Har amerikanske sjukehus teke på seg rolla som leigemordarar i koronaens namn?

Skal ein tru fleire og fleire nyheitssaker som dukkar opp i uavhengige media, er amerikanske sjukehus blant dei farlegaste stadene sjuke menneske kan opphalde seg i desse dagar. Spesielt dersom det er mistanke om Covid-19. Faktisk meiner forfattaren og legen Elizabeth Lee Vliet, tidlegare leiar av The Association of Physicians and Surgeons at amerikanske Covid-19-pasientar blir behandla verre enn innsette i amerikanske fengsel.

Skuldast dette medisinsk og helsefagleg inkompetanse hjå sjukehusa, eller kjem denne eksepsjonelt dårlege behandlinga av at helsevesenet er «overvelda» på grunn av enorme bemanningsutfordringar på grunn av vaksineplikta hjå helsepersonell? Hadde det berre vore so vel. Det heile handlar om pengar. Sjukehusa i USA får nemleg betydelege kompensasjonsutbetalingar for pleie av terminale Covid-pasientar. So sjokkerande som det høyrest ut, so er det faktisk i dei profittdrivne sjukehusa si interesse at so mange som mogleg døyr av «behandlinga». Regjeringa betaler generøst for mellom anna PCR-testing av kvar einaste pasient for å «påvise» koronaviruset, og gjev sjukehusa 20% bonus på sjukehusrekninga dersom sjukehuset berre nyttar Remdesivir for å behandle pasientane. Den uvørdne respiratorbehandlinga som nesten er garantert å ta livet av pasienten, skaper meir økonomisk motivasjon, for sjukehusa får òg bonusutbetaling dersom pasienten døyr. Om han tilfeldigvis døyr medan han ligg i respirator, får sjukehuset endå meir pengar.

Kort fortalt får sjukehusa 39 000 dollar per pasient som på grunn av «Covid-19» døyr under omsorga deira. Og den sokalla «omsorga» består stort sett i å med vilje feilbehandle pasientane slik at dei døyr som fluger. Ein må tilbake til tidleg 1800-tal for å finne sjukehus som hadde like elendig overlevingsrate for alvorleg sjuke pasientar.

Sjukehusa blir fyrsteleg belønna for å «diagnostisere» Covid-19 på so mange pasientar som mogleg, for deretter å late dei døy. Og dette skjer bak dei pårørande sin rygg, for dei får ikkje eingong besøke sine kjære på grunn av den påståtte «pandemien». Pasientrettane blir psykopatisk ignorert.

Ei av dei pårørande som kjempar for pasientrettane, er Anne Quiner. Mannen hennar Scott vart lagt inn på sjukehuset Mercy Hospital i byen Coon Rapids i Minnesota. Han fekk raskt «diagnosen» Covid-19, og sett på respirator. No har sjukehusleiinga bestemt at Scott må døy, og dei vil difor kople han frå respiratoren. Dei meiner han er HLR- (tilsvarande engelsk do not resuscitate), altso at ein ikkje skal iverksetje hjarte-/lungeredning. Her i Noreg blir ei slik avgjerd vanlegvis berre gjort på eldre, skrøpelege sjukeheimsbebuarar, der sjansen for å overleve er vurdert som liten. Bortsett frå lungeproblem, er Scott ein frisk mann i sin beste alder. Sjukehuset vil openbert ta livet av Scott ved fyrste og beste høve, slik at dei får mykje pengar frå Biden-regimet.

Anne Quiner har hyra advokatane Thomas Renz og Marjorie Holsten for å kjempe mot sjukehuset sin drapslystne agenda. Som motsvar har sjukehuset hyra eit mektig advokatfirma (Frederickson & Byron Law Firm) frå Minneapolis. Då ho fortalde historia si på The Stew Peters Show nyleg, overfløymde sjåarane Mercy Hospital med rasande telefonar der dei konfronterte leiinga med at dei ser ut til å heller operere som leigemordarar enn å utøve lovbestemt helseomsorg og behandling. Dette lika sjukehuset dårleg. Faktisk lika dei det so dårleg at dei kontakta den lokale sheriffen og prøvde å melde dei mange innringjarane for trakassering.

Mercy Hospital kunne like gjerne ha skifta namn til Merciless Hospital, Det nådelause sjukehuset. Ikkje berre ser dei ut til å feildiagnostisere og feilbehandle pasientar med fullt overlegg, dei hyrar til og med advokatfirma for å få lov til å halde fram med denne økonomisk lukrative praksisen. Dette er ikkje berre grov medisinsk uforstand. Dette er overlagt drap i byte mot pengar. Amerikanske sjukehus har blitt om til eutanasiklinikkar bemanna av grådige leigemordarar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s