Ein bekymra sjukepleiars brev: «Å samtykkje til Covid-tiltak er å samtykkje til terrorisme»

Henta frå The Gateway Pundit. Omsett av saksyndig. Brevet er noko forkorta.

Ein sjukepleiar som jobbar for Fayetteville VA Medical Center i den amerikanske delstaten  North Carolina sendte i slutten av desember 2021 ut eit brev der han forklarte kvifor han nekta å følgje protokollane og retningslinjene som var vedtekne av arbeidsgjevaren sin. Han meiner at ved å følgje nemnde retningslinjer, vil han med vilje skade dei som han som sjukepleiar har omsorg for, og difor hindre han i å gjere si plikt som helsepersonell. Han er sikker på at han ved å sende brevet vil bli oppsagt, ettersom han i praksis utfører ordrenekt (og brot på lojalitetsplikta til arbeidsgjevar).

Men har ein sitt på det tørre når ein utfører ordrar som er stikk i strid med både menneskerettar og ikkje-skade-prinsippet? Og gjeld lojalitetsplikta når arbeidsgjevar bryt lova?

Her er brevet, noko forkorta:

Til den det måtte angå.

Eg skriv dette brevet for å forklare kva grunnar som ligg bak det at eg nektar å følgje protokollane og retningslinjene som er vedtekne av Veterans Administration [hans arbeidsgjevar, oms.an.] i å utføre pliktene mine som sjukepleiar når det gjeld koronavirus-sjukdommen av 2019 (COVID-19). Dette brevet vil gje innsikt til mitt standpunkt, so vel som løysingar som eg trur er rimelege og passande handlingar. Handlingar som, eg trur og håper du vil vere einig, gjev forbetra pasientutfall og den best moglege løysinga for å bekjempe COVID-19.

Som tilsett ved Fayetteville VA, har eg ofte plassert tryggleiken og velværet til pasientane og kollegaene mine framfor min eigen. I denne tida av aktive skytarar eller mental helsekrise har eg aldri stilt spørsmålsteikn ved å gjere det rette for å beskytte dei rundt meg. Eg føler at handlingane mine trengst for å sikre at vi gjer det rette for våre familiar, pasientar og fagfellar.

Merriam-Websters [ei engelskspråkleg ordbok; oms.an.] definisjon av terror, terrorisme og tvang er som følgjande:

  1. Terror (substantiv): ein tilstand av intens og overveldande frykt. Vald eller trugselen om vald brukt som eit våpen. Eit svært skremmande eller gruoppvekkjande aspekt.
  2. Terrorisme (substantiv): Den systematiske bruken av terror, spesielt som tvangsmetode.
  3. Tvinge (transitivt verb): Å få nokon til å gjere ei handling eller ta eit val. Å oppnå ved hjelp av makt eller trugsel. Å halde nede eller dominere med makt.

Basert på definisjonane gjevne over, trur eg at ved å samtykkje med COVID-19-retningslinjene vedtekne av Veteran Adminstration vil eg delta i terrorisme. Dei vedtekne retningslinjene skaper eit miljø av frykt eller terror gjennom feilaktig PCR-testing, tilbakehalding eller begrensing av profylaktisk eller tidleg behandling, bruken av skadelege legemiddel for behandling av innlagte pasientar og vaksinetvang for å overtale eller tvinge befolkninga til å ta ein eksperimentell vaksine. Dette er brot på Nürnberg-kodeksen, og eg trur at det er terrorisme.

Eg trur at ved å ta del i COVID-19-protokollane, vil eg med vilje skade dei individa som er i mi omsorg, og det vil hindre meg i å praktisere ei primær plikt til å vere talsperson for pasientane mine. Eg er av den trua at å tvinge kollegane mine og meg sjølv til å ta del i COVID-19-protokollane, begår Veterans Administration direkte brot på Title 18 US code 373, Solicitation to commit a crime of violence [omtrentleg omsetjing er å oppfordre eller tvinge nokon til å gjere ei straffbar, valdeleg handling, oms.an.].

Hermann Göring, ein naziforbrytar, sa det best: «Du kan gjere dette i eit regime som er nazistisk, sosialistisk, kommunistisk, monarkisk eller demokratisk; det einaste ein stat treng for å gjere folket om til slavar, er frykt. Om du kan finne noko som skremmer dei, kan du få dei til å gjere kva du vil.» Dette er ei kjensle som eg trur er sann. Eg trur det er der vi er i dag, på randa av tragedie, og eg kan ikkje vere del av den.

