Stigmatisering av uvaksinerte og dei som ikkje har teke oppfriskningsdose: «Du er kriminell fordi du er uvaksinert»

Av dr. Joseph Mercola. Henta frå Global Research. Omsett av saksyndig.

I ein skremmande konfrontasjon umenneskeleggjorde ein politimann ein uvaksinert. Dette er nok eit teikn på at massedanningspsykose er på gang.

Massedanningspsykose [engelsk mass formation psychosis] er forklaringa på korleis tyskarane aksepterte alt det grusome som nazistpartiet gjorde i 1930-åra, og det er forklaringa på kvifor so mange rundt om i verda støttar medisinsk apartheid og umenneskeleggjeringa dei uvaksinerte no.

Stigmatiseringa av uvaksinerte blir desto meir irrasjonelt når du tek til etterretning at Covid-sprøyta verken hindrar infeksjon eller stoppar spreiinga av viruset. «Fullvaksinerte» individ er like smitteberande og «farlege» som dei uvaksinerte.

Medan høgtståande maktpersonar held fram med å bruke termen «dei uvaksinertes pandemi», og med det antydar at dei Covid-vaksinerte speler inga rolle i epidemiologien til Covid-19, finst der rikeleg med bevis på at «fullvaksinerte» har ei relevant rolle i overføring og utbrot.

Til dømes vart det i Massachusetts identifisert 469 nye Covid-19-tilfelle i juli 2021. Av dei var 346 (74%) anten full- eller delvaksinert, og 274 (79%) var symptomatiske. Dette beviser at Covid-sprøyter ikkje kan ende pandemien, og at dei faktisk kan hindre den i å døy ut naturleg.

Du veit at du har entra tussmørkesona av galskap når ein politimann fortel deg at du er kriminell berre fordi du er uvaksinert. Det er nøyaktig kva som skjedde her forleden i Tyskland. Politimannen insisterte at den uvaksinerte var ein «mordar» fordi han «kunne smitte nokon», og at han «ikkje var eit menneske».

Denne bisarre konfrontasjonen vart posta på Twitter 12.desember 2021. Som svar sa den uvaksinerte mannen til politimannen at han var den som hadde «tapt alt menneskeleg». Visseleg. Kven skulle tru at vi nokosinne ville oppleve dagen var individ blir stempla som «mordarar» og «ikkje-menneske» basert på vaksinasjonsstatusen åleine?

Det er meir enn irrasjonelt. Men igjen, galskap høyrer ikkje på fornuft, og ifølgje professor Mattias Desmet, ein belgisk psykolog, har verda verkeleg blitt hypnotisert til ein tilstand av massepsykose.

«Massedanningspsykose» er forklaringa på korleis tyskarane aksepterte alt det fæle som nazistpartiet gjorde i 1930-åra, og det er forklaringa på kvifor so mange rundt om i verda støttar medisinsk apartheid og umenneskeleggjeringa av dei uvaksinerte no.

Du kan ikkje samtykkje deg ut av tyranni

Stigmatiseringa og umenneskeleggjeringa av uvaksinerte blir desto meir irrasjonelt når du tek til ettertanke at Covid-sprøyta verken hindrar smitte eller spreiinga av viruset. Dei som har fått éi, to eller til og med tre dosar får framleis infeksjon, og i større og større omfang, og spreier det både til vaksinerte og uvaksinerte.

Utbrot blant «fullvaksinerte» befolkningar, isolert på cruiseskip til dømes, har funne stad ved fleire høve, noko som beviser at sprøytene mislykkast i å hindre utbrot. Covid-vaksinerte er tydelegvis like «farlege» og har større sjanse for å «drepe» sine medmenneske som dei som er uvaksinerte.

Når begge vala – valet om å ta sprøyta eller late vere – resulterer i at du utgjer nøyaktig same risiko overfor andre, korleis kan nokon seie at den eine er farlegare enn den andre? Alle som framleis er i stand til klar, jordnær tenking vil sjå at dette ikkje gjev meining.

Uheldigvis opplever dei fleste land masse-vrangførestillingspsykose. Dei har blitt manipulert til å tru på høgt irrasjonelle absurditetar. Den same psykologiske operasjonen var i verk i 1930-åra, då jødar, gamle og skrøpelege og dei mentalt og fysisk handikappa vart umenneskeleggjorde og skulda for å vere berarar av sjukdom og andre sosiale vondar.

I denne korte videoen skildrar Auschwitz-overlevar Marian Turski, no 94 år gammal, skildrar den gradvise umenneskeleggjeringa og utstøytinga som fann stad i Nazi-Tyskland, som til slutt enda i Holocaust. No står vi føre det same vegkrysset igjen. Mange, som den tyske politimannen, vel den godt nedtrakka vegen av gjenteken historie.

