Av Martin Armstrong, Armstrong Economics. Omsett av saksyndig.
Dagar før Freedom Convoy var forventa å nå Ottawa, annonserte Justin Trudeau at han ville isolere seg sjølv etter å ha blitt eksponert for Covid. Heldigvis har ikkje protestdeltakarane det travelt. Faktisk planlegg dei å lage trafikkork i Ottawa fram til alle vaksinemandat har blitt eliminerte.
«Dette handlar ikkje om vaksinen, forresten. Ingen i heile denne konvoien vil fortelje deg at det handlar om vaksinen. Vi har dobbeltvaksinerte, enkeltvaksinerte, utvaksinerte, folk med oppfriskningsdosar,» sa James Bauder, grunnleggjar av Canada Unity Foundation, ei av gruppene som organiserer Freedom Convoy.
Trudeau har avfeia rørsla som han føler representerer «ein liten utkantminoritet av menneske» med «uakseptable syn». Trudeau er so ute av takt med røyndommen at han ikkje innser at dei fleste kanadiarar er drita leie av mandat og ikkje er viljuge til å gje opp det dei har igjen av fridommar. Sjølv Ottawa-politiet har sagt at Freedom Convoy har vore samarbeidsviljug og fredfull. «Vi har ingen risikoinformasjon som føreslår at folk eller bedriftseigarar treng å barrikadere seg sjølve i heimane eller forretningane sine eller at dei behøver å stengje,» sa politimeister Peter Sloly.
Trudeau kan flykte, men han kan ikkje gøyme seg. Dette handlar ikkje om sjølve vaksinen. Dette handlar om å ta tilbake fridommar som Trudeau har rive vekk frå kanadiarane. Ifølgje Guiness rekordbok, fann den lengste konvoien stad i Egypt i 2020 og nådde nesten fem miles [vel 8 kilometer; oms.an.]. Vil Freedom Convoy 2022 bryte denne rekorden? Paraden i Egypt bestod av 480 lastebilar, men Toronto Sun estimerer at 50 000 lastebilar kan ta del i denne demonstrasjonen.