Frankfurt-skulen: Korleis ny-marxisme kom til å dominere vestleg tenking

Av Hanne Nabintu Herland, The Herland Report. Omsett av saksyndig.

Frankfurt-skulen: Den dramatiske kulturelle forskyvinga vekk frå historiske vestlege verdiar har ikkje skjedd tilfeldig.

Akkurat som romanforfattar og filosof Ayn Rand kommenterte i eit intervju med Universitetet i Michigan, avgjer filosofar historia. Dei legg ut ideologiane som dannar grunnlag for kulturell utvikling og legg fram verdiar som er meint å bli sett på som populære i samfunnet.

Akkurat dette har skjedd.

Det var etter Andre verskrigen at sjølverklærte marxistiske intellektuelle, slik som Theodore W. Adorno og Herbert Marcuse vart dei intellektuelle grunnleggingsfedrene av den radikale rørsla – kalla ny-marxisme – som dreiv studentopprøra på 1960-talet.

Ideane deira vart om til New Left [Nye venstre] i USA. Dette var i dei tidlege dagane til fri sex, stoff, abort og eit totalt opprør mot tradisjonell religion.

Dei var filosofane som danna ein ny måte å sjå verda på. Dei snakka openlyst om sine marxistiske syn og danna ideologien som kom til å bli den «politisk korrekte» foreljinga i Vesten.

Problemet er at dersom den ideologiske hypotesen – det ein antek – og argumentasjon er feilaktig og basert på modellar som ikkje reflekterer realisme, men ønsketenking, vil det innførde verdssynet ende opp med å skape ein pågåande ubalanse i samfunnet med kulturell tilbakegang som resultat.

I dag er vi oppslukte i konsekvensane av denne mislykka marxist-ideologien i Vesten, som braut alle reglane og lét oss sitje igjen med ein kultur utan grunnsøyler.

Dei tidlege kommunistane antok at revolusjon alltid ville løyse problemet

I Vesten har vi i stor grad fullført målet i The Communist Manifesto frå 1848, nemleg å «smelte det faste til luft». Etter Den franske revolusjonen såg forfattarane av verket, Karl Marx og Friedrich Engels, det som sitt oppdrag å hjelpe med å bryte laus frå det dei følte var sementert i eit utdatert tradisjonelt klassesamfunn.

Marxistane hadde ønske om eit betre samfunn meir basert på likeverd, der privilegia til adelen ikkje hindra avansementet til arbeidarklassen.

Dei analyserte kva kapitalismen hadde gjort med kulturell tilhøyrsle, men enda likevel opp med å føreskrive ein radikal kur: revolusjon. Denne ideen utfalda seg til å rive ned tradisjonelle verdiar og den førmoderne familiestrukturen, lojalitetsbaserte plikter og rettar i dette «gamle regimet», som Alexis de Tocqueville so veltalande skildrar det i Democracy in America.

Denne rørsla har vore særs vellykka i å øydeleggje dei tradisjonelle verdiane og det sosiale limet i vestlege samfunn.

Marxisme heldt fram sin påverknad på vestleg tenking etter Andre verdskrigen

Marxisme fann si revitaliserte form etter Andre verdskrigen i Frankfurt-skulen i Tyskland, ei intellektuell gruppe knytta til Institut für Sozialforschung i Frankfurt am Main før krigen.

Dei var interesserte i å analysere språk som eit verktøy for undertrykking, som ein ser i destruktive propaganda-strukturar, so vel som institusjonalisert språk brukt av eit undertrykkjande byråkrati. Då krigen braut ut, flytta mange av dei til USA.

Martin Jay skildrar godt perioden i The Dialectical Imagination. A History of the Frankfurt School and the Institute of Social Research 1923-1950. I lang tid hadde frustrasjon dominert dei venstreorienterte tenkjarane i Tyskland, opprørte som dei var då Bolsjevik-revolusjonen implementerte marxisme i Russland under Fyrste verdskrigen raskare enn dei var i stand til å gjere i Vesten. Korleis kunne sovjetarane ta denne vitale ideologien og gjere den om til sin eigen i slik ein fart?

