Å søkje jobb i ei tid med «alvorleg» personalmangel


Peder Jensen, eller Fjordman, fekk nasjonal merksemd tilbake i 2011, då det viste seg at massedrapsmannen Anders Behring Breivik hadde sitert han omfattande i sitt manifest som han sendte ut til mange e-postmottakarar før han utførde 22.juli-terroren. Han fekk sparken frå jobben sin i Oslo-området, og vart av media utsett for ein omfattande svertekampanje. Hans einaste «brotsverk» var å skrive om dei negative følgjene av ukritisk masseinnvandring frå kulturar som er fiendtlege til europeiske, kristne verdiar. 6.januar 2022 fekk Jensen eit innlegg publisert i Document, der han skriv om sin eigen håplause situasjon: han er fullstendig ute av stand til å få jobb på grunn av sine politiske meiningar. Han meiner seg med rette ilagt eit politisk yrkesforbod. Møbelprodusenten Ekornes tilsette heller nesten 100 utlendingar utan norsk språkkompetanse, enn å tilsetje ein innfødd nordmann som vil ingenting anna enn å ha ei inntekt å leve av. Hadde stoda vore omvendt, hadde ein snakka om særs graverande rasisme, og Ekornes hadde blitt saksøkt herifrå til Månen, i tillegg til at landet sannsynlegvis hadde boikotta dei. Men eit slikt uføre er vel kanskje ikkje so farleg dersom det skjer med ein kvit nordmann? Eg skal late Document ta den debatten, og heller gå over på ein liknande, om enn ikkje so alvorleg situasjon som eg sjølv opplevde i 2021.

Etter mange års tru teneste hamna eg i djup unåde hjå arbeidsgjevar på grunn av synet mitt på koronasituasjonen. Utan å gå inn i detaljar, vart eg utan jobb over natta. Ved alt hell fekk eg meg med éin gong jobb i vikarbyrå, men etter at «sommarjobben» min var over, hadde byrået ingen ledige oppdrag å tilby meg (meir om dette seinare i teksten). Eg søkte difor hausten 2021 på fleire stillingar på det sentrale Vestlandet. Eg fekk avslag på alle. Til og med ei ringjevikarstilling på ein privat sjukeheim. Ein særs erfaren helsefagarbeidar som har vore verneombod, tillitsvalt, primærkontakt, kontorarbeidar og elevrettleiar fekk avslag på den typen stilling som 18-årige ungdommar får via slekt og venner.

På den andre sida, problema som eg vil påpeike i dette essayet er ikkje nødvendigvis knytt til koronakrisa. Dette er problem som òg fanst i «gode, gamle dagar». Det er snakk om ibuande feil i sjølve prosessen rundt det å finne seg jobb, sjølv i ei tid med «alvorleg» personalmangel innan helse og omsorg.

Jobbsøkjarprosessen startar med at ein ser på stillingsannonsar som ein er kvalifisert for. I mitt tilfelle gjeld dette stillingar som helsefagarbeidar. For tida skrik kommunale mellomleiarar over heile landet desperat etter helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og anna faglært helsepersonell. Mangel på helsepersonell har vore eit problem i mange år, men under koronakrisa har problemet visstnok nådd nye høgder. Eg har tidlegare skrive om moglege årsaker til denne arbeidskraftkrisa.

Trass at desse leiarane roper på innpust og utpust om «alvorleg og ekstrem personalmangel», greidde eg ikkje eingong å få ei ringjevikarstilling i løpet av hausten 2021. Følgjande metafor er her passande: «Eg er skipbroten på opne havet. Det er vatn overalt, men ingenting å drikke». Skuldast dette problem hjå meg som jobbsøkjar? Vel, eg greidde jo utan problem å få jobb i vikarbyrå. Etter at det oppdraget vart avslutta, gjekk eg nesten åtte veker utan inntekt, noko som gjorde eit betydeleg innhogg i mine oppsparte midlar. Eg var tilsett i vikarbyrået, men dei hadde ingen oppdrag som eg kunne ta. Dei fann nemleg stad i føretak som var eigd av min førre arbeidsgjevar.

De facto arbeidsledig, søkte eg på det eg kom over av helsefagarbeidarstillingar. Eg var inne på to jobbintervju, begge i september 2021. Det eine var for den private sjukeheimen si ringjevikarstilling. Avdelingsleiaren eg snakka med, kunne umogleg ha vore ein dag over 30; ho både såg og høyrdest ut som ei jente. Den andre gjaldt ein haug med stillingar eg hadde søkt på i nabokommunen, som hadde uvanleg mange stillingar ute samstundes. Dei kommunale mellomleiarane i kommunen fann ut at sidan eg hadde søkt på so mange stillingar, kalla dei meg likegodt inn til det dei kalla eit «samleintervju».

