Korleis skape ei helsekrise

Av Jeffrey A. Tucker, Brownstone Institute. Omsett av saksyndig.

Ved apoteket nede på gatehjørnet er køene svært lange for å kjøpe hurtigtest-sett for Covid, 24 dollar stykket [ca. 212 kroner, oms.an.], maks fire per kunde. Alle ser ut til å kjøpe fire. Butikkarbeidarane kan ikkje fylle opp hyllene fort nok.

Vi kan berre spekulere kvifor. Krev bedrifter negative testar frå dei uvaksinerte? Feiar omikron over landet og folk treng å bekrefte det? Skjer det nok ein runde med sjukdomspanikk? Det er mest truleg at alle som ventar i kø har ulike svar. Intuisjonen min, for kva den er verdt: dette viruset er overalt. Mange menneske er sjuke.

Har du ei vag kjensle av at vi har vore i denne situasjonen før? Nok ein variant, nok ein runde med panikk, fleire restriksjonar, modellar som spår massedød, ekspertar som snakkar om alle tinga du må gjere, munnbind munnbind munnbind, innstendige oppfordringar frå diskrediterte ekspertar som krev at du må gjere ting igjen sjølv om dei ikkje fungerte sist gong.

Dette er berre ei oppsiktsvekkjande scene. Nesten to år etter at vi stengde ned for å knuse viruset, for å stoppe spreiinga, er dette kor vi er. Det burde vere meir enn openbert at formildingstiltaka ikkje nådde i mål og forårsaka enorm skade.

Skrømtet denne gong er: omikron. Berre eitt dødsfall i USA har blitt tilskrive det. Naturlegvis går talet tilfelle i taket. Det kan bli verre når det gjeld alvorlegheit. På same tid er der ein veletablert og tidlegare forstått handel innåt i denne familien av virus mellom deira overføringsevne og deira alvorlegheit. Fleire «tilfelle» – i tydinga smitte i denne konteksten – tenderer mot færre dødsfall.

Sør-afrikanske folkehelsetilsette har klart sagt at varianten so langt ikkje har resultert i alvorlege utfall. Den drap ingen i det landet den vart oppdaga. Framleis verkar den slitne verda alltid klar for nok ein runde med panikk. Ingenting har nokosinne eigentleg gjeve meining, men no er den komplette meiningsløysa i høggir.

Universitet over heile nordaust-kysten [av USA] har stengt og gått tilbake til Zoom for avsluttande eksamenar. New York-arrangement er avlyst. Israel forbyr sine borgarar å reise til rundt ti land, der eitt av dei er USA. Nedstengingar blir innført over heile Europa med stadig meir vondskapsfulle handhevingar av munnbind og vaksinepass.

Vaksinetvang og pass spreier seg frå by til by. Og dette er med ein vaksine som har blitt vidt teke til seg og akseptert i alle landa som no stengjer ned.

Helsestyresmakter i Rhode Island, Maine og mange andre statar åtvarar mot ein komande katastrofe med overvelda sjukehus og andre fasilitetar. Dette er fordi eit stort tal har sagt opp jobbane sine. Åh, som vi blir fortalt, dette har ingenting å gjere med vaksinekravet. Nei nei. Det er fordi dei fann betre jobbmoglegheiter andre stader.

Tenk over dette. Før 18 månader sidan jobbar helsepersonell som galne og vart behandla som heltar for å eksponere seg for viruset. Dei var fôret. Dei tok ein enorm risiko. Dei oppnådde naturleg immunitet. Desse folka burde ha blitt tilsett og gjeve lønnstillegg. Men CDC og NIH vil helst ikkje ytre eit steinsens ord om naturleg immunitet. I staden kravde sjukehusleiinga, etter press frå staten, at alt personale tok vaksine på toppen av eksisterande brei, trygg og effektiv naturleg immunitet.

Vi har kjent til naturleg immunitet i tusenvis av år. No er det for det meste fornekta eller ikkje snakka om. Korleis kan vi forklare det?

Frå ståstaden til legar, sjukepleiarar og anna sjukehuspersonale, er dette ei fornærming. Det er fornærmande nok til å få kven som helst til å seie opp på flekken. So ja, mange tilsette byrja rett og slett å kjenne seg demoraliserte.

So ja, nedstengingar og mandat skapte helsekrisa som dei hadde som strategi å unngå. Akuttmottaka fyller seg opp, men ikkje nødvendigvis berre på grunn av Covid. Dette er helseproblem som er skapte av nedstengingar. Kreft. Stoffoverdoser. Fedme. Øydelagte immunforsvar som fører til sårbarheit for virus.

Men spørsmålet er kvifor. Svaret er at guvernørar i kvar stat stengde ned sjukehusa berre for Covid, med enkelte unntak for akutte, ikkje-valde operasjonar. Dei fleste sjukehus i landet stod tomme i månadsvis. Dei blødde pengar. Pengebruken på helseomsorg generelt gjekk faktisk ned med 8,6%.

I fyrste halvdelen av 2020 gjekk innleggingar ned med 20%, medan polikliniske besøk kollapsa med 35%. Besøk til akutten krasja òg, på somme stader med so mykje som 42%. Innan hausten 2020 hadde valde operasjonar gått ned med 90% frå nivået dei vanlegvis var på.

Finanskrisa, nedstengingskrisa, mandatkrisa, folkehelsekrisa, har alle peikt på eitt sluttmål: ei ekte medisinsk omsorgskrise.

No tek Biden-administrasjonen det ekstraordinære steget å tvinge militærlegar og sjukepleiarar inn på sjukehusa. Får dette deg vil å ville oppsøkje legen? Ikkje sannsynleg. Faktisk, i nesten to år no, har mange unngått legen, late testing for kreft vere og so vidare. Dette har skapt den svært offentlege helsekrisa som nedstengingane hadde som intensjon å hindre.

For fyrste gong sidan denne katastrofen byrja i mars 2020, kjenner eg eit tap av ord, ei manglande evne til å forklare eller til og med skildre verda vi no lever i. Vi er på randa av katastrofe, ikkje berre med eit folkehelserot som utfaldar seg framfor auga våre, men no må vi vente på ein Høgsterett som er berre dagar unna ei avgjerd om OSHA-mandatet som kan permanent skade livet i USA.

Mange bedrifter kjempar no for livet. Direktørar i store flyselskap har trygla om å få slutt på munnbindpåbodet som er so frykteleg for kundane deira som tek deira ekstremt reine fly. Fauci sa tvert nei. Vi må gå med munnbind for alltid, seier han. Kvifor er han, av alle, diktatoren til våre bedrifter, samfunn og liv? Og det heile skjedde so raskt og sjokkerande.

Vi er omringa av blodbadet av nedstengings- og mandatstrategien, som ikkje berre mislykkast i å stoppe omikron-varianten. Dei kan ha gjort den uunngåeleg. Og likevel har vi framleis sentrale stemmer slik som Jeremy Faust ved Harvard universitet, som skriv i si innflytelsesrike spalte: «er eg viljug til å avbryte visse aspekt i livet mellombels når det er nødvendig for å oppnå eit klart definiert mål? Ja. Nøkkelen er å definere det målet og implementere ein strategi som kan levere det. Ingen blir leie av å vinne. Det vi er leie av er å tape.»

Ja, vi taper på grunn av ein tapar-strategi som favoriserte makt over sosial fungering, modellar over folkehelse-visdom, sentralplanlegging over desentralisert intelligens, tvang over overtaling, undertrykking over endemiskheit, og brutalitet over rasjonalitet. Når det gjeld «mellombels», kor har vi høyrt det før?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s