Hemali lagar film om vaksineskadar

Julia Schreiner Benito, redaktør i Hemali (Helse, Mat & Livsstil), har den siste tida møtt menneske som fekk liva sine snudd på hovudet etter at dei følgde styresmaktene sitt råd om å ta korona-«vaksinane». Dei gjekk frå å vere friske, førlege og aktive menneske til å tilbringe dagane med å «stire blankt inn i veggen». Nokre av dei mista mellombels gå-evna, og måtte trene den opp igjen med omfattande terapi. Kor mykje har dette kosta både dei sjølve, dei rundt seg og samfunnet i form av tapt livskvalitet og tapte arbeidsdagar?

No har Hemali tenkt å lage film om menneska som fekk liva sine øydelagt, kanskje for alltid, fordi dei gjorde som styresmaktene bad dei om. Om du har ei erfaring du vil dele med Hemali, skriv til julia@hemali.no.

Legemiddelverket har ferskaste statistikk om dei «trygge og effektive» sprøytene. Tal meldingar om mistenkte biverknader er pr. 4.januar 2022 48 682. Blant meldingane finn ein betennelse i hjartet (myokarditt og perikarditt), menstruasjonsforstyrringar og blodpropp.

Her er link til traileren til denne viktige dokumentaren. Vi ser alle fram til kva slags svada «faktasjekkarane» vil kome med.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s