Gang-stalking: Det er ikkje paranoia om dei verkeleg er ute etter deg

Det engelske omgrepet gang-stalking kan omsetjast med «gjeng-forfølging», og viser til eit individ si subjektive kjensle av å vere forfølgt av ei gruppe individ. Desse skildrar seg sjølv som targeted individuals (forkorta TI; omtrentleg omsetjing «individ i søkjelyset») og hevdar seg utsett ikkje berre for forfølging, men òg overvaking, trakassering og til og med høgteknologi-våpen som kontrollerer tankane deira. Fenomenet gang-stalking har eksistert iallfall sidan 1990-talet, men personar har i alle tider hevda seg forfølgt av blant anna styresmaktene, etterretningsbyrå eller andre mektige aktørar. Innan psykiatrien har mange av dei gjerne fått diagnosen paranoid schizofreni eller paranoid personlegdomsforstyrring.

Men kva om dette ikkje er paranoia? Kva om desse personane reelt blir utsett for denne organiserte forfølginga, overvakinga og trakasseringa? Det er jo trass alt ikkje paranoia om dei verkeleg er ute etter deg.

Både media og vitskapen ser ut til å ta fenomenet på alvor. Vitnesbyrd frå desse individa, TI-ane, blir møtt med sympati og forståing. Dei blir som regel ikkje resolutt avskrivne som psykisk sjuke som har gløymt å ta medisinane sine. Det finst òg bloggar der dei sjølv skildrar opplevingane sine, mellom anna den ganske urovekkjande bloggen til ei norsk, 50-årig dame. Historia hennar strekkjer seg frå 2014, då denne «skjulte forfølginga» byrja, og fram til ho som pasient på ein psykiatrisk institusjon skriv sin siste bloggpost i september 2016. I det tidsrommet hadde ho blant anna hyra ein privatetterforskar, som plutseleg vende seg mot ho. Til slutt hadde ho ikkje anna val enn å leggje på flykt gjennom landet og leve på hemmeleg adresse – fram til ho visstnok vart fanga opp av psykiatrien i tidleg 2016.

TI-ar skildrar typisk at dei lever i konstant frykt, at dei ser stadige bevis på at dei blir forfølgde (til dømes i form av sivilpoliti som «tilfeldigvis» alltid er i gata kvar gong dei går ut), og til og med at dei blir forsøkt kontrollert på avstand ved hjelp av lågfrekvent stråling. Dei meiner òg at det ligg vondsinna intensjonar bak handlingane til alle menneske rundt seg.

I motsetnad til personar som lid av paranoid schizofreni eller paranoid personlegdomsforstyrring (som har nøyaktig same tankesettet), verkar ikkje TI-ar å vere i psykisk ubalanse. Mange av dei er til dømes legar, anerkjende forfattarar og andre høgtfungerande individ i samfunnet. Dei kan faktisk ha alle slags yrke, og dei har alle ulike historier om kven (eller kva?) som forfølgjer dei; alt frå naboar, eks-kjærastar, arbeidsgjevarar, politiet og til og med den finansielle eliten eller frimurarar.

Det ligg som regel motiv om hemn bak denne forfølginga. Kan hende slo dei opp med ein sjalu og valdeleg kjærast som ikkje takla å bli romantisk avvist. Kan hende varsla dei om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen. Kan hende hadde dei eit ublidt møte med politiet. Kan hende har dei faktisk jobba i E-tenesta og dermed fått tilgang på hemmelegstempla informasjon.

Det dei alle har til felles, er at denne skjulte forfølginga har øydeleggjande konsekvensar for deira privatliv. I tillegg kjem opplevinga av fysiske symptom, slik som smerter, eller at dei «høyrer stemmer». Dei opplever òg skam og stigmatisering ved å fortelje om erfaringane sine til familie og venner, ettersom dei som regel blir sett på som «sprø». Dei finn derimot trøyst blant likesinna på Internett, der dei deler kvarandre sine historier, den eine verre enn den andre. Dei opplever seg sjølv som sentrum av ein vid konspirasjonsteori som kan gå heilt opp til regjeringsnivå, om ikkje høgare.

Dette «forfølgingsvanviddet» kjem ikkje ut av det blå. Forfølging og trakassering er høgst reelle fenomen, og dei får ofte ein valdeleg eller dødeleg utgang. Til dømes skjer mange overlagte drap etter lange periodar med forfølging der besettelsen til slutt eskalerer – til dømes den sjalu eks-kjærasten eller eks-ektemaken som til slutt myrdar offeret. Det skjer òg mobbing av enkeltindivid, heilt frå grunnskulen og opp til arbeidslivet. Mange som har fortalt om slike episodar, har fyrst ikkje blitt trudd, og til og med blitt sett på som galne. I ettertid har det vist seg at forfølginga og trakasseringa var ekte.

For dei som sjølv ikkje har opplevd gang-stalking, er det svært lett å avskrive det heile som paranoia.

Eg har personleg erfaring med miljøarbeid med personar med diagnosen paranoid personlegdomsforstyrring. Dei utviser nøyaktig same symptom som TI-ar, bortsett frå at deira eigne opplevingar er fullstendig imaginære. Slike ser vondsinna intensjonar i sjølv uskuldige kvardagshendingar. Om telefonen ringjer og personen legg på, trur individet automatisk at det er E-tenesta som ringjer for å sjekke om dei er heime – når det i røynda høgst sannsynleg er nokon som har ringt feil nummer. Realitetsorientering nyttar ikkje, ettersom personen er so låst i sine eigne vrangførestillingar at han eller ho er lukka for alternative forklaringar.