Eg veit at mange amerikanarar lever i ein tilstand av forvirring og frykt, frykt for å døy av COVID-19, frykt for vaksinetvang, frykt for å døy av vaksinane, frykt for å miste jobben/levebrødet, frykt av arbeidsgjevar for å miste arbeidarar og ei generell frykt for ei usikker framtid. Mange av desse amerikarane arbeider eller søkjer omsorg i Veterans Administration. I fortida reagerte vi irrasjonelt på frykt, vi segregerte toalett, drikkefontener, symjebasseng, på bakgrunn av rase utifrå frykt. Vi sette i fengsel japansk-amerikanarar under Andre verdskrigen, handlingar mot jødar på 1930-talet utifrå frykt, og mykje meir. Når vi ser tilbake innser vi at denne frykta var irrasjonell, men for mange var ho på den tida ekte. Kan vi ikkje lære frå feila våre i fortida? Er vi for fulle av hybris [guddomleg overmot] til å tru at vi kan bli overtala til å late historia gjenta seg sjølv? Vi les historie og lurer på kvifor folket ikkje stoppa desse grusomheitene før dei fann stad. Eg vil spørje kvar og ein som er i stand til å lese dette om å vurdere kva som skjer rundt deg akkurat no og samanlikne det med dei hendingane som førde til alt det grusomme i historia, og kva handlingar vi burde ta for å unngå at dette skjer igjen.

Vi som eit folk kan stoppe dette frå å skje. Ikkje gjennom vald, gøymsle eller ved å prøve å manipulere systemet, men gjennom sivil ulydigheit. Dersom vi kom saman som helsepersonell og slutta å følgje dei noverande COVID-19-retningslinjene og i staden kom med nøyaktig informasjon og effektiv tidleg behandling, ville vi ikkje tilby den beste omsorg til pasientane våre og fagfellane våre med gjennomsiktigheit, ærlegdom og integritet?

Eg kjem ikkje til å gå til åtak på dei eksperimentelle vaksinane, ettersom mange trur på vaksinane og ønskjer moglegheita til å ta dei. Men når har vi nokosinne massevaksinert heile befolkninga på jorda med ein eksperimentell vaksine? Mange kan tru at dette aldri ville ha skjedd, men det er nettopp det som finn stad no. Den amerikanske presidenten sa, og eg parafraserer, at den nye normalen er for «alle» å bli vaksinert.

Eg trur ikkje at staben vår viljug tek del i det eg trur er ein fryktkampanje for å påverke pasientane våre. Eg har bakgrunn i infanteriet og har kamperfaring. Eg har vore i situasjonar der soldatane mine og eg vart utsette for eit bakhaldsåtak og tok i mot konstant eld frå alle kantar. Når vi fyrst vart angripne, var det kaos og soldatane kjempa med dei våpena dei hadde, og reagerte basert på trening og instinkt. Eg trur at dette skjedde med vårt medisinske samfunn med COVID-19. Derimot, akkurat som i ein bakhaldsåtakssituasjon, må vi samle oss og evaluere situasjonen, og avgjere den beste måten å bekjempe denne fienden. I tider som denne treng vi leiarskap, ikkje blinde administratorar av politikk.

Bekymringar og løysingar

Eg trur at den universelle munnbindbruken, PCR-testen og vaksinane alle er eksperimentelle og kan ikkje bli påbodne på denne tida. Påboda blir no utfordra gjennom rettssystemet. Eg trur at dei noverande protokollane har mislykkast i å hindre infeksjonar eller overføring og den primære grunnen deira er å skape ein atmosfære av terror der den einaste løysinga er ein eksperimentell vaksine. Dette er terrorisme, å tvinge pasientane til å ta del i ei eksperimentell behandling, og i direkte stird med Nürnberg-kodeksen.

Eg trur at munnbindpåbodet er ineffektivt når det gjeld å hindre spreiinga av COVID-19 og at grunnen for munnbinda er å skape eit miljø av frykt (terror), og det einaste valet dei gjev (tvang) er ein eksperimentell vaksine (terrorisme). COVID-19-viruset trur ein at er luftbore der ein av smittekjeldene er dropesmitte. Eg trur ikkje det finst nokon måte å teste effektiviteten av at personale og pasientar går med munnbind. Ymse typar ansiktsdekke er tillatne, uavhengig av medisinsk grad. Sosial avstand er umogleg basert på storleiken på arbeidsmiljøet vårt og pasient-tilsett-populasjonen, og personleg kan eg ikkje fortelje deg om ein einaste kollega som universelt og alltid går med munnbind og praktiserer sosial avstand på arbeid.

