Merkeleg, urovekkjande nervesjukdom spreier seg blant unge i Canada

Ein varslar frå helseføretaket Vitalité Network i den kanadiske provinsen New Brunswick fortel at legar er lamslegne over den urovekkjande førekomsten av ein ukjent, men aggressiv hjernesjukdom som i hovudsak råkar unge. Symptoma er blant anna tap av kognitive funksjonar, hallusinasjonar og muskelsvinn. Dei to fyrste er vanlege ved enkelte former for demens, men er òg å finne blant personar med Creutzfeldt-Jakob-sjukdom, ein dødeleg og uhelbredeleg prionsjukdom. Andre symptom inkluderer åtferdsendringar, søvnforstyrringar i form av insomni (søvnløyse), vekttap og sikling. Eit anna symptom er ataksi, manglande evne til å bevege seg. Dette påverkar mellom anna gå-evne.

Ein frykta prionsjukdom som forårsakar total søvnløyse, er den sjeldne, genetiske lidinga Dødeleg familiær søvnløyse (på engelsk Fatal familial insomnia). Andre symptom er nettopp òg raskt fall i kognitive evner, hallusinasjonar og demens. I sjukdommens seinare stadium førekjem det òg betydeleg vekttap. Lidinga er arveleg, men kan òg oppstå spontant. Symptoma skjer fordi prionar (misfalda proteinar) øydelegg hjernecellene i talamus, som blant anna regulerer overgangen frå vaken til sovande tilstand. Personar med lidinga er ikkje berre torturert av fullstendig søvnløyse, men har òg øydelagt temperaturregulering, noko som fører til høg feber og at heile kroppen rett og slett går i høggir (engelsk sympathetic overdrive). Denne tilstanden er ein av årsakene til vekttapet i slutten av sjukdommen. Dei døyr til slutt plutseleg på grunn av hjerneskadane som akkumulerer seg. Som andre prionsjukdommar, påverkar hjerneskadane gå-evne slik at dei til slutt hamnar i rullestol.

Ulikt dødeleg søvnløyse og Creutzfeldt-Jakob, som hovudsakleg råkar middelaldrande, råkar denne sjukdommen unge. Og ulikt dei to nemnde prionsjukdommane, ser denne hjernesjukdommen ut til å vere smittsam. Den kanadiske helsetenesta har rapportert om minst ni tilfelle der to nært tilknytte personar som ikkje var i slekt har utvikla symptom. Her kan ein derimot òg snakke om miljøfaktorar. Er det noko i New Brunswick-provinsen som forårsakar denne urovekkjande sjukdommen?

I skrivande stund etterforskar ein 48 offisielle saker. Sjukdommen vart fyrst annonsert våren 2021 i kjølvatnet av dåverande president Donald Trumps Warp Speed massevaksinasjon med mRNA-sprøyter mot Covid-19.

Varslaren frå Vitalité ønskjer å vere anonym i frykt av represaliar frå arbeidsgjevar. Personen antydar at denne sjukdommen ikkje nødvendigvis berre finst i New Brunswick-provinsen.

Legar ved Special Neurodegenerative Disorder Clinic (òg kjent som Mind Clinic; ‘sinnsklinikken’) føretek no medisinske undersøkingar av pasientar som blir henvist til dei både frå regionen og naboprovinsane. Styresmaktene i New Brunswick vil ha det til at dei til no åtte kjende tilfella med dødeleg utfall var eit resultat av «feildiagnose», ikkje sjølve sjukdommen. Dei nektar visstnok òg å teste for mistenkte miljøfaktorar. Dette har fått enkelte lokale til å tru at styresmaktene prøver å skjule noko. Faren til eit av offera meiner styresmaktene med dette har gjort ein fabelaktig jobb å danne grobotn for konspirasjonsteoriar.

Motviljen mot å undersøkje årsakene til sjukdommen kan derimot òg skuldast at politikarane ikkje ønskjer å skade økonomi og nærlingsliv.

Kva enn som er årsaka til denne hjernesjukdommen, er det all grunn til å rope varsku. I våre dagar, der enkelte meiner at Covid-19 er eit biologisk våpen, kva skal ein då tru i dette tilfellet, når ein har ein nervesjukdom som råkar elles unge og friske menneske, og som gjev langt verre symptom enn forkjøling og influensa?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s