Å stigmatisere uvaksinerte kan ikkje rettferdiggjerast

20.november 2021 publiserte The Lancet eit brev av Gunter Kampf med tittelen «COVID-19: Stigmatizing the Unvaccinated Is Not Justified”. “I USA og Tyskland har høgtståande maktpersonar brukt termen dei uvaksinertes pandemi, noko som antydar at folk som har blitt vaksinert ikkje er relevant i Covid-19 sin epidemiologi,» skriv Kampf.

Han legg derimot til, «Der er aukande evidens for at vaksinerte individ held fram å spele ei relevant rolle i overføringa.» Han siterer deretter statistikk frå Massachusetts, der 469 nye Covid-19-tilfelle vart identifisert i juli 2021. Av dei var 346 (74%) anten full- eller delvaksinert, og 274 (79%) var symptomatiske.

Folk som er vaksinerte har lågare risiko for alvorleg sjukdom, men er framleis ein relevant del av pandemien. Det er difor gale og farleg å snakke om ein uvaksinertes pandemi. (Gunter Kampf).

Syklusgrenseverdiane brukt under PCR-testing var òg liknande låge uavhengig av Covid-sprøytestatus (i snitt 22,8 syklusar, som minimerer risikoen for falske positive resultat), «noko som indikerer ei høg virusmengd sjølv blant folk som var fullvaksinerte», merkjer Kampf seg. Desse dataa er klar evidens for at Covid-sprøytene ikkje kan ende pandemien, og kan faktisk hindre den i å døy ut naturleg. Kampf held fram:

«I USA vart det totalt rapportert 10 262 Covid-19-tilfelle fram til 30.april 2021, der 2725 (26,6%) var asymptomatiske, 995 (9,7%) var sjukehusinnlagt og 160 (1,6%) døydde. I Tyskland var 55,4% av symptomatiske Covid-19-tilfelle for pasientar 60 år eller eldre blant fullvaksinerte individ, og dette aukar proporsjonalt kvar veke.

I Münster, Tyskland, fann nye tilfelle av Covid-19 stad i minst 85 (22%) av 380 menneske som var fullvaksinerte, eller som hadde blitt friske av Covid-19 og som gjekk på ein nattklubb.

Folk som er vaksinerte har mindre risiko for alvorleg sjukdom, men er framleis ein relevant del av pandemien. Det er difor gale og farleg å snakke om ein uvaksinertes pandemi.

Historisk har både USA og Tyskland generert negative erfaringar ved å stigmatisere delar av befolkninga på bakgrunn av hudfarge eller religion.

Eg oppfordrar høgtståande maktpersonar og vitskapsfolk til å stoppe den upassande stigmatiseringa av uvaksinerte menneske, som inkluderer våre pasientar, kollegaer og andre medborgarar, og å leggje inn ein ekstra innsats for å samle samfunnet.»

Menneske i dag, ikkje menneske i morgon

Det er viktig å innsjå at du ikkje kan samtykkje deg ut av dette tyranniet. Dersom du vel å ta Covid-sprøyta fordi du ikkje ønskjer å bli stigmatisert, kan det ikkje kome ein ende på samtykket ditt til framtidige oppfriskningsdosar, same kor mykje det kostar deg eller familien din.

Ganske raskt – toppen ei handfull månader – vil du plutseleg og vilkårleg bli vurdert som ein uvaksinert trugsel mot samfunnet igjen, sjølv om du allereie har teke éin, to eller tre drapssprøyter.

Ingenting av det vil spele noka rolle. Du vil ikkje få «brownie-poeng» for fortidig samtykke. Seks månader etter di andre eller tredje dose, vil statusen din gå frå grøn til raud, frå menneske til ikkje menneske, bokstavleg tala over natta. Du er «uvaksinert» igjen, fram til eller med mindre du tek nok ei oppfriskningsdose. Denne syklusen vil halde fram til du er død. Godtek du spelereglane? Er dette korleis du vil tilbringe resten av livet?

Covid-sprøyter held i gang «pandemien»

Meir enn 80 studiar har bekrefta at naturleg immunitet til Covid-19 er like bra eller betre enn det du får frå sprøyta. Dette samsvarer med veletablert medisinsk vitskap, so det er inga overrasking. Det er akkurat som det skal vere.

Men for fyrste gong i moderne medisinsk historie, blir naturleg immunitet framstilt som å ikkje ha nokon som helst fordelar. Endå verre blir dei med naturleg immunitet merkte som farlege og blir unngått og til og med sparka frå jobbane sine for å ikkje ta sprøyta.

Berre dei vaksinerte er beskytta og kan beskytte andre, påstår no helseautoritetane – sjølv om det er dei med naturleg immunitet som er mest beskytta og ikkje utgjer ein risiko for andre.

Røyndommen og sanninga, derimot, er at naturleg immunitet varer lenge, beskyttar mot alle variantar og vil ikkje bidra til skapinga av variantar. Det same kan ein ikkje seie om Covid-sprøyta. Vi har no klar evidens for at sprøytene tilbyr maks seks månader beskyttelse, og deretter fell den relative risikoreduksjonen til null.