I sjeldne tilfelle kan det faktisk vere tilfellet at det er E-tenesta som står bak telefonsamtalen. Då snakkar ein om gang-stalking. Problemet er at det er særs vanskeleg å bevise at det er etterretningstenesta som står bak, ettersom dei jo er ekspertar i å drive med skjult overvaking av individ som dei meiner er ein trugsel mot rikets tryggleik.

Grunnen til at TI-ar som regel ikkje blir trudd og tekne for å vere psykisk sjuke, er mangelen på motiv frå dei som forfølgjer offeret. Om dei til dømes meiner seg forfølgt av E-tenesta, kan ein spørje: Kvifor skulle E-tenesta bruke masse tid og ressursar på å spionere på ei 50 år gammal dame som ikkje har sett sine bein i nærleiken av eit etterretningsbyrå, og langt mindre jobba der? Berre det å overvake PC-en til nokon er i dei fleste tilfelle strengt forbode. Då må ein faktisk hacke PC-en (sokalla «datainnbrot»), og slik ei handling kan straffast med bot eller fengsel inntil to år, jf. Straffelova §204. Naboparagrafen, §205, forbyr òg å drive hemmeleg avlytting og overvaking av deriblant e-postar og annan privat korrespondanse – dette klassifiserer lova som «krenkelse av retten til privat kommunikasjon». Sjølv E-tenesta kan ikkje plutseleg byrje å overvake nokon «for moro skyld», og langt mindre terrorisere lovlydige borgarar.

Ei grundig psykiatrisk undersøking vil som regel avdekkje om det er snakk om psykisk sjukdom eller personlegdomsforstyrring. Om ingen av delane er til stade, om personen trass sine påstandar om gang-stalking elles er frisk og velfungerande – fyrst då kan ein byrje å stille spørsmålsteikn ved om observasjonane og erfaringane kanskje kan vere reelle. Diverre blir dette vanskeleggjort av TI-ane. Dei har so visst ikkje tenkt å snakke med psykolog, for då vil dei jo garantert få diagnose og bli sperra inne på galehus!

John Nash var ein amerikansk matematikar som i 1994 fekk Nobels minnepris i økonomi. Han bidrog fundamentalt til spelteori, differensialgeometri og partielle differensiallikningar, og teoriane hans er brukt innan mellom anna økonomi, databehandling, rekneskap og kunstig intelligens – faktisk òg innan evolusjonsbiologi, politikk og militær teori.

Nash leid diverre òg av paranoid schizofreni. Han meinte mellom anna at alle menn med raude slips var del av ein kommunistkonspirasjon mot han, og han meinte at desse var i ferd med å danne ei regjering. Under ei førelesing i 1959 vart det for tilhøyrarane openbert at han var alvorleg psykisk sjuk, då sjølve førelesinga gav inga meining. Like etter vart han innlagt. På 1960-talet var han inn og ut av psykiatriske institusjonar i eit forsøk på å behandle sjukdommen. Seinare i livet vart han frisk nok til å vende tilbake til akademisk arbeid, og han tok visstnok verken medisinar eller mottok behandling for denne alvorlege psykiske sjukdommen.

Livet hans er skildra i filmen Et vakkert sinn (A Beautiful Mind på engelsk), der Russell Crowe speler Nash. Filmen er ikkje 100% nøyaktig når det gjeld portretteringa av Nash og livet hans.

86 år gamle Nash og den 82 år gamle kona hans omkom i ei bilulykke 23.mai 2015 då drosja dei sat i kolliderte i New Jersey. Merkeleg nok brukte verken Nash eller kona setebelte, noko som førde til at dei vart kasta ut av bilen. Taxisjåføren og ein annan passasjer overlevde.

Saksyndig stiller seg open til spørsmålet om Nash sjølv kan ha vore eit TI som var offer for reell forfølging som seinare avtok då han gjekk med på psykiatrisk behandling. Han hadde ei alvorleg sinnsliding som såg ut til å ha blitt «betre» trass fråvær av medisinar og behandling, og både han og kona brukte ikkje setebelte i ei drosje som «tilfeldigvis» kolliderte – og drap berre dei to. Sat Nash på hemmelegstempla informasjon som visse mektige aktørar ikkje ville skulle kome ut? Kven veit. Han jobba på byrjinga av 1950-talet for tenkjetanken RAND Corporation, som tilbydde forsking og analysar til det amerikanske militæret. Nash hadde på den tida topp-klarering til hemmelegstempla informasjon.

Bloggen til den 50-årige norske dama som er omtala tidlegare i denne artikkelen, slutta som sagt i september 2016. Ingen vidare informasjon er å finne om ho. Dette er urovekkjande. Fleire gonger skreiv ho at dersom det ikkje kom fleire blogginnlegg frå ho, so tyda det at «dei» hadde teke livet av ho. Målet med gang-stalking er nemleg å til slutt uskadeleggjere offeret, anten gjennom mord eller ved at offeret i fortviling begår sjølvmord.

Kva trur du skjedde?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s