PCR-testen er misbrukt for å skape falske positive. Eg har basert meininga mi på ulike grunnar:

  1. Naudgodkjent bruk (Emergency Use Authorization; EUA) slår fast at PCR-testen ikkje vart utvikla ved å bruke COVID-19-viruset. Det var ikkje tilgjengeleg då testen vart utvikla.
  2. EUA slår fast at PCR-testen ikkje kan utelukke andre sjukdommar som årsak til infeksjon eller symptom.
  3. EUA for PCR-testen har blitt tilbaketrekt, men får halde fram i bruk til slutten av 2021 [no skriv vi 2022, so dette har allereie skjedd; oms.an.] I tillegg trur eg at PCR-testane blir utført på ein høgare syklus enn den dei vart laga for, noko som skaper falske positive. Igjen trur eg dette er gjort for å skape ein atmosfære av frykt (terror) der den einaste gjevne løysinga (tvang) er ein eksperimentell vaksine (terrorisme).

Eg trur at det å teste kvart einaste individ for COVID-19 med PCR-testen same om dei har symptom eller ikkje, gjev eit falskt bilete av COVID-19-dødsrater. CDC slår fast «[COVID-19]dødsfall blir talde med grunnlag i at Covid-19-ICD-koden er lagt til pasienten si diagnoseliste.» Fordi desse dødsfalla er kalkulerte basert berre på inkluderinga av COVID-19-ICD-10-koden, og ikkje basert på den faktiske dødsårsaken, trur eg at desse dødsfalla er kunstig høge. Eg har teke meg av mange pasientar utan symptom eller til og med ikkje mistanke om COVID-19 som testa positivt på PCR-testen då dei vart lagt inn, altso vart dei tilskrivne COVID-19-ICD-10-koden. I desse tilfella har COVID-19 ingenting å gjere med pasientens tilstand eller kvifor dei er innlagt, og kan kanskje til og med vere ein falsk positiv. Dersom pasienten derimot skulle døy, vil han på grunn av inkluderinga av COVID-19-ICD-10-koden bli talt som eit Covid-19-dødsfall. CDC sine vekentlege tal viser typane av helsetilstandar og bidragande årsaker nemnde i samband med dødsfall som involverer COVID-19. For over 5% (mindre enn 6%) av desse dødsfalla, var COVID-19 den einaste årsaka nemnt på dødsattesten. For dødsfall med tilstandar eller årsaker i tillegg til COVID-19, var der i gjennomsnitt 4 tilleggstilstandar eller årsaker til døden. Eg trur at politikken rundt korleis ein fører rapporteringa av COVID-19-tilfelle med vilje skaper ein atmosfære av frykt (terror) der den einaste gjevne løysinga (tvang) er ein eksperimentell vaksine (terrorisme).

Eg trur ikkje at vaksinane burde bli påbodne for pasientar eller tilsette. Ifølgje CDC hindrar ikkje dei eksperimentelle COVID-19-vaksinane smitte med eller overføring av viruset. Dette kan vere på grunn av variantar eller svinnande varigheit eller rett og slett at dei har mislykkast. Både CDC og FDA merkte seg at dei eksperimentelle vaksinane utgjorde ein risiko for myokarditt, perikarditt, blodproppar, nevrologisk skade og død. American Heart Association åtvarar om hjarteproblem med mRNA-vaksinane. Desse er alle bekymringar, sidan VAERS merkjer seg at det totale talet dødsfall assosiert med COVID-19-vaksinane på eitt år er det dobbelte av talet til alle andre vaksinar dei siste tretti åra kombinert.

Sovidt eg veit er det inga FDA-godkjent COVID-19-vaksine tilgjengeleg i USA. Gjennom vår noverande administrasjon blir våre pasientar og tilsette lurt til å tru at desse eksperimentelle vaksinane, berre naudgodkjende, er FDA-godkjende. Denne villeiinga blir for tida utfordra gjennom vårt rettssystem. Eg trur at vi ikkje burde lyge til våre pasientar eller tilsette meir. Vi burde utdanne folket i dei sanne risikoane og fordelane assosiert med denne vaksinen. Ifølgje CDC er eit individ ikkje «generelt sett på som fullvaksinert» før to veker etter den andre mRNA-sprøyta, eller fyrste J&J-sprøyta. Eg kan berre anta at dei som døydde før to veker etter injeksjon ikkje vart talde med som vaksinedødsfall. Eg kjenner ikkje til andre legemiddel som er injiserte i kroppen der moglege biverknader ikkje er tekne med i reknestykket før to veker etter injeksjonen. Etter mitt syn er dei eksperimentelle vaksinane verken trygge eller effektive. Dei noverande vaksinane er framleis eksperimentelle, noko som vil seie at tryggleiken og effektiviteten framleis er under evaluering. I tillegg nektar vaksinepåbodet å anerkjenne noka form for naturleg immunitet. Ein studie frå Israel, eit av dei mest vaksinerte landa, ser ut til å presentere naturleg immunitet som meir effektiv og meir langvarig enn den eksperimentelle vaksinen. Til støtte for naturleg immunitet, har CDC òg innrømt via ein Freedom of Information Act (FOIA)-førespurnad at dei ikkje har nokon dokumentasjon på at ein uvaksinert person har spreidd COVID-19 til andre, etter å ha fått COVID-19 éin gong, kome seg og deretter blitt gjen-smitta.

