Regjeringa går bort frå jamleg testing: «Endringen gjelder umiddelbart»

I ei pressemelding datert 28.januar 2022 skriv regjeringa følgjande på sine nettsider:

«Smittetrykket er på et såpass høyt nivå at det ikke lenger er hensiktsmessig med råd om jevnlig testing. Det avvikles derfor. Endringen gjelder umiddelbart.»

Logikken deira er altso at sidan det er so høge smittetal, gjev det mindre effekt å teste jamleg. Kan hende har dei fått det som dei ville – å generere kunstig høge smittetal på bakgrunn av hurtigtestar og PCR-testar, som ikkje kan brukast som diagnoseverktøy for Covid-19 eller andre virus. Dei skriv vidare:

«Frå nå av er det først og fremst personer med symptomer som bør teste seg, sider helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.»

Det var vel strengt teke den strategien ein burde ha brukt heilt frå starten, når ein fyrst skulle byrje å masseteste på denne måten. Å masseteste symptomfrie menneske med slike vitskapleg tvilsame testverktøy vil berre føre til ein haug med falskt positive testar. Men det var vel planen heilt frå starten av…

Regjeringa skriv:

«Endringene i teststrategien gjøres på bakgrunn av faglige anbefalinger fra Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.»

So plutseleg no byrjar Regjeringa faktisk å høyre på dei to institusjonane med faglege ekspertar. Det gjer dei nok fordi instruksar «ovanifrå» har sagt at dei skal gjere det. Storbritannia har jo nettopp avvikla koronarestriksjonane, og dei følgjer same manus som vår eiga sokalla «regjering».

Kjerkol seier:

«Hver og en av oss må framover ta et større ansvar selv, og det gjelder også bruk av selvtester. Testene skal brukes når det er grunner til det, og da først og fremst ved symptomer.»

Det er nesten so eg må lese det fleire gonger for å tru det. For éin gongs skuld seier uhelseministeren noko som høyrest rimeleg og fornuftig ut.

Det er nesten som eg mistenkjer at den offisielle forteljinga losnar grepet no, berre for å stramme det i framtida. Som vanleg kryr det av kommentarar i Resetts kommentarfelt tilknytt artikkelen, kommentarar av meir eller mindre varierande grad av kvalitet og seriøsitet. Som lesaren «Morten Bagstevold» skriv:

«Jeg kan ikke annet enn å se underholdningsverdien i å betrakte hvordan rådene deres følger ordre. Men som er mer ullent for meg er hva fremtidige ordre går ut på.»

Vi får vente i spenning. Dette høyrest nesten for godt ut til å vere sant.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s