Konspirasjonsteori om korona-«vaksinane» kan vere sann: Dr. Jane Ruby om giftige doser blant mRNA-injeksjonane

Dr. Jane Ruby: Big Pharma-selskapa legg med vilje til giftige parti av Covid-19-vaksinen.

Av Mary Villareal, Natural News. Omsett av saksyndig.

Dr. Jane Ruby fortalde folket at Big Pharma-selskap som Pfizer, Moderna og Johnson & Johnson legg til giftige parti av Covid-19-vaksinar.

«Der er bevis for at desse selskapa med vilje legg til giftige parti [av Covid-19-vaksine],» sa Ruby i 3.januar-episoden av The Stew Peters Show.

Ruby sa at ei gruppe av analytikarar informerte ho at alle tre farmasøytiske selskap driv aktiv testing av levande menneskelege forsøkssubjekt med desse tre massevaksinerings-drivarane. Ho sa at analytikarane identifiserte dei giftige partia ved å sjå på partinummeret (engelsk lot number), og at det står om liv og helse å få denne informasjonen ut til folk over heile verda.

Teamet av analytikarar sa at desse selskapa utfører det som blir kalla «dødeleg dose-studiar», som ser på kor mykje som trengst for å forårsake død.

«Det dei gjer er at dei avgjer den dødelege mengda til å teste ut på halve befolkninga. Det er eit av måtane å fastsetje akutt giftigheit før dei går over til menneskelege studiar,» sa Ruby. «Det har i stor grad blitt fasa ut. Dei utfører det utan informert samtykke. Det er i strid med alle etiske retningslinjer og gjeldande reglar. Desse selskapa held fram med dette ustraffa sidan ingenting stoppar dei.»

Når denne informasjonen ser dagens lys, noterte Ruby seg at det er ingen grunn til at nokon skulle stille barna sine i kø for å få vaksinane – spesielt sidan dei dødelege dosane blir delte ut. Det er ingen grunn for nokon, verken barn eller vaksne, til å utsetje seg sjølve for slike injeksjonar.

For dei som synest at vaksinane er vegen å gå, oppmuntrar Ruby foreldre til å i det minste spørje om partinummeret til vaksinane fordi desse biovåpena set barn i fare. Ho understreka at berre det å sjå på partinummera kan hjelpe.

Ruby forklarer dødelege partinummer

Ruby sa at selskapa skapte dødelege dosar i parti og utstyrte desse partia med ein kode som lèt dei sjekke kva slags parti som er giftige, kva slags parti som forårsakar uføre og kva slags typar mein som sannsynlegvis vil dukke opp.

For Moderna er dette partikode (engelsk batch code) 011| 20.

Nummeret 011 er den temporale partikoden som fortel selskapet at den har blitt utvikla over tid og sendt ut av selskapet. «|» er konsentrasjonen som avgjer kor giftig den er, og talet biverknader. Nummeret 20 er kvalitativt, ein ingrediens som er vurdert å vere høgt giftig i deira parti.

Grunnen til at desse selskapa ikkje bekymrar seg for tryggleik, er at desse tinga har allereie blitt designa i forkant for å late dei sende ut giftige parti og gje dei ein sjanse til å samle informasjonen sin.

Profesjonelle hackerar som greidde å bryte seg inn i systema til Pfizer og Moderna, var i stand til å verifisere partia, med nok bevis til å liste opp alle Moderna-partia som so langt er sendt ut.

Moderna har òg eit nett-verktøy som lèt dei sjekke utløpsdatoane for partia, og teamet av hackerar kunne få tilgang til heile lista av Moderna-parti med ei liste av partikodar. Dei gjorde òg det same med Pfizer.

Det dei fann ut var at desse selskapa var svært spesifikke om kor dei sender ut vaksinane og kva doser dei blir gjevne i. Moderna har distribuert dødelege doser i USA og eksportert «uføre-doser» i EU. Difor var dødsraten i USA ti gonger høgare samanlikna med den i EU, men der er ti gonger fleire biverknader og skadar i EU samanlikna med USA.

Kommentar frå saksyndig: Kva trur lesarane? Er dette framleis ein konspirasjonsteori? Saksyndig sit på gjerdet fram til meir informasjon kjem om saken.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s