British Medical Journal i brev til Mark Zuckerberg: «Faktasjekk» er unøyaktig, inkompetent og uforsvarleg

Henta frå Steigan.

Fiona Godlee og Kamran Abbasi, høvesvis sjefsredaktør og påtroppande sjefsredaktør i det britiske tidsskriftet British Medical Journal (BMJ) skreiv nyleg eit brev til Mark Zuckerberg der dei uttrykte alvorlege bekymringar om «faktasjekken» som blir utført av tredjepartsleverandørar på vegner av Facebook (eller Meta som dei no kallar seg).

Bakgrunnen er at ein tidlegare tilsett i kontraktsforskingsselskapet Ventavia varsla BMJ om kritikkverdig klinisk utprøvingspraksis i Ventavia som kunne gå ut over både dataintegriteten og tryggleiken til pasientane. BMJ mottok i det høvet dusinvis av interne firmadokument, bilete, lydopptak og e-postar. Ein journalist vart sett til å skrive ein artikkel for tidsskriftet, og den vart publisert 2.november 2021 etter grundig gjennomgang, både av redaksjonen og jurist, i tillegg til å ha blitt eksternt fagfellevurdert.

Trass det solide faktafundamentet i artikkelen, vart den flagga med ei åtvaring om at den mangla kontekst, og at den var villeiande – sokalla «feilinformasjon», med andre ord. Det var Facebook-kontraktøren Lead Stories som hadde utført «faktasjekken». Lead Stories greier ikkje å kome med konkrete døme på kva som er usant eller uriktig i BMJ-artikkelen. I tillegg blir BMJ feilaktig omtala som ein «nyheitsblogg» ved eitt høve.

Lead Stories nektar å endre noko ved sin uriktige «faktasjekk»-artikkel. På grunn av dette er det no ikkje mogleg å dele fritt BMJ-artikkelen på Facebook, utan at linken blir merka med dette feilinformasjonsstempelet.

Redaktørane i BMJ skriv til slutt i brevet til Zuckerberg at Instagram (som òg er eigd av Meta) har det same problemet med unøyaktig «faktasjekk» gjort av personar som er inkompetente til å utføre slik ei viktig oppgåve. Der blir det internasjonale selskapet Cochrane (som leverer høgkvalitetsgjennomgangar av medisinske bevis) offer for det same som BMJ. Dei oppfordrar Zuckerberg til å rette feilen knytta til BMJ-artikkelen, gjennomgå prosessane som førde til feilen, og vurdere på generelt grunnlag kva rolle faktasjekk eigentleg skal ha.

Kommentar frå saksyndig: Dette er ikkje fyrste gong det er kontrovers rundt «faktasjekk». Nyleg vart Hemali sin glimrande artikkel om Astrid Zuckerberger utsett for ein liknande svertekampanje av faktisk.no, der dei òg gjekk til personåtak på professor Zuckerberger. Dokumentaren COVID-filmen 2020 vart tidleg i 2021 òg offer for ein feilaktig «faktasjekk», mellom andre av den kontroversielle bloggaren Gunnar Tjomlid. Alle som seinare prøvde å dele desse to artiklane, oppdaga at den hadde blitt flagga med ei melding om at informasjonen var feil eller villeiande. Det er no kjent at «faktasjekkar»-organisasjonar som faktisk.no tek i mot vesentleg finansiering frå mellom anna staten, Facebook sjølv, norske riksmedia og andre mektige aktørar som har sterke eigeninteresser i at til dømes massevaksinering med mRNA-teknologi held fram. Alle som kjem med vitskaplege fakta som taler i mot denne offisielle forteljinga, blir «faktasjekka», og konklusjonane er at desse modige røystene spreier «falsk» eller «villeiande» informasjon. Dette kan og bør klassifiserast som sensur.

BMJ sitt oppgjer med denne bekymringsverdige praksisen er dermed på sin plass i ei tid der media nesten utan unntak serverer eit vrengjebilete av den faktiske stoda.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s