Avdelingsleiaren – ei fiktiv historie til underhaldning og augehimling

Her følgjer ei humoristisk og tragisk forteljing om enkelte tabbar ein vernepleie-utdanna avdelingsleiar kan gjere i den kommunale helsesektoren. Det er ikkje nødvendigvis ein kritikk av vernepleiarar og korleis deira alternative verdssyn skaper konflikt og forvirring blant helsepersonell som ikkje er hjernevaska av deira tvilsame doksa. Eller, jau, det er nettopp det det er! «Vernepleiar» er etter mitt syn ikkje ein yrkestittel, men ein diagnose.

Les teksten med ei klype humor-salt:

Som alle høgskuleutdanna snakka han utruleg mykje, men formidla forbausande lite.

Målet hans var leiarstilling på høgre og høgre nivå, med lågning i ansvar og stigning i løn. I kommunen var det nemleg slik at dei som fekk mest betalt, var dei som gjorde minst. Hans våte draum var å ein dag bli kommunaldirektør, men då måtte ein gjere ein jobb som var so elendig at det var utanfor fatteevna til folk flest!

Mannen var, som 30-åringar flest, etablert med sambuar, unge, leilegheit og – viktigast av alt – svart Tesla. Alle vernepleiarar med leiaransvar køyrde svart Tesla, det var ein regel utan unntak. Hans jordiske eignelutar var kjøpt med det ein hånleg kunne kalle dumskapspengar. Kanskje til og med blodpengar, der blodet utgjorde slitet og tårene til fagbrevutdanna og ufaglærte, som bokstavleg tala aldri fekk løna eller stillingsprosentane dei hadde gjort seg fortente til, ganske enkelt fordi tosken lét gamle kompisar frå høgskulen gå inn i dei faste fulltidsstillingane dei verken fortente eller på nokon måte var personleg eigna til.

Det harde arbeidet hadde sin pris. Hadde han venner som ikkje var vernepleiarar? Han kunne ikkje kome på ein einaste. Sjølv sambuaren hans var vernepleiar, og ho var like nedrig som han. Heldigvis jobba ho i ein annan kommune, so det ville aldri bli ein reell konkurransesituasjon. Ho hadde allereie bløffa, svindla og kanskje til og med myrda seg til ei stilling som etatsdirektør – herre min hatt!

Det han med forakt kalla «miljøarbeid» baud han i mot. Han deltok berre i miljøet om det bokstavleg tala stod om liv. Fyren kunne til naud setje eit kateter, eller godkjenne at ein brukar med horrible menstruasjonssmerter fekk ein Paracet frå den utslitne hjelpepleiaren som hadde høyrt på dei forpinte klageropa i fire timar.

Han tok mildt sagt lett på Arbeidsmiljølova. Motviljen kom i hans verd ikkje ut av det blå. På arbeidsstaden var det verneombodet som passa på at arbeidsgjevar følgde lova, men, i motsetning til andre verv, var vervet som verneombod eit ein måtte veljast inn i. Kollegaene valde verneombod. Ettersom ingen ikkje-vernepleiarar i personalgruppa tolte trynet på han, tapte han so det ljoma kvar gong. Han hadde ikkje ein sjanse i havet, verken mot sine underordna eller sin eigen dumskap. Det fall han aldri inn at han aldri ville bli verneombod likevel, ikkje om han so tvinga undersåttane til å stemme på seg. Arbeidsgjevar, representert gjennom han som avdelingsleiar, og verneombodet kunne jo ikkje vere same person! Lova tillét det rett og slett ikkje, for då snakka ein om alle oldemødrers inhabilitet! Då sat avdelingsleiar berre igjen med valet å aldri nokosinne høyre på verneombodet, so fekk det heller våge seg at Arbeidstilsynet ein dag stod på døra.

