Korleis får tyrannar folk til å handle mot sine eigne interesser?

Av Tessa Lena. Henta frå mercola.com. Omsett av saksyndig.

Året er 2021, det nærmar seg 2022 [artikkelen vart skriven seint i 2021; oms.an.]. Det har vore to veker… beklager, to år med mobbing. Det har vore to år med disrespekt og bedrag. Vi er i eit vegkryss og spenninga er merkbar. Ein har gått til krig mot privatliv, frie ytringar, menneskeleg kontakt, kjærleik, naturleg immunitet, medisinsk råderett, kroppsleg autonomi og visstnok sjølv matte. Det er vanskeleg å tru at det er ekte. Vi klyp oss i armen kvar dag, men marerittet tek ikkje slutt.

I Tyskland måler politiet avstanden mellom folk i gata med ein linjal. I Sør-Korea byggjer dei eit «untact»-samfunn, eit samfunn med begrensa fysisk kontakt («ei potensiell økonomisk maskin for landet,» seier dei).

«Untact, introdusert i 2020, er ein sør-koreansk statleg politikk som har som mål å oppmuntre til økonomisk vekst ved å fjerne lag av menneskeleg samhandling frå samfunnet… Robotar bryggjer kaffi og serverer drikke til bord i kafear… Ved Yongin Severance Hospital, driv Keemi – ein 5G-driven desinfeksjonsrobot – og sprayar handdesinfeksjonsmiddel, sjekkar kroppstemperatur, handhevar avstandskravet, og kjeftar til og med på folk som ikkje går med munnbind…»

«Seoul by planlegg å bygge eit ‘metavers’ – eit virtuelt rom der brukarar kan samhandle med digitale representasjonar av folk og ting – og avatarar av folkehelserepresentantar vil ta seg av klagar.

Fleire lokale styresmakter har lansert KI-robotar for å overvake helsa til dei som sjølvisolerer… Einsemd blant eldre – eit eksisterande problem i Sør-Korea som berre vart forverra av pandemien – får òg ‘untact’-behandlinga… Langtidsverknadene på samfunnet forblir uklare, men professor Choi trur at ei ‘untact’-framtid er uunngåeleg for å auke økonomisk effektivitet.»

I USA vart Green Party nettopp brunt, og FDA jobbar for å stoppe internasjonal post som inneheld ivermectin.

I min heimby New York er segregering av skadedyr «normalt». I Australia… Åh, Australia. Kvifor, Australia?!

So vi må akseptere det faktum at det skjer. Ja, det skjer. Det skjer med oss og barna våre – her og no, bisart – og likevel gjeld ikkje logikken til ein Hollywood-film. Det er ikkje ei historiebok, ikkje ei historie om ein stad langt vekke, det er her og no. Vi er plutseleg «den» generasjonen. Vi er plutseleg heltane som vi alltid ønskte skulle redde oss.

Og det er galskap – men so sinnssjukt som det er, er verda framleis eldgammal og bakker, og valet å ta igjen mot mobbinga er ein eldgammal elddåp. Vi held linja.

Tyranni, fascisme, dominans

Kva er den krafta som ønskjer å fullstendig kontrollere oss? Enkelte kallar den krafta Fascisme, andre kallar ho Tyranni, eller Dominans eller Maskina. Dagens teknokratiske utgåve av fullstendig kontroll går under namna Den store nullstillinga [The Great Reset] og Den fjerde industrielle revolusjon. Det har som mål å gjere oss om til sjellause og lydige hjul som er drivkrafta bak nytt digitalt slaveri og det full-kontrollerte finansielle systemet. Men det er mykje meir enn ei politisk kraft.

Ja, Tyranni har politiske ansikt. Ja, i dag ler det av dei lettlurte ved å late som om det ønskjer å «gjenoppbygge betre» [«build back better»], akkurat som det før kom med andre «respektable» løgner. Ja, det kastar rundt seg med svikefulle slagord og sysselset politikarar og konsernleiarar til å fremje deira diverse våpen og gifter.

Men djupt nedunder er det mykje meir enn ei politisk kraft. Det er ein prøve for sjela. Det er ei kraft der deira vondskapsfulle rovdyrverksemd hjelper oss til å oppdage motet inni oss som nokon av oss har nesten gløymt.

«Kva gjorde vi for å fortene dette misbruket?»

Det er eit spørsmål mange av oss stiller oss sjølve veldig ofte. Personleg trur eg at den misbrukande krafta får vere mellombels trugande fordi ho tener eit eksistensielt føremål. Ho er her for å motivere oss for å vakne opp frå luren og byrje å respektere og beskytte livskrafta inni oss. Visdommen vi lærer frå å gjere feil, varer lengre enn visdommen som vi tileignar oss teoretisk.