Eg trur at legemiddel og behandlingsval for hindring av og tidleg behandling av COVID-19 eksisterer utanfor vaksinen eller remdesivir. Som merkt, har remdesivir, eit lovprist behandlingsval, vist seg å ikkje vere so effektivt som ein tidlegare trudde. Eg trur at val for hindring og tidleg behandling med vilje er haldne tilbake frå folket. Det er vanleg praksis blant behandlande legar å bruke patent-utgåtte legemiddel etter samtykke frå pasienten. Eg trur at pasientane våre burde bli tilbydd ulike behandlingsval for å behandle og hindre COVID-19, inkludert å oppmuntre til å halde ved like eit sunt immunforsvar ved bruk av vitamin C, D og sink, den auka bruken av monoklone antistoff, so vel som legemiddel som ivermectin og hydroksyklorokin. Eg trur at desse blir haldne vekke frå folket med vilje. Desse behandlingsprotokollane og profylaksen blir med suksess brukt av legar over heile landet. Eg trur at ved å halde tilbake tilleggsbehandlingsval frå samfunnet, skaper ein ein atmosfære av frykt (terror) der den einaste gjevne løysinga (tvang) er ein eksperimentell vaksine (terrorisme).

Dersom COVID-19 er den øydeleggjande pandemien som vi skal tru den er, ville det ikkje vere i alles beste interesse, å hindre overvelding av sjukehus og moglege dødsfall, ved å bruke kvart behandlingsval og kvar profylakse som finst? Er det klokt å berre tillate eitt behandlings-/profylakseval og halde fram å bruke den eine modaliteten, sjølv når dødstala held fram å stige? På akuttmottaket kan ein pasient som er behandla med antibiotika, kome tilbake dersom infeksjonen held fram. I denne situasjonen, er det best praksis å halde fram å føreskrive den same antibiotikaen til pasienten må leggjast inn, eller er det meir effektivt å implementere tilleggsbehandling eller meir aggressiv behandling? Mange pasientar vender tilbake til akuttmottaket når tilstanden deira ikkje blir betre. Legen revaluerer den tidlegare behandlingsplanen og skiftar mange gonger den antibiotiske eller behandlingsplanen for å sikre betre resultat for pasienten. Dersom bruk av patent-utgåtte behandlingsval er mykje brukt i medisinsk praksis, kvifor gjer vi ikkje det same med COVID-19.

Eg trur det er eit svar på korleis vi kan løyse mykje av denne frykta og tilby det beste utfallet for våre arbeidarar og pasientar.

  1. Stopp asymptomatisk testing og universell bruk av munnbind. Asymptomatisk spreiing av dette viruset er i beste fall ekstremt sjeldan. Asymptomatisk testing og universell munnbindbruk spreier frykt.
  2. Tilby nøyaktig informasjon om profylaktisk og tidleg behandling av pasientar til å inkludere patent-utgåtte legemiddel og behandlingsval, og med informert samtykke tilby desse menneska den ønskte behandlinga.
  3. Tilby nøyaktig informasjon om vaksinane inkludert noverande informasjon om dødsfall og uventa biverknader og med informert samtykke gje vaksinen til dei som ønskjer den.
  4. Stoppe vaksinepåboda. Dette er umoralsk og ulovleg, og eg vågar å seie at dei som er pådrivarar for påboda vil bli haldne ansvarlege.
  5. Revaluer definisjonen vår av død med COVID-19 og død av COVID-19 og distribuer denne informasjonen.

Dersom frontkjemparar innan helseomsorg og ambulansetenester kom saman, nekta å samtykke med dei noverande COVID-19-retningslinjene og implementerte dei fem endringan lista ovanfor kunne vi endre retninga til vår noverande situasjon og ha ein betre sjanse til å bekjempe COVID-19.

Med vennleg helsing

Jerry Bledsoe
Sjukepleiar
bledsoejerry@protonmail.com

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s