Avdelingsleiar påstod at det var massiv mishandling, diskriminering og overgrep i samfunnet mot psykisk utviklingshemma. Kor han fann dokumentasjon til ein slik bombastisk påstand, ville han ikkje ut med. Dei fagbrevutdanna og dei ufaglærte tenkte sitt. Det føregjekk so visst ikkje dårleg handsaming av denne målgruppa i det omfanget avdelingsleiar eksplisitt stod der og hevda. Sjølv ikkje dei mest erfarne (og mest utslitne!) helsefaglege ringrevane hadde nokosinne høyrt gjete om noko som likna på eit overgrep. Ingen hadde so mykje som lagt ei hand på den gjengen. Faktisk gjekk alle ikkje-vernepleiarar ut av sine gode skinn for å behandle psykisk utviklingshemma som folk flest, sjølv om dei færraste av dei oppførte seg som folk. Det var kloring, biting, lugging, tafsing, grafsing, slag, spark og regelrette drapsforsøk, men likevel var det altso brukarane som hadde det so forferdeleg? Det var som om tosken stod der og skulda denne forsamlinga av hardtarbeidande deltidslakeiar for å mishandle brukarane, når det motsette so tydeleg var tilfellet! «Utagering» kalla vernepleiarane det, og skulda til utageringa låg naturlegvis alltid på personalet som ikkje hadde studert vernepleie på høgskulen. Vernepleiarane vart jo aldri utsette for utagering frå brukarane. Det faktum at dei knapt nok var med brukarane, vart stille forbigått, for det var den enklaste sak i verda å ikkje gjere feil når ein aldri gjorde noko.

Helsepersonell generelt hadde ikkje ei høg stjerne i samfunnet, og spesielt ikkje hjelpepleiarar og helsefagarbeidarar. «Rumpetørkarar» vart dei kalla, og få – om nokon – menn var interesserte i å gjere yrket til sin karriere, av di mannlege helsefagarbeidarar konsekvent vart nekta samleie og samliv på grunn av underlegen stillingsprosent. Av di fråvær av pengar, status og makt ikkje på same måte forringa den seksuelle verdien til ei dame, var hokjønn overveldande overrepresentert blant fagbrevutdanna. Når det gjaldt vernepleiarar, kunne ein derimot konstatere eit markant unntak. Var ein vernepleiar og mann, fekk ein jobb overalt, om det var bruk for ein eller ikkje. Var ein vernepleiar og dame, gjaldt same leksa, so her spelte for éin gongs skuld kjønn – biologisk eller, i våre dagar, imaginært – inga som helst rolle.

Vernepleiarane var verdsmeistrar i å sluntre unna miljøarbeid, men samstundes òg i tilsvarande divisjon når det gjaldt å grafse til seg ære som dei ikkje fortente. Vi hugsa den gongen det stod ein artikkel på trykk i eit vekeblad om ein av dei tidlegare brukarane i Tenester for utviklingshemma. Bladet var den typen vekeblad som ingen ville vedkjenne seg at dei las, men som likevel hadde eit av dei største opplaga i landet. Artikkelen handla om utfordringane denne brukaren hadde møtt i livet sitt, og korleis foreldra hadde blitt sett på prøver som fekk lidingane til bibelske Job til å bleikne i samanlikning. Brukaren hadde so mange diagnosar at ein ikkje skulle tru det var snakk om berre éin person – han hadde truleg ein lite hyggjeleg noregsrekord. No, derimot, såg alt ut til at han var komen på rett kjøl i livet. Han hadde flytta heimanfrå og inn i eit bufellesskap, hadde fått seg jobb i ei verna verksemd og hadde til og med fått seg ein kjærast. Det var ei uhyre sjeldan historie om suksess blant psykisk utviklingshemma, ei målgruppe som visstnok elles hadde det beint fram frykteleg. Mora takka i artikkelen «alle dei dyktige vernepleiarane» som hadde vore der for sonen frå barndommen av, og hjelpt han på alle måtar.

Avdelingsleiar las den lange artikkelen i sin heilskap på eit personalmøte, og dette førde til at ingen andre – og langt viktigare – saker slapp til. Sitatet om alle dei «dyktige» vernepleiarane vakte undring i personalgruppa. Vi hugsa oppdraget i detalj. Ingen vernepleiar hadde so mykje som sett sine bein på eigedommen. Det hadde berre blitt sendt fagbrevutdanna og assistentar dit på dette fire timar lange, uhyre upopulære oppdraget.