Eg trur òg at varigheita av tortur ikkje er meint å vare lenge, med mindre vi forlengar den ved å viljug samarbeide med tyrannane både gjennom handlingar og psykologisk. Akkurat som den mystiske balansen mellom yin og yang, er tyrannane dei stygge tilretteleggjarane av fridommen vår. Men dersom vi blir redde og går med på å godta mishandling, skaper det ein dominoeffekt og snøballar med ingen ende i sikte, fram til vi hugsar at vi er av ande og vatn – og forsvarer oss sjølv.

I mellomtida er tyrannane her, og dei jobbar hardt for å prøve å mobbe og forvirre oss so mykje som dei kan.

Korleis får tyrannar folk til å godta deira agenda?

Tyrannar har mange ess i ermet. Nokre er fysiske og andre er psykologiske. Somme blir tekne i bruk «ved fyrste kontakt med tyranni» og nokre er laga for å vedlikehalde forvirringstilstanden for å halde oss svake. Og medan det reint spesifikke kan variere frå ein augneblink til den neste og frå ein tyrann til den neste, finst der enkelte generelle prinsipp.

Fysisk vald og fengsling

Fysisk vald er ei kraft som tyrannar har brukt gjennom historia svært effektivt. Vi kan vere lure og sjå gjennom løgnene – men når livet ditt er truga eller når du blir fengsla, er ikkje ting lette. Men det tyrannane ikkje innser, er at ved å ta for kraftig i, kan dei gjere folk rasande. Og folket reiser seg!

Begrense tilgang til pengar eller mat

Det som kjem meg til sinne er tida då amerikanske bøflar vart masseslakta for å sikre at «fiendtlege indianarar» ikkje kunne ete. Dette var ein vilja strategi for å svelte folket som hadde nytt eit fritt tilvære og ikkje var spesielt viljuge til å gje frå seg landområda sine eller gje opp livsstilen sin i favør av deira versjon av «Den store nullstillinga.»

Før og etter det har ulike inntrengjarar fått i stand matblokkadar og forsyningskjede-forstyrringar for å skape den typen hungersnaud og liding som ville gjere det råka folket so fortvila at dei ville anten døy eller gå til grunne.

I dag er det eit åtak på vårt land, våre matsystem, og på bønder – med tanken å venne oss av vår tradisjonelle mat og selje oss «nynormal-maten», slik som laboratoriedyrka proteinar, insekt og andre «delikatessar» som vi ikkje bad om. Hugs at Bill Gates er den største eigaren av privat eigedom i USA. Gode tider.

Gå etter barna

Det er, tragisk nok, ein annan klassisk signatur til mange misbrukande reformer. For kvar ein tyrann in spe, er det viktig å skape ein avgrunn mellom barna og foreldra deira slik at barna kan bli påverka og korrumperte – og foreldra er makteslause fordi barna verken elskar foreldra eller respekterer grunnsynet deira.

Den mørke påminnaren frå vårt lands historie er den notoriske «drep indianaren, redd mennesket»-kampanjen, der eit stort tal innfødde amerikanske barn vart tekne frå foreldra sine (ofte med makt) og sent til internatskular der dei vart straffa med stor vondskap for å prøve å snakke sitt eige språk eller gjere noko som minte om deira tradisjonelle kultur.

Ikkje berre førde det til hjarteskjerande og destruktiv avbryting av kulturelle band og tap av viktig familiearv – men barna var i tillegg so traumatiserte at det resulterte i generasjonskaos: brotne forhold, misbruk i heimen, høg sjølvmordsrate og so vidare. Som dei seier, skadde menneske skader menneske…

Og so, i mitt fødeland, vart etter-revolusjonsbarna oppmuntra til å velje «politisk korrekt» ideologi framfor lojalitet til familien, og til å tyste på sine eigne foreldre. Som enkelte visstnok gjorde.

Det dei gjer med barna i dag kan bli feilaktig skildra i det varme og pelskledde språket av «omsorg» og «folkehelse» i motsetnad til det frampå språket til dominans – men misbruk er misbruk.

Å ta munnbind på barn – i strid med all sunn fornuft – er uakseptabelt. Å setje barna opp mot sine «vaksine-nølande» foreldre og oppmuntre barna til å få Covid-sprøytene utan å eingong fortelje foreldra, er kriminelt.

