Befolkninga blir avliva med Covid-mRNA-«vaksinar»

Av Paul Craig Roberts. Omsett av saksyndig.

Ein vitskapleg studie nyleg utgjeven av britiske forskarar har funne ut at for menn under førti blir risikoen for myokarditt nesten dobla etter den fyrste Pfizer-sprøyta. Risikoen vart igjen dobla etter den andre sprøyta, og dobla igjen etter tredje sprøyta til åtte gonger grunnrisikoen. For Moderna-versjonen var risikoen 16 gonger grunnlinja etter andre sprøyta.

Kvifor er det då vaksinemandat? Er dette dumskap eller eit avfolkingsprogram? Det er eit legitimt spørsmål.

Biverknadene til mRNA-«vaksinane» som er underrapportert til VAERS er ikkje biverknader i den tradisjonelle tydinga, slik som ein allergisk respons på ein vaksine eller effekten av ein substans i ein vaksine hjå ein person som er sensitiv til den substansen.

Det som blir kalla biverknader er konsekvensane av at «vaksinen» gjer det menneskelege immunforsvaret om til eit våpen mot sin eigen kropp, som skildra av dr. Sucharit Bahkdi og andre.

Det som er sagt å vere eit immunogen er faktisk eit patogen utvikla for å bli distribuert rundt om i kroppen og som går til åtak på hjarte, lunger, hjerne, eggstokkar og alle vitale organ. Mein og dødsfall er resultatet.

Det er gyldige grunnar til å mistenkje at både viruset og vaksinen er konstruerte patogenar. Ein er at begge var under utvikling i lang tid. Ein annan grunn er at for å skape eit høgt nivå av frykt for å førebu folk på å stille seg i kø for «beskyttelsen» til vaksinen, vart behandling halden tilbake for å maksimere dødsraten, og kjende kurar slik som HCQ og Ivermectin vart demoniserte og forbodne å bruke. Og no har det vonde Biden-regimet teke kontroll over ei tredje behandling – monoklone antistoff – og held dei tilbake frå pasientar.

Grunnen til å halde tilbake kurar er å drive opp vaksinasjonsraten.

Ein annan grunn til at «pandemien» er mistenkjeleg, er at all uavhengig diskusjon og bevis blir undertrykt av det korrupte media og det medisinske etablissement. Forteljinga er kontrollert, og vaksinering er presentert som det einaste alternativet sjølv om det no blir innrømt at vaksinen er ineffektiv mot Covid-19 og variantane. Det noverande rasjonale for vaksinen vart uttrykt her om dagen av den inkompetente forsvarsministeren som, trass at han er trippelvaksinert, likevel fekk Covid og forklarte at sprøytene beskytta han mot å få eit meir alvorleg tilfelle. So vi har ein vaksine som ikkje verkar mot milde tilfelle av viruset, men som verkar mot alvorlege tilfelle? Korleis fungerer det?

Det medisinske og vitskaplege bevismaterialet er fullstendig klart på at heile Covid-forteljinga er kontrafaktisk og at styresmaktene veit det. Likevel pushar dei gjennom bruk av tvang, for meir vaksinering.

Vaksinering beskyttar ikkje. Den skader. So den einaste grunnen til å framtvinge det er å drepe menneske.

Den manglande evna folk har til å mistru «autoritetane» og den manglande evna folk har til å skaffe seg informasjon på eiga hand og til å tenkje sjølv, garanterer at millionar vil døy av å bli vaksinerte. Når du ser tusenvis av uavhengige legar og medisinske vitskapsfolk fordømme vaksinen berre for å bli ignorert av byråkratiske «folkehelse»-organisasjonar, har du klart bevis på at ekte autoritet ikkje snakkar. Den blir undertrykt.

Kvar enn debatt og informasjon blir undertrykt, veit du at noko blir skjult og at ein opererer med ein skjult agenda.

Den orkestrerte «Covid-pandemien» er eit massivt brotsverk mot menneskeheita. Skal vi late dei sleppe unna med det? Eller vil det vere for få av oss igjen til å gjere noko med det?

Tillegg:

Ein ekspert påpeikte til meg at medisinske autoritetar heilt klart ikkje har noko i mot at vaksinen drep folk, og dødsfalla er konsistente med Bill Gates/World Economic Forum sin intensjon om å redusere verdas befolkning. Eit mellommål er derimot overgangen til vaksinepasset slik som i Tyskland, Austerrike, Italia, Hellas og med Frankrike, Belgia og Nederland i ferd med å slutte seg til kravet om ein digital ID som tillèt sporing av alle og alle interaksjonar og, dermed, kontroll av befolkninga med belønning og straff som det kinesiske sosialkreditt-systemet. Dette lèt dei kontrollerte befolkningane bli gjort om til syndebukkar for skadeverket som avfolkinga skaper.

Dette er ei fornuftig forklaring på vektlegginga av Covidpass. Ettersom det er kjent og innrømt at vaksinen er ineffektiv som beskyttelse mot viruset, og ettersom viruset er farleg hovudsakleg til ubehandla pasientar med underliggande tilstandar, er passet meiningslaust for alle andre føremål enn kontroll. Passet gjev ingen beskyttelse i det heile mot spreiing av viruset og immunforsvaret sitt åtak på kroppens vitale organ.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s