På intervjuet var det til stade to damer tilknytt administrasjonen, men pussig nok ingen av mellomleiarane som hadde lyst ut dei ledige stillingane. Berre den eine dama hadde noko som helst med stillingsannonsane å gjere; ho titulerte seg som «rådgjevar». Ho må ha vore minst fem år yngre enn meg. På slutten av intervjuet presterte denne rådgjevaren å spørje meg om eg hadde helse til å jobbe 50% på ein sjukeheim. Eg svarte at eg jo hadde jobba 100% på min førre kommunale arbeidsplass, og at eg hadde jobba 100% under mitt førre oppdrag for vikarbyrået. Fråvær hadde eg svært lite av i kommunen, og ingen fråvær i det heile under vikarbyråoppdraget.

Avslag på ringjevikarstillinga fekk eg temmeleg kjapt. Då eg ringde den svært unge avdelingsleiaren for å få ei forklaring, svarte jenta etter langt om lenge at ei av referansane mine hadde snakka meg ned, og at eg difor var uaktuell for stillinga. Eg gav då den aktuelle referansen beskjed om at eg ikkje kom til å bruke vedkomande for ettertida. Personen vart genuint overraska. Vedkomande hadde òg vore referanse då eg søkte på og fekk jobb i vikarbyrået, og personen hadde sagt ordrett det same til dei som til avdelingsleiarjenta. Anten laug referansen, eller so laug avdelingsleiaren. Eg tok ingen sjansar, og fjerna personen som referanse.

Avslag på samleintervjustillingane tok vesentleg lengre tid. Her hadde eg sytt føre å ha referansar som eg visste ville skryte av meg. Alt var i orden, men eg fekk likevel avslag etter avslag frå dei ulike mellomleiarane, som aldri hadde møtt meg personleg. Eg valde å ikkje spørje om grunngjevinga for avslag ettersom eg har tenkt å søkje på fleire stillingar der i framtida. Eg såg lyst på saken, ettersom det jo var «alvorleg» personalmangel òg i den kommunen…

Som hovudregel gjev ikkje ein potensiell arbeidsgjevar nokon spesifikk grunn for å avslå søknader. I tilfellet med den private sjukeheimen måtte eg omtrent presse avdelingsleiaren til å kome med grunnen, og eg måtte gjere det via telefon (ho svarte meg ikkje skriftleg). På grunn av slike grunnlause avslag, blir søkjaren dermed fullstendig uvetande om kvifor han ikkje fekk jobben. Ein slik praksis med grunnlaust avslag er truleg gjort for å spare tid, akkurat som ei vakker dame ikkje treng å gje nokon grunn for kvifor ho ikkje vil ha sex med ein framand mann ho møter på eit gatehjørne (når den same dama nettopp har stått framfor eit TV2-kamera og klaga over «ekstrem, alvorleg mannfolkmangel»!).

Til alt hell dukka det opp eit nytt oppdrag frå vikarbyrået i byrjinga av oktober. Eg takka ja, ettersom eg hadde ein viss mistanke om at eg ikkje ville få nokon av stillingane i nabokommunen. Det er som regel eit dårleg teikn om ein potensiell arbeidsgjevar trekkjer helsa mi i tvil. Det er òg direkte underleg. Var dei redd for at eg kom til å skofte jobben på grunn av «sjukdom»? Kommunen er jo ei IA-bedrift, og slike bedrifter nærast oppfordrar tilsette til å misbruke sjukelønsordninga.

Dette er mi personlege erfaring. Nøyaktig det same skjedde i fortida, då eg som fast tilsett helsefagarbeidar søkte på ledige stillingar. Trass gode referansar og relevant erfaring, gjekk stillingane til nokon andre utan forklaring. Eg har gjennom åra danna meg ei teoretisk forståing av kvifor det er so vanskeleg for meg – og andre – å skaffe seg fast jobb, sjølv i ein sektor som går til TV og aviser og hyler etter folk:

  1. Den moderne utlysingsprosessen er ikkje i harmoni med mennesket sin måte å samarbeide og kommunisere. I gamle dagar fekk ein arbeid gjennom kjennskap og vennskap. Min far fekk sin fyrste jobb i ei hjørnesteinsbedrift som onkelen hans eigde. Eg sjølv fekk min fyrste jobb fordi faren min kjende ein butikkeigar. Eg fekk min fyrste jobb i den kommunale helsesektoren fordi ein kollega av faren min hadde ei kone som jobba i den avdelinga. Denne praksisen har ein gått vekk frå i dag. Sjølv ringjevikarstillingar må lysast ut, og mellomleiaren må ta i mot eit skred av søknader og kalle inn hordar av folk til jobbintervju. Dette er ein prosess som kan trekkje ut i tid, ettersom dagens kommunale mellomleiarar alltid er særs opptekne – når dei ein sjeldan gong er på jobb.
  2. Det ser ut til å finnast subjektive føringar på kven som faktisk får ledige stillingar i helse og omsorg. Kvoteringsreglar seier at menn skal favoriserast i omsorgsyrke, medan damer blir oppfordra til å søkje sjølvstendige, leiande stillingar. Og sant skal seiast, dei fleste kommunale mellomleiarar på det sentrale Vestlandet er i dag damer. Riktig nok er damer framleis overveldande overrepresentert i omsorgsdelen av helsesektoren. Kvinnelege mellomleiarar vel rett og slett kvinnelege helsefagarbeidarar, sjølv når den mannlege kandidaten har langt meir erfaring og difor hadde vore eit klokare val. Eit viktig moment å bite seg merke i, er at mange stillingsannonsar innan helse og omsorg har formuleringa «personlig egnethet vektlegges». Dette er ein finare måte å seie at her blir trynefaktor praktisert. Det herskar framleis den oppfatninga at damer er betre enn menn til å gje omsorg, og at yrket difor er ein «kjerringjobb». Enkelte vil motbevise dette. Det er ein grunn til at prosjekt som «Menn i helse» no finst, der til dømes tidlegare industriarbeidarar, lokførarar, lastebilsjåførar og fiskebåtkapteinar får prøve seg i eldreomsorga.
  3. Erfaring og kunnskap ser ut til å vere eit hinder for tilsetting. Nokre leiarar vil helst ha lydige nikkedokker under seg, snarare enn erfarne tilsette som tidlegare har vore verneombod og tillitsvalde. Slike som eg kjenner Arbeidsmiljølova og andre arbeidsforholdsrelaterte lover, rettar og plikter, og er difor ein trugsel mot leiarar som ikkje toler opposisjon.
  4. Ordninga med referansar er i seg sjølv problematisk. Dette er siste rest frå tida der ein fekk jobbar gjennom kjennskap og vennskap. Nokon må kunne gå god for ein jobbsøkjar. I gamle dagar vart dette gjort via personlege attestar, der jobbsøkjaren sitt arbeid og veremåte vart skildra. Eg såg sjølv ein slik personleg attest tilbake i 2007, som var skriven for ein nyss uteksaminert NHH-student som skulle søkje jobb i eit større tysk selskap. I dag er dette uforklarleg ikkje lenger praktisert. Det er òg eit problem at mange potensielle arbeidsgjevarar berre godtek næraste leiar som referanse. Dagens jobbstruktur ser ut til å favorisere ein fråverande leiar som berre unntaksvis ser alt arbeidet dei tilsette gjer på avdelinga. Kravet til at alt skal dokumenterast i hytt og pine fører leiaren vekk frå avdelinga og inn på kontoret, der ho bruker dagen på å stire på tal og skjema på dataskjermen. Ein leiar vil difor sjeldan kunne seie noko vitig om ein kollega, anna enn at vedkomande møter opp på jobb og får løn ein gong i månaden. Ein mykje betre referanse er difor kollegaene, men dei blir diverre ikkje godtekne ettersom dei ikkje er leiarar. Ein leiar kan snakke ned ein referanse utan å bli straffa på nokon måte. Eller rett og slett nekte å vere referanse. Kva kan eg då gjere? Ringje politiet eller svi av tjue tusen på ein advokat? Fagforeiningar ser ikkje ut til å kunne stolast på lenger, noko eg personleg erfarte i 2021 (igjen utan å gå i detaljar).
  5. Formelt skal arbeidsgjevar tilsetje den best kvalifiserte kandidaten. Dette blir formelt kalla kvalifikasjonsprinsippet. Arbeidsgjevar omgår dette ved å leggje vekt på «personlig egnethet»; med andre ord trynefaktor. Dette er ei ordning dei fleste taper på. Den best kvalifiserte kandidaten får avslag, medan ein som er mindre kvalifisert uunngåeleg gjer ein dårlegare jobb, noko som ikkje er i bebuarane si interesse. Dersom ein einingsleiar i redsel for opposisjon heller tilset ei 21 år gammal, nyutdanna jente, vil sjukeheimen før eller seinare finne seg i ein situasjon der det hadde vore tryggare for bebuarane å ha ein 37 år gammal, fysisk sterk helsefagarbeidar med 15 års erfaring i yrket. Kva skal to ungjenter på 160 centimeter gjere om ein rullestolbrukar plutseleg ligg på golvet og einaste personløftar er i ustand? Eller om ein dement bebuar på to meter går amok på skjerma avdeling?

Desse faktorane kan etter mitt syn vere nokre av grunnane til at ein har so ekstrem mangel på helsepersonell. Dette er omstende som ikkje er betinga i koronakrisa. Slik var det lenge før 2020 òg.

Som ei oppdatering av jobbsituasjonen min no i januar 2022, so søkte eg på og fekk eit årsvikariat på den aude sjukeheimen eg hadde oppdrag på. Der var (og er) personalmangelen so ekstrem at dei må ta til takke med ein uvaksinert helsefagarbeidar… Eg var faktisk den einaste kvalifiserte kandidaten. Eg har kontrakt ut året, men i våre dagar må dette i beste fall takast med ei klype salt. Vi veit aldri kva slags stygge overraskingar som kan dukke opp på neste pressekonferanse, i tråd med elitens mørke agenda.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s