Finst det ein måte å hindre psykopatar i å få maktposisjonar?

Av Brandon Smith, Alt-Market.us. Omsett av saksyndig.

Midt blant digre imperium og teknokrati, er det mykje enklare for psykopatar å gøyme seg blant normale menneske og gå i eitt med dei.

Trass veksande gjenoppvakning av interesse i vitskapen og psykologien bak narsissistiske sosiopatar og psykopatar, verkar det som om dagens samfunn har gløymt korleis slike menneske kan sabotere sjølve bindelimet av ein sivilisasjon eller nasjon.

Det er veldig enkelt å hyper-fokusere på kollektivistiske ideologiar som kjelda for problema våre, og gløyme at desse ideologiane ikkje fungerer i eit vakuum; dei kan ikkje skape øydelegging av seg sjølve, dei treng psykopatiske menneske til å styre dei for å gjere verkeleg skade.

Det er noko med kollektivisme som gjer den passande for projisering og hykleri (kollektivisme er organisering på grunnlag av makt i staden for å vere friviljug). Eg reknar med at når din politiske ideologi blir din religion er det enkelt å bli om til ein fanatikar. Og medan fanatikarar finn makt i deira einfaldige tankesett og deira sekterisme, har dei òg tendens til å mangle sjølvinnsikt. Dei tørnar bokstavleg tala galne i si forguding av saken sin til det punkt der dei misser evna til å vurdere om saken er rett og rettferdig eller ikkje. Åtferda deira blir stadig meir uberekneleg og usamanhengande, og kvar person dei møter som ikkje deler deira syn blir med éin gong sett på som ein kjettar-fiende som må avslørast eller øydeleggjast.

Sett frå utsida er fanatikarar ei utømmeleg kjelde til komedie. Du kan ikkje anna enn le fordi alt tøyset, tullet og fanteriet er nonsens og absurd (berre sjekk ut «Libs of Tik Tok» for eit fjell av døme). So lenge dei ikkje har reell makt, er desse folka ein påminnar om kva som skjer når menneske går vekk frå fornuft i favør av galskap. Dei kan vere skremmande, men tener som underhaldning so vel som å halde resten av oss jorda. Når dei derimot oppnår makt, då sluttar alt å vere morosamt.

Sivilisasjonar gjennom historia har konsistent teke seg av problemet med fanatikarar, men den større trugselen er eksistensen av narsissistar og psykopatar som snik seg inn i autoritetsposisjonar og oppmuntrar til fanatisme blant massane. Generelt blir psykopatar sett på som eit avvik som er raskt identifisert og skydd for å hindre dei i å klatre for høgt opp stigen av sosial påverknad. Problemet er at dei ikkje er so sjeldne som ein kunne håpe på, og mange av dei har evna til å gøyme seg i flokken.

Rundt 1% av ei gjeven befolkning består av psykopatar, medan 1% er sosiopatar. Rundt 5% av menneske manifesterer narsissistiske trekk. Narsissistar er sjølvopptekne og ser på seg sjølve som overlegne til alle andre – dei trur at dei har rett på beundring og autoritet. Sosiopatar manglar evna til å føle empati for andre og dette gjer dei upraktiske som leiarar. Psykopatar viser òg mangel på empati, men er òg tilbøyelege til bruk av emosjonell eller fysisk vald. Dei finn glede i andre si liding og utfører eit stort tal valdelege brotsverk.

Sjølv om psykopatar utgjer 1% av befolkninga, utgjer dei 15 til 25% av innsette i fengsel. Deira negative påverknadskraft på samfunnet kan ikkje overdrivast.

Det er definitivt overlapping mellom dei ulike typane, men generelt viser nesten 10% av menneske farlege og for det meste ibuande psykologiske dysfunksjonar som ofte ikkje kan behandlast. Tenk på dette ein augneblink – 10 av 100 menneske er tikkande bomber som ventar på å gjere livet miserabelt for resten av oss.