Berre eitt av mange døme: ein svensk studie publisert 25.oktober 2021 fann ut at medan sprøytene fyrst lågna risikoen for sjukehusinnlegging, fall effektiviteten deira raskt.

  • Pfizer-sprøyta gjekk frå 92% effektivitet frå dag 15 til 30, til 47% frå dag 121 til og med dag 180, og null frå dag 201 og vidare.
  • Moderna-sprøyta hadde ei liknande bane, estimert på 59% frå dag 181 og vidare.
  • AstraZeneca-injeksjonen hadde lågare effektivitet i byrjinga, fall fortare enn mRNA-sprøytene og hadde ingen målbar effektivitet ved dag 121.

Dette og andre studiar som viste forsvinnande effektivitet vart diskutert i eit intervju i New England Journal of Medicine 9.desember 2021. Som merkt i intervjuet, kan Delta-varianten, som er betydeleg ulik frå den fyrste SARS-CoV-2-stammen, infisere fullvaksinerte individ, og evna til å gjere det aukar over tid, sidan effektiviteten til sprøyta raskt minkar.

Bortsett frå minkande effektivitet, er det òg eit faktum at viruset muterer innåt i «vaksinerte» befolkningar, noko som tvingar det til å utvikle evna til å omgå Covid-sprøyta. Kort fortalt er kortstokken stokka mot dei som stoler på Covid-sprøyta som sin beskyttar. På lang sikt er det ein håplaus situasjon, ettersom vi ikkje kan inokulere oss ut av ein epidemi med eit produkt som ikkje hindrar infeksjon og spreiing!

Diverre, heller enn å fremje vitskap, går NEJM i takt med den offisielle hovudstraumsforteljinga og føreslår at oppfriskningsdoser er svaret. Dei burde vete betre, noko som reiser mistanke om at interessekonfliktar mest sannsynleg påverkar deira kliniske vurderingsevne.

Lindsey Baden, ein av dei intervjua, har motteke bevilgningar frå National Institutes of Health, Gates Foundation og Wellcome Trust – tre institusjonar som meir eller mindre openlyst støttar medisinsk tyranni og totalitært styre av ein biotryggleiksbasert politistat.

Alvoret i situasjonen vår

I denne videoen intervjuar dr. Chris Martenson Desmet om alvoret i situasjonen vår, ettersom den har sine røter i ein særdeles sjølvdestruktiv psykiatrisk tilstand – og ein som tillèt totalitarisme å blomstre.

Ifølgje Desmet verkar massedanningspsykosen no å vere so utbreitt at global totalitarisme kan vere uunngåeleg. Han trur det vil ta over, som vi allereie ser i ei rekkje land.

Den tyske politimannen som umenneskeleggjorde den uvaksinerte er eit strålande døme på den hjernevaskande propagandaen som støttar og styrkar den totalitære staten, og lèt utenkjelege grusomheiter bli begått på høglys dag. Spørsmålet er, kva kan vi gjere for å begrense skaden?

Fyrst og fremst må vi halde fram med å tilby sannferdig og nøyaktig informasjon som eit motstykke til dei falske forteljingane. Enkelte som ikkje enno er full-hypnotisert kan framleis bli leia tilbake til forstanden. Å snakke ut kan òg hjelpe med å begrense grusomheitene som det totalitære regimet er dristige nok til å gjennomføre, fordi i totalitarisme aukar grusomheiter og brotsverk mot menneskeheita når dissens minkar.

Vi kan òg erstatte frykt for viruset-forteljingar med forteljingar som set fokus på ei endå større frykt – frykta for totalitarisme. Dette er ein langt større trugsel mot deg og barna dine. Forsøk å appellere til folks minne. Minn dei på fridommane som dei voks opp med. Vil dei verkelege vere ansvarlege for at barna sine har ingen fridom til å tenkje sjølv og handle på eiga hand?

I tillegg, slutt deg til andre dissidentar og dann større grupper. Dette gjev det større fleirtalet som enno ikkje er full-hypnotisert, men for redde til å gå mot straumen eit alternativ til å slå følgje med dei totalitære.

Sist, men ikkje minst, start å byggje parallelle strukturar i dine lokale samfunn som adresserer dei fire underliggjande tilstandane som lét massedanningspsykose utvikle seg i fyrste omgang, nemleg dårlege sosiale band, mangel på meining i livet, fritt-flytande angst og misnøye og fritt-flytande frustrasjon og aggresjon.

Ein parallellstruktur er alle typar forretning, organisasjon, teknologi, rørsle eller kreative syslar som passar inn i eit totalitært samfunn, medan dei er moralsk på utsida av det. Når nok parallellstrukturar er skapte, er ein parallellkultur fødd som fungerer som ei trygg hamn av forstand i den totalitære verda.

Ved å gjenbyggje samfunnet, ved å starte lokalt, til eit der folk føler tilknytning og at dei har verdi, blir dei grunnleggjande psykologiske tilstandane for totalitarisme underminert og til slutt eliminert. Det er den store utfordringa som møter oss alle.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s