Og so er det historier som denne: ifølgje ein forelder i Florida, «tvinga skuletilsette ei lita jente med Down syndrom til å gå med munnbind ved å binde det til hovudet hennar i seks veker». Ein annan forelder rapporterte at deira non-verbale son, som ikkje kan formidle om han kan puste eller ikkje, fekk munnbindet teipa fast til ansiktet med isolasjonsteip. I kva verd?!!

Bedragspsykologi

Tyrannar ville ikkje vere tyrannar om dei var sannferdige. I orda til Tom Mullen, der han kommenterte dei kognitive avvika til Den nye normalen, «kan ikkje Nynormal-paradigmet kollapse i ansiktet til avvik, same kor mange det er av dei, fordi avvika rett og slett blir ignorert. Alle som påkallar merksemd til dei, same kor anerkjende eller kvalifiserte dei er, blir systematisk diskreditert». Eg utforska nyleg emnet bedrag i detalj her og her. Essensen:

«Det er mogleg for dei ikkje-so-godhjarta menneska å skape, selje og påtvinge mellombels tilfredsstillande fantasi-røyndommar [«make-believe realities» på engelsk: oms.an.]. Det verkar som eit legemiddel. Lat oss seie at dersom ein føler seg misfornøgd med livet, kan ein mellombels stengje ute det ukomfortable og til og med oppleve eufori basert berre på sansestimulering.

Men naturlegvis, same kor kraftfull eller vital ein kan kjenne seg inni ein kunstig røyndom, vil ein før eller seinare måtte vakne opp til den verkelege røyndommen – og dess søtare draumen er, dess bitrare er fallet.

Likevel er det ‘mogleg å skape eit uendeleg tal ‘fantasi’-røyndommar og mate desse røyndommane ved å rekruttere viljuge deltakarar. Og her er punktet der verdshistoria kjem på scena. Kor mange viktige hendingar og kulturelle forteljingar fann stad berre fordi der var nok menneske som var viljuge til å ta del i dei – ikkje fordi dei hadde grunnlag i den verkelege røyndommen?»

«Dersom ein er overbevist på sansenivå at ein frisk person utan munnbind er ein fare, blir det å krevje at andre menneske går med munnbind eit ekte emosjonelt behov. Meldinga ein ønskjer å prente inn er den av totalitær ansiktstildekking.

Meldinga har ikkje basis i det verkelege, og kan til og med ikkje vere personen si eiga melding – men kjensla er ekte – og fordi personen ikkje er spirituelt jorda, føler han seg hysterisk. Og rovdyra elskar det når folket ikkje er spirituelt jorda. Dei elskar å ete zombiar.»

«Forresten er heile Den fjerde industrielle revolusjon eit industri-nivå-prosjekt der ein koplar alle frå den ekte røyndommen og sug ut energien deira [nett som vampyrar syg blod; oms.an.]. Det handlar om å avskaffe menneskeleg agens – som faktisk er umogleg å avskaffe, men den kan bli mellombels stolen med enorm liding som kostnad. Nokre gonger fortel folk meg at kanskje det ikkje er ein so dårleg idé å leve med ein million sensorar i kroppen.

Vel, her er ein analogi. Førestill deg eit skikkeleg dårleg ekteskap. Førestill deg ein verkeleg rådlaus og taktlaus ektemake som trur at han/ho veit betre kva som er godt for deg. Ektemaken din treng ikkje å vere ein tjuv eller ein mordar (sjølv om dei kan det), han/ho kan rett og slett vere fullstendig rådlaus og ikkje skjøne «deg» i det heile. Og det er nok til å gjere livet ditt til eit helvete!

Livet under Den fjerde industrielle revolusjon er som ein million dårlege ekteskap utan retten til skilsmisse.»

Den «nye moralen»

I tillegg til den «nye normalen», er det òg ein implisitt «ny moral». Den «nye moralen» baserer seg på emosjonell hunger, ei viss grad av liding og ei stor mengd bedrag. For nokre månader sidan publiserte Charles Eisenstein ein vidt sirkulert og vakker tekst kalla «Mob Morality and the Unvaxxed» [«Mobb-moralitet og dei uvaksinerte»; oms.an.]. Det rørte meg djupt og trefte verkeleg spikaren på hovudet:

«Vi ønskjer å tru at moderne samfunn som vårt har vakse i frå barbariske vanar som menneskeofring. Vi kan sikkert framleis engasjere oss i det å gjere folk til syndebukkar og metaforisk ofre dei på folkeopinionens alter, men vi drep ikkje bokstavleg tala folk i håp om å blidgjere gudane og gjenopprette orden. Eller gjer vi?»

