Vi er nesten alle blitt offer for tidenes massepsykose

Saksyndig har tidlegare skrive om massedanning (etter engelsk mass formation), ein psykologisk tilstand skildra av Matthias Desmet ved Ghent universitet. For å kort oppsummere massedanning, er det ein kollektiv psykose som dannar grunnlag for eit totalitært samfunn. For at massedanning skal finne stad i ei befolkning, krev det at følgjande psykologiske tilstandar allereie er til stade:

Sosial isolering.

Ein opplever at livet manglar mål og meining.

Fritt-flytande angst og misnøye.

Fritt-flytande frustrasjon og aggresjon.

Med «fritt-flytande» meiner ein her at det manglar ein spesifikk årsak eller gjenstand for desse negative kjenslene. Noko er gale, men vi veit ikkje kva. Slik var stoda i den vestlege verda lenge før Covid-19. Korona-«pandemien» har gjeve slike menneske ein konkret «syndebukk» for desse kjenslene; ein spesifikk fiende har blitt utpeikt. Dette forklarer kvifor so mange har late seg lokke inn i det som meir og meir framstår som ei sekt. Sokalla Covidianisme deler svært mange fellestrekk med organisert religion, blant anna:

Ei kjensle av å høyre til og ei meining med livet. Dette motverkar sosial isolering og det at ein føler at livet manglar mål og meining.

Ein konkret gjenstand å rette sin fritt-flytande angst, misnøye, frustrasjon og aggresjon mot. Her får ein servert fienden Covid-19 nærast på sølvfat; ein sjukdom som er so subtil at dei fleste som får «påvist» viruset ikkje ein gong har symptom. Dette blir gjort gjennom ritualet PCR-testing. Alle som vedkjenner seg Covidianisme, går med munnbind utanfor sin eigen heim – og dei mest fanatiske går òg med munnbind heime hjå seg sjølv, eller medan dei køyrer åleine i bilane sine. Tru det eller ei, so finst det òg folk som har munnbind på seg medan dei har sex. Eg kan ikkje tenkje meg at munnsexen er so veldig god…

Som alle sekter, har ein rettruande og vantru – dei som er del av Covidianisme, og dei som er utanfor. Den mest openberre måten å offisielt vedkjenne seg den «rette trua», er å ta dei eksperimentelle mRNA-injeksjonane som feilaktig blir kalla vaksinar. Trass at desse «vaksinane» har meir dødsfall og alvorlege biverknader enn alle andre vaksinar kombinert, og trass at effekten i beste fall er liten og svært kortvarig, tek tilhengjarane av Covidianisme i mot dei med opne, nålestikk-fylde armar. So fort nyaste «oppfriskningsdose» blir forkynna av det lokale folkehelse-idolet, flokkar massane lydige til næraste vaksinestasjon: dei kan ikkje få sprøyta fort nok!

Dei vantru må døy, for dei vil ikkje vedkjenne seg den rette trua. Dei rettruande ikkje berre godtek sanksjonar mot dei vantru, dei lovprisar kvart overgrep som skjer. Dei som nektar å ta «vaksinane», er fienden og må fjernast frå samfunnet. Dei skal isolerast i eigne oppbevaringsfasilitetar og fråtakast alt som kan minne om menneskerettar. At dei rettruande sjølv har gjeve avkall på menneskerettane gjennom å gje opp sin eigen kroppslege autonomi, bryr dei seg fint lite om. At dei sannsynlegvis risikerer å krepere av «vaksinane» innan få år, bryr dei endå mindre. Dei har alle ein felles fiende som står som representasjon på sin eigen fritt-flytande angst, sinne og frustrasjon – og målet i deira meiningslause liv er å applaudere kvar gong ein «uvaksinert» får sparken, blir nekta å kjøpe mat eller blir sperra inne i sin eigen heim.

Alternativet til denne fanatismen, er å måtte konfrontere dei verkelege årsakene til at liva deira er tomme, meiningslause og fylde av angst og sinne. Det er det få som er viljuge til å gjere, og det lettaste blir difor å forsvinne inn i psykosens verd.

