkampanjen i menneskerasens historie. Alle større massemedia og teknologiselskap innan sosiale media har gått saman om å stogge og undertrykkje kvar ein diskusjon rundt risikoen til dei genetiske vaksinane og/eller alternativ tidleg behandling. Dersom denne rapporten stemmer, må ein stille folk til ansvar.»

Det er ikkje berre snakk om brot på USA si grunnlov. Ein snakkar her om massedød som enkelt kunne ha blitt unngått, og som er ein direkte konsekvens av ein påtvinga, eksperimentell medisinsk prosedyre – og der «alle moglegheiter for offera å sjølvinformere seg om dei potensielle risikoane, har blitt metodisk sletta frå både Internett og det kollektive sinnet av ein internasjonal korrupt kabal som opererer under det falske flagget til ‘Trusted News Initiative’ [BBC sin faktasjekkarorganisasjon; oms.an.]. George Orwell må snu seg i grava.»

Éin ting er når Mike Adams som populær-vitskapsmann i sine daglege podcastar spår episk massedød; det han seier bør takast med ei klype salt. Ein annan ting er når sjølve oppfinnaren av mRNA-teknologien seier nesten ordrett det same. Då er det grunn til å stoppe opp og tenkje kva i helvete dei som styrer eigentleg ønskjer å oppnå.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s