«Dei som blir ofra ber ei assosiering til noko ureint eller smitta; å fjerne dei reinsar difor samfunnet… Det speler lita rolle om dei faktisk utgjer ein verkeleg trugsel mot samfunnet. Som ved dei som er gjenstand for kriminell rettferd, er skulda deira irrelevant i forhold til prosjektet å gjenopprette orden gjennom blodofring (eller utstøyting frå samfunnet gjennom fengsling eller, i mindre entusiastisk og moglegvis profetisk form, gjennom «kansellering»).

Alt som er nødvendig, er at den umenneskeleggjorde klassen vekkjer den blinde indignasjonen og raseriet som krevst for å framprovosere anfall av sameint vald. Meir relevant i våre dagar, kan denne primale mobb-energien bli brukt for å oppfylle fascistiske politiske mål. Totalitære over heile fjøla påkallar det direkte når dei snakkar om reinsingar, etnisk reinsing, rasereinleik og forrædarar i våre rekkjer.»

Eit imaginært «vi»

Dette spesifikke våpenet til tyrannar ligg svært nært hjartet mitt. Eg brukte mange år på å pakke opp alt rotet som vart gjeve meg av den totalitære kulturen i mitt heimland (eg er russisk).

Det var dette falske konseptet av «vi» som utan tvil var skapt av diverse elitar på ulike tidspunkt i historia, som ei «russisk dokke» av løgner. Falskt som det var, vart det likevel internalisert av mange menneske – og når eg voks opp, måtte eg samanlikne handlingane mine med dette imaginære «vi» eller, i dagens språk, «samfunnsverdiar».

Og forresten trur eg at det å vere snill og god mot eins samfunn er fantastisk og tilfredsstillande – men eit godt samfunn har sine røter i spirituell helse og genuin respekt – ikkje i nevrotisk, skuld-tynga marsjering i takt med dei totalitære ideologars tromme. Nok sagt.

«Rekruttering» av venner og familie, òg kjent som kollektiv traume

Den er svært smertefull for mange av oss. Det er ikkje so veldig vanskeleg å akseptere at tyrannane er slemme. Men når dei klarer å forføre, korrumpere og skremme menneska rundt oss, og når tyrannane sine rotne idear kjem til oss frå våre kjære, so gjer det vondt. Og det krev all motet i verda å reise seg mot den ekstremt vanskelege utfordringa og halde seg jordbunden og hugse at kampen vår er for kjærleik. Personleg trur eg at dette kan vere vår tids utfordring.

Eg burde òg nemne bruken av teknologi for generell emosjonell manipulering og «vitskapleg» åtferdsmodifikasjon. Dette er eit breitt emne som krev ein separat artikkel, men det trengst å nemnast fordi det ikkje er ein konspirasjonsteori.

Og til slutt, kva om tyrannane meiner godt?

Lat meg svare på det vanskelege spørsmålet med eit mindre vanskeleg eit: kvifor skulle eg bry meg? Lat oss seie at enkelte tyrannar ser på seg sjølv som frelsarar. Det kan vere tilfelle. Der finst vanlegvis ein intern logikk til alt menneske gjer. Der finst ein intern logikk i handlingane til galningar og seriemordarar – og kanskje trur enkelte av tyrannane at dei er Messias. Men kvifor skulle eg bry meg?

Kanskje trudde nokre av medlemmene av Inkvisisjonen at ved å brenne hekser levande ville dei redde dei frå å brenne for evig, og at dei difor gjorde dei ei teneste ved å drepe dei.

Kanskje trudde nokre av menneska som med tvang tok innfødde ungar frå foreldra og plasserte dei på internatskular at det var godt for «framsteg» eller for barna. Kanskje trudde nokre av dei tyske nazistane at det å fjerne jødar frå landet var ein nobel og vitskapleg idé.

Kanskje trur dagens eugenikarar at å redusere den menneskelege befolkninga er godt for planeten og nødvendig for at menneskerasen skal overleve. Kanskje trur dei at dersom befolkninga ikkje blir redusert, so vil heile rasen døy ut. Kanskje trur dei at vi er for dumme til å forstå, og so «gjer dei berre det som treng å gjerast». Kanskje ja, kanskje nei. Men dei er forskrudde, so kvifor skulle eg bry meg?

Dei er ikkje kvalifiserte til å avgjere lagnaden min eller den til menneskeheita – og medan eg ønskjer dei deira snillaste oppleving med sanninga fordi det er det som eg oppriktig føler for verda, er eg ikkje forplikta til å utsetje meg for verken deira eller andre sin misbruk. Vi er ikkje slavane deira. Hald linja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s