Toppen av covid-galskap: No må tilsette ha på seg munnbind under digitale møte på heimekontor!

Nyleg påstod ein mann på Twitter at han blir tvinga til å ha på seg munnbind under virtuelle Zoom-møte med selskapet han jobbar i, fordi ein av kollegaene hans er livredd for munnbindlause menneskeansikt. Med andre ord må ein mann som jobbar heimanfrå, og som dermed har null sjanse for å «smitte» kollegaene sine (med eller utan munnbind), no ikle seg denne «munnbleia» når han deltek på virtuelle møte med kollegaer og leiinga.

Her er ei omsetjing av mailen som vart sendt ut til mannen av hans overordna, ei Ashleigh LeighAnn Davidson-Greene:

«Team, eg skriv til dykk alle i dag for å informere om ein ny protokoll for våre personalmøte på Zoom. Frå no av må alle bruke munnbind under møta våre. Ein av våre team-medlemmer er redd for munnbindlause ansikt, og eg vil sikre at alle føler seg trygge og komfortable. Dette kravet blir iverksett med éin gong.

Mvh,

Ashleigh LeighAnn Davidson-Green.»

Det er her tydeleg at det som spreier seg ikkje er koronaviruset, men sokalla massedanningspsykose. Natural News, der denne saken er henta frå, ser derimot ut til å trekkje i tvil autentisiteten til denne historia. Det kan vere at mannen har funne på dette. Artikkelforfattaren fann ikkje noko informasjon om denne fru Davidson-Greene nokon stad. Men sprøare ting har skjedd under heile denne plandemien, so eit slikt «tiltak» kjem ikkje akkurat som ei overrasking.

Kan hende er kollegaen til denne mannen redd for at datamaskina hans skal få koronavirus? Kven veit…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s