Den imbesile kongen som trakka på bremsa

Av Simon Black, Sovereign Man. Omsett av saksyndig.

Karl II var berre tre år gammal då han vart øvste herskar av det spanske imperiet i 1665. Men alle som kasta eit blikk på barnet visste at dei alle var fortapte.

Karl kom frå ei lang rekkje av prominente europeiske adelsfolk kjent som Habsburg – ein familie som var so eksklusiv at dei ofte gifta seg med kvarandre for å halde blodet sitt «reint».

Genetiske defektar fanst i hopetal som eit resultat av dette.

Karl II arva nokre av dei verste genetiske defektane; faren og mora hans var onkel og niese. Og besteforeldra hans var søskenbarn.

So det kjem ikkje som noka overrasking at Karl II var deformert, skrøpeleg, svak, alltid sjuk og delvis lamma. Han vart av sine samtidingar referert til som den «imbesile kongen» for sin dumskap og trege oppfatningsevne.

Spania hadde blitt den dominerande europeiske supermakta berre eit hundreår før Karl II. Det hadde eit stort tal koloniar over heile verda, ein fryktinngytande hær og marine, og ufatteleg rikdom.

Men historia beviser at rikdommen og makta til eit imperium aldri varer evig.

Og sjølv lenge før Karl II entra trona, var spanske herskarar allereie i ferd med å køyre alt i grøfta.

Éin klar lærdom frå historia er at imperium har tendens å vere svært kostbare… spesielt når du er den dominerande supermakta, og alle dine rivalar konstant går til krig mot deg.

Spania var ikkje noko unntak. Imperiet deira var ekstremt dyrt å administrere, og dei var ofte opptekne med kostbare krigar.

Keisarane vart tvinga til å låne mykje pengar for å betale for desse krigane. Og Spania si gjeld vart so djup at regjeringa vart insolvent minst sju gonger mellom midten av 1500-talet og midten av 1600-talet.

Desperate etter å få endane til å møtast, sette regjeringa òg skattane i vêret, inkludert å innføre 14% skatt på sal.

Regjeringa byrja føreseieleg òg å raskt auke pengemengda og minke verdien på si eiga mynteining… noko som resulterte i ein av dei verste langtidsepisodane av inflasjon i heile menneskehistoria opp til det tidspunktet.

Spania sine herskarar byrja òg å blande seg omfattande inn i handel og kommers; dei vedtok reglar som gav spesialmonopol til favoriserte verksemder, noko som essensielt drap konkurranse, og dei innførde ekstremt statleg byråkrati i dei viktigaste industriane slik som shipping og gruveverksemd.

Det tok ikkje lange tida før økonomi- og handelsaktivitet byrja å krympe som resultat av denne politikken.

Mellom 1600 og 1700 munka faktisk det spanske shippingvolumet frå Den nye verda med oppsiktsvekkjande 75%.

Ein del av denne nedgangen var på grunn av tilsynekomsten av sosiale trendar.

Tidleg på 14- og 1500-talet krydde verdshava av spanske utforskarar – Cortes, Pizarro, de Soto, Ponce de Leon osv. Desse mennene vart hylla som folkeheltar i Spania, og internasjonal handel vart rekna som ein høgt respektert industri.

Innan midten av 1600-talet, derimot, hadde handel, kommers og produksjon falle i unåde. Handelsmenn og industrialistar vart sette på med mistenksomheit snarare enn heider.

Økonomiane i byar som Valencia, som ein gong i tida hadde vore berømt for sine fabrikkar og høgkvalitetsprodukt, forfall raskt. Og plutseleg måtte Spania importere det meste av varer og tenester frå sine erkerivalar – Frankrike, England og Nederland.

I mellomtida var Den spanske inkvisisjonen oppteken med å myrde tusenvis av intellektuelle… og døme titusenvis meir til fengsel på livstid.

Brotsverket deira? Å uttrykkje uavhengig tenking som avveik frå den offisielle forteljinga.

Spania sin beskjed til verda var klar: tankefridom hadde ingen plass i imperiet. So alle som var i stand til innovasjon heldt seg langt unna.

Som eit siste punkt, hadde Spania lidd ein serie audmjukande militære nederlag frå seint på 1500-talet gjennom midten av 1600-talet, inkludert Den spanske armadaen sitt skamfulle tap mot engelskmennene i 1588.

Plutseleg innsåg resten av Europa at Spania ikkje var uovervinneleg. Imperiet var bankerott, økonomisk svakt, sosialt forfalle. Og militæret hadde blitt audmjuka.

Hugs – dette var allereie situasjonen før 1665.

Og det var då Karl II overtok trona.

Med andre ord, vart ein svak, mentalt inkompetent tosk sett til å styre eit imperium som allereie var i alvorleg tilbakegang… og som hadde erkerivalar som steig raskt.

Du treng ikkje doktorgrad i europeisk historie for å finne ut korleis filmen slutta: situasjonen vart mykje verre under Karl II.

Og innan nokre få tiår ville Spania gå hen og tape ein stor krig mot rivalane sine som gav dødsstøytet til dominansen.

Dette var då stafettpinnen vart gjeven vidare, og Frankrike vart den dominerande supermakta. Til slutt gjekk Storbritannia forbi Frankrike, og deretter gjekk USA forbi Storbritannia.

Denne syklusen har funne stad i meir enn fem tusen år. Imperium reiser seg og fell. Økonomiar reiser seg og fell. Og ingen nasjonar er på toppen for alltid.

Det er ikkje vanskeleg å skjøne kvifor.

Når økonomien stig, er folk svoltne. Dei arbeider hardt. Dei sparer pengar. Dei er fokusert på framtida.

Statar køyrer magre budsjett og bruker fornuftig. Dei held ved like ei stabil mynteining.

Når ein økonomi derimot når toppen, endrar ein prioritetane. Hardt arbeid og sparing er ikkje lenger verdsette sosiale verdiar. Folk blir meir fokuserte på å konsumere i notida, heller enn å investere i framtida.

Gjeldsnivå går i taket. Statleg pengebruk eksploderer. Reguleringar går til himmels. Prisar skyt i vêret.

Litt etter litt hakkar nasjonen vekk sjølve verdiane og institusjonane som gjorde dei mektige til å byrje med.

Dersom skattemessig ansvar har gjort nasjonen rik, byrjar dei å trykkje opp rekordhøge summar med pengar, set i verk inflasjon og byggjer seg opp svære fjell av gjeld.

Dersom kapitalisme har gjort økonomien velhalden, hyllar dei sosialisme.

Dersom personleg fridom og sjølvstende har skapt eit sterkt samfunn, omfamnar dei totalitarisme, intoleranse og sensur.

For ikkje å nemne ser det alltid ut til å vere ein rival, ei stigande makt som lurer, klar til å dra nytte av situasjonen… og enkelte svake leiarar som Karl II som trakkar på bremsa på vegen mot stupet.

Denne historia er like gammal som menneskeleg sivilisasjon. Og medan dei eksakte omstenda i dag er ulike, liknar temaa veldig på kvarandre.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s