Kjenner du «Karen»?

I den engelskspråklege verda finn ein ofte døme på at damer blir titulert som «Karen», sjølv om det ikkje er det eigentlege namnet deira, og sjølv i situasjonar der forfattaren ikkje har nokon føresetnad for å vete kva dei heiter. I dei seinare år har jentenamnet Karen teke steget frå eit særnamn til eit samnamn. Det blir brukt kollektivt om ei gruppe damer som deler visse lite flatterande fellestrekk.

Ei «Karen» blir av Urban Dictionary definert som ei «middelaldrande dame, typisk blond, som gjer andre sine løysingar på sine problem om til noko ubeleilig for seg sjølv, endå ho ikkje er i nærleiken av å vere påverka av dei». Til dømes vil ei «Karen» saksøkje det lokale byrådet for å setje opp eit nytt stoppskilt som kastar skugge på vindauget hennar to minutt kvar morgon. Stoppskiltet vart sett opp etter at ein skuleelev på sykkel vart drepen av ein bilist i nettopp det krysset, men det kunne ikkje ha brydd ho mindre.

Karen er typisk mora med tre ungar. Ho har kort hår og vil alltid snakke med eigaren av ein butikk om ho føler seg dårleg behandla av dei hardtarbeidande tilsette. Ho er utilfreds og miserabel og vil at alle andre òg skal vere det. Ho er den som blir djupt ulykkeleg og sint om småting ikkje går nøyaktig slik som ho vil. Ho er bortskjemt og vil ha alle rettar, men helst ingen plikter. Nett som eit lite barn blir ho trassig og vanskeleg om ho ikkje får viljen sin. Dersom ho mot formodning er gift, er ektemannen garantert utru. Kanskje har han til og med eit eige anneks i huset med ei låst dør som kona ikkje har nøkkel til. Ingen mann med vit og forstand kan leve med ei «Karen». Blir han desperat nok, vil han sannsynlegvis fabrikkere sin eigen død berre for å sleppe unna.

Ei «Karen» ser berre seg sjølv og sine behov, og har absolutt inga forståing eller omtanke for behova og kjenslene til dei rundt seg. Ho er den plagsame naboen som alle skyr som pesten, den ultimate kverulanten som forsurar livet deira. Ho er den alle drøymer om å kaldblodig myrde ei mørk, stormfull natt. Ho er typen som kan lage eit juridisk mareritt for deg om ho meiner du lèt bilen din stå på tomgang ein iskald morgon medan du skraper frontruta.

Alle kjenner ei «Karen», og ho treng nødvendigvis ikkje å vere ei dame. So godt som alle som har budd i burettslag har erfart at enkelte av bebuarane kan vere av den vrange og kranglevorne typen som lagar problem ut av den minste bagatell. Eg sjølv hadde erfaring med to slike vrange, ufyselege kranglefantar – i same burettslaget. Den eine fekk styret heldigvis kasta ut med tvang, medan den andre laga so mykje terror at vi til slutt flytta berre for å bli kvitt han. Han vart skremmande nok styreleiar då ein av dei som flytta nettopp var styreleiaren!

Dei fleste er derimot utilfredse, frustrerte damer. På eit mørkare, nifsare plan representerer «Karen» den farlege, priviligerte kvite dama som er klar til å bruke sin femininitet som våpen. Dette inneber strategisk bruk av krokodilletårer for å få sympati, der intensjonen er å få menn (spesielt svarte menn) i vanskar. Ho dreg skamlaust nytte av at vi anerkjenner damer si liding meir enn menn si. Vi plasserer dei på ein pidestall, rett og slett.

Emmett Till var ein 14 år gammal gut som vart lynsja i gata av ein rasande mobb. Grunnen for dette groteske drapet var at ei kvit dame hevda at Till hadde kome med upassande kommentarar til ho i ein matvarebutikk. På sitt dødsleie innrømte dama, som heitte Carolyn Bryant Donham, at ho laug.

I ein no sletta video startar den kvite dama Amy Cooper ein krangel med ein svart mann i ein park. Bakgrunnen for krangelen er at ho lét hunden fare rundt i parken utan band. Amy/Karen blir sintare og sintare, og situasjonen eskalerer til det punktet at ho ringjer politiet og påstår at ho blir «angripen» av ein afrikansk-amerikanar. Mannen held derimot fram med å filme – i motsetnad til Amy er han roleg og balansert.

Amy insinuerer gjennom si åtferd at politiet er so rasistisk at når dei kjem til åstaden, vil dei umiddelbart tru ho og beint fram drepe den uskuldige mannen berre fordi han er svart. Det gjekk ikkje heilt som ho hadde planlagt. Ho vart hudfletta på sosiale media. Ho vart anklaga og funnen skuldig i «uvørden bruk av ‘kvite tårer’ som våpen» i ein situasjon som kunne ha kosta ein uskuldig mann livet om han òg hadde mista hovudet – og om politiet ikkje hadde vore so vakne som dei faktisk var. Ho mista jobben, fekk hunden fråteken og mottok dødstrugslar på sosiale media.

Sjølv offeret, den svarte mannen, vedgjekk at behandlinga av Amy kanskje var i strengaste laget, sjølv om ho laga ris til eigen bak. Det kan òg ha skjedd ting i forkant av hendingsforløpet som er dokumentert i videoen.

The Guardian kalla 2020 the year of Karen, Karens år. I våre dagar, med massedanningspsykose på grunn av psykologisk krigføring mot ei allereie isolert og misfornøgd befolkning, er «Karen» no dama som tystar på naboar som har éin gjest for mykje til middag. Ho køyrer rundt åleine i bilen sin med munnbind, og har sannsynlegvis òg på seg munnbind heime hjå seg sjølv. Det er uvisst om ho bruker munnbind medan ho har sex – for slike som «Karen» kan rett og slett ikkje finne nokon å ha sex med om det står om liv!

Dersom ei stressa, utsliten småbarnsmor på butikken lettar litt på munnbindet for å få frisk luft, vil «Karen» umiddelbart gå bort og irettesetje ho, helst ho heile butikken høyrer det. Det same gjeld om nokon tek på ei pære, oppdagar at ho er halvròten, for so å leggje den tilbake. Ho vil snerre «du skal ikkje ta på varer du ikkje har tenkt å kjøpe!» medan det skummar i dei lett rynkete munnvikane.

Jobbar du med ei «Karen», vil ho gå rett til sjefen om ho observerer deg klemme ein god kollega, og med det bryte avstandskravet som kan vere éin eller to meter avhengig av kva instruksar statsministeren har fått av sine eigentlege overordna i forkant av vekas pressekonferanse. Ho er den som vil reagere med sinne og indignasjon om du ytrar sjølv mild, sunn skepsis til dei merkelege retningslinjene som er panikkinnført på arbeidsplassen. Du vil bli kalla ein egoistisk mordar og det som verre (?) er. Om «Karen» er sjefen din, skift jobb på flekken – og under ingen omstende bruk ho som referanse!

Kjenner du «Karen»? Høgst sannsynleg. Sky ho som pesten og piss på trappa hennar om natta.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s