Dei sat igjen med to val: anten støtte Moskva-kommunismen eller den meir moderate sosialismen i Weimar-republikken i Tyskland.

Eit tredje val dukka gradvis opp. Tyske tenkjarar byrja å gjen-eksaminere marxistisk teori og modernisere den. Dette vart Frankfurt-skulen som seinare lykkast i å gjenforme dei sosiale strukturane i Vesten. Disiplane til den anerkjende behovet for politisk endring etter Fyrste verdskrigen ettersom nasjonal sosialisme hadde fullstendig mislykkast.

Moglegheita for at eliten kunne misbruke makta si uroa med rette etterkrigstidas Frankfurt-skule-intellektuelle, sidan det byråkratisk institusjonaliserte samfunnet som markerte moderne demokrati hadde skapt nazisme fungerte so godt i den tyske staten.

Det var akkurat den briljante organiseringa innåt i institusjonane og det statskontrollerte byråkratiet som gjorde Nazi-Tyskland so effektivt. Håpet var å unngå slik ei utvikling i Europa i framtida.

Likevel forblei dei intellektuelle i Frankfurt-skulen marxistar, medan dei leita etter måtar å moderere den marxistiske førkrigsideologien for å gjere den meir anvendeleg. Det mange ikkje reflekterer over, er at dei leiande intellektuelle i Europa ikkje endra sin ideologi etter Andre verdskrigen.

Dei marxistiske tenkjarane kalla seg no ny-marxistar

Førkrigsideologien heldt fram, no berre lite grann modifisert. Filosofar slik som Theodore W. Adorno, Herbert Marcuse og Max Horkheimer lanserte konseptet «kritisk teori», og impliserte at vitskap ikkje berre burde skildre, men òg endre undertrykkjande tilstandar i sosiale strukturar.

Ideen var at dersom den kritiske teorien vart anvendt, ville ein unngå misbruk av makt. Den originale agendaen var å etablere eit rettvist samfunn der minoritetar ikkje lenger vart undertrykte. Dei følte at det å gjere kritisk offentleg innsyn enklare, ville gjere det mogleg å tvinge fram dialog med elitar og statlege makter for å unngå maktmisbruk. På denne måten ville det herskande systemet sine underliggjande intensjonar bli avdekte.

Etterkrigsintellektuelle, slik som Adorno og Marcuse, vart dei intellektuelle grunnleggingsfedrene til studentopprøra i 1968, det Nye venstre i USA og deira avslappa haldningar overfor stoff, abort og hedonisme i sitt sterke ateistiske dytt mot tradisjonell etikk.

Dette vart til dei tidlege dagane av fri sex, abort og opprør mot tradisjonell religion. Barn vart ikkje lenger i same grad som før sett på som reine velsigningar frå Gud, men heller som «hinder for individuell suksess».

Adornos startpunkt slå fast at modernitetsprosessen hadde mislykkast i å frigjere menneske frå fortidas fangenskap og i staden slavebunde dei meir. Adorno eksemplifiserte noko av den depressive stemninga etter krigen på vegner av modernitet. Påverknaden av den i byrjinga positive ny-marxistiske tenkinga byrja å gjennomsyre dei amerikanske universitetsstrukturane.

Kritisk teori søkte å avsløre «forgriparen», so å seie, og kjempe for dei som var offer for mellomklassen. Dei hadde rett når dei fastslo at dei tradisjonelle mellomklasseelite-strukturane i Europa trong reformasjon og meir makt gjeven til folket. Dette djupfølte behovet for kritisk tenking og intellektuelle som stilte spørsmål til dei med makt, var like viktig då som det er no.

Dei sette ut for å reformere det som ikkje fungerte, men rørsla enda opp med å fundamentalt endre dei historiske vestlege verdisystema.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s