Vi er nesten alle blitt offer for tidenes massepsykose. Takka vere propaganda-teknikkar som vart utvikla av etterretningsbyrå over heile verda, har nesten alle av oss byrja å dyrke ein falsk gud. Ein avgud som påstår å sitje med svaret på kva som er meininga med livet. Frå å vere villfarne sjeler i ei kaotisk og urettferdig verd, er dei fleste av oss no blitt fangar i ei verd som framleis er urettferdig, men der det trass alt ser ut til å vere system i galskapen.

Og eg skriv nesten alle. Eg trur ikkje på løgnene frå den offisielle forteljinga. Allereie i mars 2020 såg eg at noko mildt sagt skurra. Om målet med å stengje ned landet var å unngå overbelastning av helsevesenet, kvifor opprusta ein ikkje nemnde helsevesen? Kvifor bygde ein ikkje opp talet intensivplassar i staden for å redusere dei? Talet sengeplassar på norske sjukehus vart halvert frå 1980 og fram til 2020. Og kvifor vart alle tidlegare pandemiplanar lagt stille ned i næraste og mørkaste skuff? Og, mest merkverdig av alt… Kvifor gjorde nærast alle land i den vestlege verda nøyaktig det same, trass at dei hadde eigne pandemiplanar? Det heile lukta lang veg.

Personleg betalte eg ein høg pris for å stille spørsmålsteikn ved koronapolitikken. Eg måtte finne meg ny jobb etter at arbeidsgjevar valde å setje i gang ein absurd hekseprosess mot meg. Vennene mine kunne eg berre avskrive, og sameleis måtte eg bryte all kontakt med mesteparten av slekta mi. Eg ser ikkje føre meg at noka forsoning nokosinne kan finne stad. Eg kunne like gjerne ha brote ut av ei nifs sekt. Folk eg trudde hadde vit, forstand og evna til kritisk tenking, har gjennom sine haldningar og handlingar vist det motsette.

Den offisielle forteljinga si psykologiske krigføring hadde som delstrategi å utføre splitt og hersk. Det skjedde ei barberblad-skarp polarisering av samfunnet, ei ugjenkalleleg oppdeling i tilhengjarar og motstandarar. Alt vart svart og kvitt. Var du mot ukritisk massevaksinering med sprøyter som ikkje var vitskapleg testa, so var du vaksinemotstandar – og dermed òg «høgreekstrem» og «konspirasjonsteoretikar». Sjølv har eg aldri vore motstandar av tradisjonelle vaksinar som har blitt skikkeleg testa. Rabies-vaksine er til dømes nyttig å ha tilgjengeleg, ettersom alternativet er ein temmeleg jævlig død.

So tidleg som i april 2020 kalla eg koronasituasjonen for massehysteri. Og nedstenginga som visstnok var gjort både for å unngå overbelastning av eit med vilje underfinansiert helsevesen, og for å beskytte dei «sårbare» i samfunnet var etter mitt syn hyklerisk. Budsjetta til den kommunale helseomsorga, spesielt innan eldreomsorga, hadde vore skammelege i ei årrekkje. Under normale omstende kunne ikkje dei styrande politikarane ha brydd seg mindre om dei eldre – og no skulle liksom heile samfunnet stengje ned i «solidaritet» med dei? Eg ante med rette ugler i mosen. Dette vart bekrefta då eg fann likesinna som hadde kome til dei same konklusjonane som eg sjølv hadde. Steigan, Derimot og Hemali var sjeldne røyster av fornuft i ei verd som hadde blitt offer for kollektiv psykose.

2021 var mitt annus horribilis. Skrekkens år, kan ein kalle det på godt norsk. Kva 2022 vil bringe, vil berre tida vise. Trass at eg er uvaksinert, har eg framleis jobb i helsesektoren, no i ein annan kommune med annan arbeidsgjevar. Ironisk nok er eg den einaste på jobben som ikkje går rundt og hostar, nys, snufsar og harkar. Dei sokalla trippelvaksinerte har truleg aldri vore sjukare i sine liv. Og dei meiner genuint at «vaksinane» vil beskytte dei, trass eit fjell av bevis som seier det motsette.

I psykosens verd er irrasjonalitet ein mektig herskar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s