Amerikansk sjukepleiar åtvarar: «Vi drep pasientane våre!»

Henta frå LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.

Collette Martin er ein sjukepleiar med 17 års erfaring. Ho leverte følgjande i ei høyring ved Lousiana Health & Welfare 6.desember:

Eg har vore sjukepleiar i 17 år: 12 år på kreftavdeling, og dei siste fem åra har eg gått i mellom avdelingane på sjukehuset. Eg er svært bekymra over det at ein gjer denne vaksinen obligatorisk for barna våre. Reaksjonane vi ser på sjukehuset med vaksne er grufulle og dei blir ignorerte.

Berre nokre døme på etter-vaksine-reaksjonar: blodproppar, hjarteinfarkt, slag, encefalopati, forstyrringar i hjarterytmen slik som atrial fibrillasjon. Blant eldre ser vi ein auke i fall, synkope, akutt forvirring med ukjent opphav. To unge og friske kollegaer eg kjenner har synsendringar, prikking og nummenheit i beina som dei framleis kjemper med. Ein annan kollega utvikla djupvenetrombose.

Personleg har eg sett tre pasientar døy tre månader etter denne vaksinen, av perikarditt [hjarteposebetennelse] som vi veit er ein kjent biverknad. Diagnostisert 30 dagar etter denne sprøyta, ingenting nemnt i VAERS. Fleirtalet av sjukepleiarar, leiarar og enkelte legar veit ikkje eingong kva VAERS er. Eg har snakka med leiinga og andre sjukepleiarar kvifor vi ikkje rapporterer inn til VAERS, og det vanlegaste svaret er «Kva er VAERS?».

Dette er eit tema som er svært vanskeleg å ta opp i sjukehus-situasjonen. Eg kjem med mine bekymringar og blir stadig avvist. Eg har blitt fortalt «eg er sikker på at nokon etterforskar dette». Vel, dersom vi ikkje gjer det, kven gjer det då? Spesielt sidan Pfizer avslutta studien sin berre seks månader etter den starta. Eg har òg blitt fortalt at VAERS ikkje er den beste indikasjonen på vaksine-biverknader. Vel, dersom det er tilfellet, kva skal vi liksom sjå på då?

Meir enn 18 000 dødsfall, ein million varig uføre og CDC innrømmer at berre 1 til 10% blir rapporterte inn i det heile, og vi veit at sjukehusa ikkje rapporterer noko som helst. Dette skjer ikkje berre der eg jobbar. Eg har mange sjukepleiar-venner i andre lokale sjukehus i søraustlege Louisiana som seier det same.

Det som eg òg finn særs urovekkjande er behandlingsprotokollen vår. Eg trur verkeleg at protokollen vår drep COVID-pasientane våre. Då eg spurde andre sjukepleiarar om kva dei tenkte, sa dei at dei var einige. På dette punktet vil legar innrømme at hovudbehandlinga vår ikkje fungerer. «Men det er alt vi har!» Vi veit at dette rett og slett ikkje er sant. Det er berre det CDC vil late oss gjere, hendene våre er bundne.

Tilbake til barna våre. Vi har cellegiftbehandlingar som vi veit har biverknader slik som blodkreft og leukemi i barn over ti år etter å ha gjeve legemiddelet. Vi veit dette fordi vi har verkelege langtidsforsøk på desse legemiddela. Vi ser ikkje berre alvorlege akutte reaksjonar med denne vaksinen, men vi har inga aning kva langtidsreaksjonane er. Krefttypar, autoimmune tilstandar, sterilitet – vi veit det berre ikkje. Vi kan potensielt ofre barna våre i frykt for at vi kanskje vil døy, eller bli sjuke, av eit virus. Eit virus med ei overlevingsrate på 99%. Barna våre er ikkje eingong i risikogruppa for det. På noverande tidspunkt har vi meir barn som har døydd av COVID-vaksinen enn av COVID sjølv.

Og då kjem Helsedepartementet og seier at den nye varianten [omikron] har alle biverknadene til vaksinereaksjonane vi no ser. Det gjer meg sprø, og eg skjøner ikkje kvifor fleire menneske ikkje ser det. Og eg trur dei gjer det, men fryktar å snakke ut og, endå verre, få sparken.

Det er ikkje enkelt for meg å kome her og snakke om det, men eg føler meg djupt overbevist om å fortelje sanninga om kva sjukepleiarane ser bak sjukehusveggane. Dette handlar ikkje om vaksne som kan velje å undersøke eller ikkje, dette handlar om våre hjelpelause barn. Og når eg ser tilbake på dette om 20 til 30 år, må eg vete at eg gjorde alt eg kunne, og eg ber dykk om å vere so snille å tenkje over dette:

Kva side av historia ønskjer du å vere på?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s