For å vere sikker, er enkelte av dei framleis i stand til å fungere i samfunnet. Sosiopatar kan spesielt bli verdifulle innan felt der mindre empati krevst for å utføre visse oppgåver. Dei er spesielt veleigna som kirurgar, ambulansearbeidarar, soldatar, brannmenn og andre jobbar der det å sjå menneske som lid ikkje stoppar dei frå å utføre oppgåvene sine. Dei finn nødvendigvis ikkje glede i å sjå andre bli skadde, men dei blir ikkje emosjonelt sett ut av det heller. So lenge som ein ikkje lèt dei få posisjonar der dei kan påverke store menneskegrupper, kan dei tene folket godt.

Historia viser oss at å fange opp og hindre psykologisk øydelagte individ frå å kome seg inn i institusjonar som tilbyr makt ikkje er so enkelt. Faktisk var mange monarki og imperium bygt på system som lét psykopatar og narsissistar blomstre fordi dei var avhengige av arvefølgje. Dersom ein monark hadde ein son som hadde psykopati-tilbøyelegheiter, ville denne forrykte prinsen ein dag bli konge og det var lite ein kunne gjere med det. Det var ingen oppfangingsprosess. Mange slike trekk blir i tillegg genetisk overført, som tydar at ein maktstruktur bygt på arv vil bli progressivt meir destruktiv ettersom psykopatar innan konge og adel giftar seg med kvarandre. Dette kan forklare kvifor psykopatisk åtferd er overrepresentert blant monarkar i fortida.

Danninga av demokrati og demokratiske republikkar vart utvikla mellom anna for å luke ut abnormale individ ved å halde opne val og røystingsprosessar. Med andre ord, lat folket undersøkje kandidatar og fjerne skrullingane frå maktsirklar. Diverre fungerer ikkje dette so godt dersom alle kandidatane er psykopatar og folket ikkje har eit reelt val. Som ei forlenging har psykopatar òg funne måtar å omgå den politiske prosessen og kontrollere den utan å ta direkte del i den.

Konsernverda og finansielle institusjonar lèt psykopatar påverke politikk frå bak gardinene, ved å kjøpe kandidatar og lojaliteten deira eller evaluere kandidatar og berre late dei med liknande sosiopatiske, narsissistiske og psykopatiske vanar gjennom seleksjonsprosessen og inn i den politiske arenaen.

I stammesamfunn og mindre lågteknologiske samfunn, var det enklare å luke ut psykologisk øydelagte individ og hindre dei i å bli leiarar. Midt blant digre imperium og teknokrati er det mykje enklare for psykopatar å gøyme seg blant normale menneske og gå i eitt med dei. Vanlegvis samanliknar eg invaderande psykopatar med mytologiske historier om vampyrar av denne grunn. Eg kan verkeleg ikkje tenkje på ein betre analogi. Dei insinuerer seg sjølv inn i ei befolkning, tek til seg posisjonar der dei kan påverke, noko som beskyttar dei mot mistanke, og deretter sug dei byen systematisk tom for blod. Det er det dei gjer. Det er i deira natur og dei kan ikkje bli kurert, dei kan berre bli fjerna slik ein parasitt blir fjerna frå verten.

Desse menneska er topptrugselen til kvar ein sivilisasjon. Dei modererer kaos og dei konspirerer aktivt for å skifte ut det frie samfunn. Dei er det eg kallar primært organiserte psykopatar og dei jobbar vitterleg saman for gjensidig vinning, mykje likt ein ulveflokk. Dei representerer 1% av dei 1% (altso globalistane).

Psykopatar på toppen av pyramiden har vore organiserte lenge, men kva om millionane av andre menneske der ute med slike trekk? Kva skjer når dei får ein måte å samlast?

Moderne samfunn og Big Tech sosiale media har skapt endå verre omstende fordi no er det større psykopatiske samfunnet ikkje lenger isolert. Desse 1% som brukte å vere for det meste tilvist stille hjørne og utkantane av menneskeheita, er no i stand til å organisere seg i aggressive mobbar av fleire hundre tusen, og leiar millionar av mindre sosiopatar og narsissistar. Dette skaper ein subkultur av det eg ville kalle samfunnsgalskap – som det galne ordtaket seier, pasientane tek over galehuset.

