Lastebilar i konvoi til Ottawa for å konfrontere Trudeau

I skrivande stund (dette innlegget vart skrive 29.januar 2022) er ein konvoi med lastebilar på veg til det kanadiske parlamentet i hovudstaden Ottawa for å markere sin motstand mot vaksinepåbod for lastebilsjåførar. Meir presis vil dei delta i ein protest ved parlamentet laurdag 29.januar 2022. Opptil 50 000 lastebilar kan vere med i denne sokalla Freedom Convoy, noko som manglar sidestykke i historia. Guinness Rekordbok listar ein lastebilkonvoi i Egypt frå 2020: den bestod berre av 480 lastebilar.

Mykje tydar på at statsminister Justin Trudeau skjelv i buksene, og prøver å kome seg unna denne konfrontasjonen. Han heldt 26.januar ein pressekonferanse der han kalla denne konvoien for ein «fringe minority» («utkantsminoritet»), og sa at berre ved å underkaste seg styresmaktene kan innbyggjarane vinne tilbake rettigheitene og fridommane sine. Han tillegg denne «vesle, ytterleggåande minoriteten» «uakseptable synspunkt» som ikkje representerer synspunkta til kanadiarar «som veit at dei følgjer vitskapen og stiller opp for å beskytte kvarande.»

Som dei fleste kloke menneske veit, kan ein ikkje samtykkje seg ut av tyranni. Trudeau var i si tid medlem i Klaus Schwab sitt «oppdrettsanlegg» Young Global Leaders. I likskap med resten av hovudstraumsmedia, har Trudeau formidla feilinformasjon om både konvoien og liknande demonstrasjonar mot hans og andre Schwab-allierte sine regime. Media kallar deltakarane i dette arbeidaropprøret for «høgreekstreme», noko som er eit verkemiddel den offisielle forteljinga bruker om alle som ikkje deler deira eige syn.

Josh Sigurdson i World Alternative Media fortel at media prøver alt dei kan for å halde tilbake informasjon om konvoiens marsj mot Ottawa. Mellom anna har ein – tru det eller ei – slått av kamera langs hovudvegen slik at folk ikkje skal sjå den rekordlange konvoien. Elon Musk støttar aksjonen – og Trudeau har rett og slett gøymt seg. Statsministeren har forlate parlamentet. Fyrst sa han at han skulle på ferie. Deretter vart dette om til «sjølvpålagt isolasjon etter å ha fått påvist koronavirus». Han veit at dei kjem for å ta han, og no prøver han å vri seg unna.

Stå på, lastebilsjåførar!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s