Skitkasting – ei fiktiv historie om vernepleiarane sin mislykka bruk av teoretiske verktøy

I denne fiktive historia introduserer eg her den dyktige helsefagarbeidaren Janne, ei driftig 30-årig dame med bein i nasen og sjølvstendige meiningar. Ho vil berre det beste for brukarane, samt å utøve helsearbeidarfaget med den stoltheit og integritet som er forventa. Det er diverre ikkje lett når ein jobbar i den vernepleiar-styrte Etat for tenester til utviklingshemma!

Hendingane som er skildra her er fri fantasi, og ikkje basert på verkelege hendingar.

Ein av stadene der Janne jobba som ringjevikar, var eit bufellesskap med fem brukarar, pluss ein 54 år gammal brukar som var høgtfungerande nok til å bu åleine, men som hadde jamleg tilsyn frå personalet i bufellesskapet. Han budde i enden av nabogata, eit par hundre meter lenger oppe i vegen. Denne brukaren hadde den trasige uvanen å hive ekskrement ut takvindauget på badet kvar gong han hadde hatt avføring. Diverre for naboane skeit han fleire gonger for dag. Berre det faktum at han hadde diagnosen psykisk utviklingshemming hindra naboane i å fordrive han frå byggjefeltet med faklar og høygaflar!

Dette stod i skarp kontrast til den pertentlege og danna åtferda som elles karakteriserte han. Samtalar med vernepleiar førde ikkje til at denne «utfordrande åtferda» stoppa, og berre det faktum at sjølvaste vernepleiarane ikkje kom nokon veg med han, sende bølgjer av sjokk og vantru gjennom heile sona (eller «resultateininga», som vernepleiarane insisterte på at den no skulle bli kalla!). Dei ærverdige høgskuleutdanna erklærte brukaren for hinsides alt håp, for so å ikkje setje sine bein der meir; for slik var rådande praksis blant desse feige rottene. Frå den dag av var det fagbrevutdanna og simple ufaglærte som vart kommanderte opp til denne skitkastande skruen. Var dei skikkeleg uheldige, kunne dei kome like etter ei avføring, og då kunne dei risikere å bli treft av ei stinkande rue av mannskit. Eller, endå verre, ein dusj av stinkande diaré dersom han hadde ete taco kvelden før.

Janne var ei av dei, men den kloke, lure revinna ante ugler i mosen frå dag éin, for på den tida hadde ho opparbeidd seg betydeleg erfaring med målgruppa. Ho ringde ein ettermiddag på til han for å utføre det som vernepleiarane kalla «sosialisering», for det var alt han hadde vedtak på. Då sat ein inne hjå brukaren og prata om vêr og vind og gjorde eigentleg ingenting fornuftig. Det gjorde ein hjå han ein time måndag, onsdag og fredag ettermiddag i sekstida, for då var han komen heim frå arbeid og hadde ete middag og kvilt seg.

Under samtalen framstod brukaren som klar og orientert, og kunne sakleg formidle ting på ein måte som avslørte at han iallfall ikkje hadde nokon psykiatrisk tilstand. Han var høgtfungerande, kunne lese og skrive nokolunde greitt og hadde hatt fast fulltidsjobb på ein fabrikk heilt sidan han kom ut av den lokale institusjonen på slutten av 1980-talet. Janne kunne ikkje fatte og begripe kvifor ein so oppegåande kar såg ut til å vere ute av stand til å skjøne galskapen i å hive sin eigen skit ut vindauget. Mannen hadde alle føresetnader for å vete betre.

Janne sat og vrei seg i sofaen. Ho var skrekkeleg pissetrengt, for ho hadde ikkje hatt tid til å gå på do sidan ho kom på jobb meir enn tre timar tidlegare. Etter ei stund spurde ho audmjukt om å få låne toalettet. Då vart brukaren løyen i blikket og rastlaus, og Janne frykta at det vernepleiarane kalla «utagering» skulle byrje. Derimot slo ikkje brukaren over i nemnde utagering (til det var han for veloppdragen), men informerte trist at toalettet var tett. Det hadde det vore i seks år. Akkurat då det byrja å kome i rapportprogrammet at skit vart kasta ut av vindauget og landa på leikande ungar, parkerte bilar, hustak og opp i gassgrillane til folk.

Eit dusin vernepleiarar hadde ved hjelp av sine teoretiske verktøy freista å få han til å slutte med denne ufyselege uvanen. Tre fagkonsulentar hadde kalla han inn til samtale og prøvd det same. Sjølv soneleiar hadde teke seg ein tur opp til han ved eitt høve – berre for å bli sparka på ræv ut dørene. Janne sukka oppgjeven når ho såg på den tette dassen. Mannen trong ikkje vernepleie – han trong ein røyrleggjar!

Velutstyrt med sunt bondevit som ho var, skjønte ho no den interne logikken til brukaren. Doen kunne jo ikkje skylje ned, so då måtte han bli kvitt skiten på ein annan måte. Han forklarte – skjemd som ei bikkje – at han etter kvar avføring opna takvindauget, utstyrte seg med oppvaskhanskar, fiska opp kablane og heiv dei ut vindauget, for dei stinka for mykje til å hive i bosset inne på kjøkkenet. Sidan han ikkje såg kor avføringa faktisk hamna når han heiv dei ut takvindauget, so kunne det jo umogleg vere tilsikta dersom nokon vart trefte frå tid til anna. Når han tissa, var det enklare, for då berre tissa han i baderomsvasken, men han understreka at han alltid brukte klorspray og reingjorde etterpå.

Janne fekk ein sår klump i halsen. Det var ei tragisk historie. Den stakkars, fortvilte mannen hadde i byrjinga stadig prøvd å forklare at doen ikkje fungerte, men det var som om vernepleiarane ikkje såg ut til å forstå kva han ville fram til. Det var som om dei ikkje høyrde etter når han i fortviling la ut om den tette dassen. Til slutt hadde han berre gjeve opp, sjølv når det byrja å kome folk der som faktisk høyrde etter når han snakka.

Janne, harmdirrande av sinne over desse høgskuleutdanna idiotane, utstyrte seg med eingongshanskar og ein sugekopp, og tre skitne minutt seinare kunne toalettet brukast igjen. For fyrste gong på seks år kunne naboane grille og tørke kle utandørs utan å frykte bæsjebombardement frå den rare fyren i enden av gata. Etterpå gjekk brukar på do og skeit vel og lenge. Deretter stod han med tårer i auga og såg på at den stinkande mannskiten forsvann ned i kloakken der den høyrde heime. Omsider kunne han gjere i frå seg på ein måte som var eit menneske verdig. Problemet var løyst, og Janne hadde i sitt fyrste møte med brukaren greidd det som alle vurderte som umogleg. Han gav vennleg beskjed til Janne at ho og hennar kollegaer var hjarteleg velkomne attende – men det han kalla «vernefolk» ville han ikkje sjå føre sitt åsyn meir!

Med ei sprengfull blære trippa Janne ned igjen til bufellesskapet og vidareformidla med største fornøyelse brukars ønske til sine høgskuleutdanna medarbeidarar. Deretter sprang ho på do i ein fart.

Måndagen etter ringde avdelingsleiaren og informerte ho at ho hadde blitt fjerna frå ringjelista. Ho fekk ikkje meir vakter på den staden.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s