Vi ser dette spesifikt med det politiske venstre og den opne fremjinga av narsissisme som ein akseptabel levemåte. Dette er ikkje å seie at psykopatar ikkje prøver å infiltrere konservative sirklar òg, berre at venstreorienterte ønskjer deira slag mykje meir velkommen. Dette er folk som tidlegare følte seg makteslause fordi dei var skydde, og no vil dei ha hemn.

Greia er at dei vart opphavleg skydde frå påverknad av ein veldig god grunn; dei er ikkje psykologisk utstyrte til å takle noko grad av makt. No får dei kontroll over institusjonar og dei blir piska inn i frodande villskap. Dei ser på seg sjølve som «underdogs» og «revolusjonære», men dei er i røynda berre emosjonelt avstumpa og handicappa og dei vart sette i permanent «time-out» for å beskytte resten av menneskeheita.

Men korleis handterer vi faren, ikkje berre på kort sikt, men òg på lang?

Kulturen vår må fundamentalt endrast med tanke på psykopati og andre abnormale trekk. Vi kan ikkje lenger ignorere affekten desse menneska har på menneskeheita som eit heile. Fyrste steget vil krevje skiljing frå rørsler og institusjonar som fremjar psykopatisk og narsissistisk åtferd. Med andre ord, må vi vende tilbake til isolasjonsmodellen for dei med psykopatiske tilbøyelegheiter i staden for å behandle dei som om dei var med i ei slags offerstatusgruppe som treng spesiell merksemd og «fostring».

Som merkt, er desse karakteristikkane i mange tilfelle medfødde og kan ikkje behandlast. Ein kan ikkje fikse problemet fordi det er mindre ein sjukdom og meir ein komplett ulik psykologisk struktur. Dei kan like gjerne høyre til ein annan art, og ein rovdyrart i tillegg. Ein kan ikkje eksistere side om side med dei. Dei ser på oss som mat.

Kandidatar for autoritetsposisjonar må undersøkjast for psykopati, narsissisme og sosiopati. Dersom dei har for mange av åtvaringssignala burde dei ikkje få desse jobbane. Dette er det einaste svaret utover å fundamentalt endre måten valsystemet vårt fungerer, som eg ikkje nødvendigvis er motstandar av heller. Eit lotterisystem for statlege jobbar saman med veldig stringente termingrenser (ikkje berre for normale politiske posisjonar, men òg for byråkratiske) ville i det minste vere betre enn det vi har no. Eg vil heller risikere at mindre kvalifiserte personar blir tilfeldig valt for statlege embete, enn å ha eit system som trekkjer til seg ein konsentrert kultur av vondsinna parasittar.

Kva betre måte er det å halde ute psykopatar enn å ta vekk alle langtidsfordelar med å jobbe i stat og regjering? Kva betre måte er det å avbryte påverknaden til konsernelitistar enn å ta frå dei evna til å finansiere eller velje kandidatane som endar opp i embetet? Og sjølv om dei var i stand til å kjøpe enkelte offentleg tilsette, so vil termingrensene føre til at dei må starte på nytt igjen og igjen med det nyaste kullet av nye tilsette.

Enkelte vil naturlegvis peike på at å endre systemet i morgon vil krevje at ein blir kvitt psykopatane som styrer det i dag. Eg er einig, det er eit dilemma. Trist nok, når psykopatar fyrst blir organiserte og forskansa, fortel historia oss at dei ikkje vil kunne fjernast utan vald og makt. Dei bryr seg ikkje om protestar, dei lèt seg ikkje bevege av fornuft eller logikk, dei bryr seg ikkje om massane sine lidingar og dei vil alltid sjå på seg sjølve som dei rettvise herskarane av oss «lågareståande» bønder.

Dei får overlegenheit frå dei avstumpa mobbane som dei leiar og utnyttar; dei nesten 10% av befolkninga som under organisering blir ein hær av ravande galne hattemakerar som sveltar etter smular frå maktas bord. Vi kan og burde halde fram å skilje frå den kollektivistiske mobben og fanatikarane, men alle psykopatar ser på skilje som trass og vil prøve å gripe inn. Til slutt må det bli ein kamp, og kanskje er det best.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s