Brukaren var farleg og uberekneleg, og kunne utan varsel klikke i vinkel utan nokon openberr grunn. Det vart skrive skademelding kvar einaste gong folk var der. Ein assistent fekk nasen knekt og var sjukemeldt i fleire veker. Ein erfaren hjelpepleiar unngjekk med naud og neppe å få hovudskallen knust av eit glovarmt strykejarn. Ved eitt høve vart ein raudhåra omsorgsarbeidar jaga med høygaffel over heile byggjefeltet, og ein kan gjerne spørje seg kor brukaren hadde fått høygaffelen frå, ettersom næraste gardbruk låg minst ei mil unna. Ein gravid assistent skal visstnok ha spontanabortert etter at brukaren delja til ho med ei full panne med gryterett, visstnok fordi hankane på gryta stod «feil veg». Det næraste som kom høgskuleutdanna, var den eine gongen ein nytilsett ergoterapeut vart kommandert dit. Etter å ha halde ut med dette «frodande demon-avkommet» i tre kvarter, rømde han huset og sa opp stillinga si på flekken – Tenestene såg aldri denne vitskremde, unge småbarnsfaren igjen. Kort fortalt hadde der aldri vore noko som likna på ein vernepleiar hjå brukaren – og iallfall ikkje ein «dyktig» vernepleiar, for desse to orda utelukka kvarandre gjensidig; setninga «dyktig vernepleiar» var like umogleg som «tørt vatn»!

Ein av oss møtte den hardt prøvde mora på butikken kort etterpå, og viste til artikkelen der mora rosa ei faggruppe som aldri hadde vore med sonen hennar. Spesielt vart det teke opp det at helsefagarbeidarar og assistentar ikkje hadde blitt nemnt med eit ord, endå dei hadde vore so godt som einerådande som gruppe der. Mora vart litt flau. Ho visste i grunnen ikkje om andre grupper innan Tenestene enn vernepleiarar. Ho trudde alle som gjekk der var vernepleiarar. Det viste seg å vere vankunne og misforståing frå hennar side, og journalisten kunne jo heller ikkje klandrast; ho hadde nok aldri jobba ein dag med psykisk utviklingshemma sjølv. Denne feilformidlinga tok altso vernepleiarane til sitt bryst og brukte som nok ei ynkeleg orsaking for å halde fram dette unyttige tullefaget.

Når det gjaldt personalkonfliktar, demonstrerte avdelingsleiar fullstendig mangel på relasjonelt mot. Det var ei fornærming mot gnagarfamilien å kalle han ei feig rotte. Helst ville han ikkje vedkjenne seg at det fanst kollegaer som ikkje tolte trynet på kvarandre. Berre han unngjekk konflikten lenge nok, ville det nok gå over av seg sjølv. Han ville so visst ikkje blande seg inn i slikt. Draumen om å ein dag bli kommunaldirektør hang føre han som ei honningkrukke føre ein bjørn, og då ville han ikkje kaste vekk tida på barnleg krangel i personalgruppa; til det hadde han for mange ræver å sleikje, og for lita tid til å sleikje dei! Dei tilsette fekk ver so god halde ut med kvarandre, og i det minste prøve å oppføre seg som profesjonelle! Dette var eit arbeidsforhold, ikkje eit vennskap! Sjølv når klagane byrja å velte inn, og verneombodet og leiande verneombod dreiv og plaga han, valde han å sky unna heile greia. Dersom ting til slutt gjekk heilt over styr, måtte han gripe inn, elles ville han få kjeft av soneleiar. Når tilsette kom til punktet der inventar byrja å fyke gjennom lufta, og eigenmeldingskvoten vart brukt opp, so byrja mannen omsider å handle i staden for å berre prate.

I avdelingsleiars bok var det berre éin måte å løyse alvorlege konfliktar på, og det var å konfliktsanere. Då fjerna han den eller dei som var årsaken til konflikten, og det var i hans verd alltid den som var på nivået under i hakkeordenen. Om ein vernepleiar og ein helsefagarbeidar rauk uklar, tvangsomplasserte han naturlegvis helsefagarbeidaren. Dersom det var to helsefagarbeidarar, omplasserte han begge, for på den måten vart dei to ein annan avdelingsleiar sitt problem. Men kva med dersom to vernepleiarar rauk uklar? Han flirte rått berre ved tanken, for høgskuleutdanna krangla aldri, til det var dei altfor høgt utdanna! Faktisk lo han høgt til slutt av di spørsmålet var so absurd.

Avdelingsleiaren og hendingane som er skildra i denne teksten, er fiktive. Dersom du mot formodning har ein slik sjef, vil eg råde deg til å sjå deg rundt etter arbeid ein annan stad. Om du er fagbrevutdanna, vil eg råde deg til å skifte etat likevel – berre for å sleppe unna personar med vernepleiar-diagnose!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s