Sommaren 2021 vart den anerkjende legen og forretningsmannen Joseph Mercola utpeikt som ein av medlemmane av det sokalla Disinformation Dozen («feilinformasjonsdusinet»). Ikkje berre var dr. Mercola på lista, han var på fyrsteplass. For å ikkje risikere at nettsida hans mercola.com vart stengt ned eller utsett for sensur, tok han valet å slette artiklane sine etter 48 timar. Då måtte ein vere rask og lagre ei PDF-utgåve av artikkelen før den forsvann. Deretter kunne ein laste opp PDF-fila på si private sky og bruke gjeldande link. Denne praksisen har saksyndig gjort når Mercola er brukt som referanse eller basisartikkel for blogginnlegg.
No har den driftige og kunnskapsrike amerikanaren derimot fått seg konto på Substack. Der vil etter kvart dei meir enn 15 000 artiklane – 25 års arbeid – kome tilbake i tur og orden. Mercola har i likskap med mange andre uavhengige stemmer valt Substack som ein stad å dele sine artiklar. Dei har alle til felles at dei er blitt tungt sensurert og forsøkt fjerna av den offisielle forteljinga.
Frå no av blir alle nye Mercola-artiklar gratis tilgjengelege på mercola.com i 48 timar, før dei blir flytta over til og arkivert i hans «sensurerte bibliotek», Censored Library. Ein må betale fem dollar i månaden, eller femti dollar i året for å vere medlem. Dette er gjort for å beskytte artiklane frå sensur under avtale om medlemskap.
Joseph Mercola er ei særs viktig stemme i dagens debatt, spesielt når det gjeld Covid, helse og mRNA-injeksjonane som feilaktig blir kalla vaksinar. Å betale for å framleis få tilgang til denne kjelda til nøyaktig og sannferdig informasjon blir difor å føretrekkje, framfor at «sensur-tsarane» får viljen sin, som er å utslette all opposisjon for å kunne halde fram sin nedrige agenda.
Dr. Mercolas «sensurerte bibliotek» finn du på takecontrol.substack.com.