Feige Trudeau flyktar heimanfrå midt under konvoiprotest

Av Blueapples. Henta frå ZeroHedge. Omsett av saksyndig.

Som statsminister i Canada, har den «populære» Justin Trudeau (her bombardert av steinar) vore frontleiar i å innføre nokre av dei mest restriktive tiltaka i verda. I støypeforma til andre tidlegare kronkoloniar slik som New Zealand og Australia, er det i Canada umogleg å gjere noko som helst utan vaksinebevis. Alt frå å kome om bord på eit innanlandsfly eller kome inn i ein butikk er verboten for det uvaksinerte undermennesket i Trudeaus dystopiske fantasmagori.

Sjølv om statsministerens tørste etter makt har vore umetteleg, og restriksjon etter restriksjon som er påført av hans tunge hand har fått kanadiarar til å kjenne seg makteslause, har ei gruppe reist seg mot straumen. I det ein verdsrekordlang konvoi med meir enn 2700 lastebilar som saman måler 70 kilometer omsider ankom den kanadiske hovudstaden fredag kveld, eksemplifiserte Justin Trudeau sin absolutte mangel på leiarskap ettersom han ikkje kunne finne motet til å møte protesten mot det medisinske tyranniet han har påført. I dagane før konvoien kom til Ottawa, annonserte statsminister Trudeau at han ville gå i sjølvisolasjon i fem dagar etter som han hadde (gisp!) blitt eksponert for Covid-19.

Sjølv om Trudeau avdekte at han sjølv hadde testa negativt etter «covid-kontakten», oppgav han basis for karantenen å vere at han følgde offentlege helseråd. Timinga til annonseringa var merkverdig sett at protesten i Ottawa var nært føreståande, noko som gjev Trudeaus karantene eit skin av regelrett feigskap. Kva kan ein eigentleg vente av ein mann som snakkar fransk? Dersom det var noko som helst tvil om at Trudeaus avgjerd var gjort utav frykt, har den blitt fullstendig fjerna etter at han annonserte at han og familien har flykta heimafrå på grunn av konvoiens protest, og har blitt flytta til ein uspesifisert stad.

Jepp, statsminister Justin Trudeau, ein mann som har erklært si plikt til å stå side om side med kanadiarane gjennom kvar ei krise – same kor alvorleg – har bokstavleg tala rømt frå hovudstaden fordi han ikkje klarer å møte ein lovleg, fredfull og øyredøyvande protest mot tyranniet hans. Når du tenkjer på heltar gjennom tidene slik som Aleksander den store og William Wallace som leia styrkane sine inn i slag, eller den metaforiske kapteinen som går ned med skipet sitt, målar motet deira eit vakkert bilete av kva det vil seie å vere ein leiar. Trudeau har på andre sida vove seg inn i lagnadens biletteppe i biletet til ein simpel feiging i ein apropos kanarigul tråd som ser ut som den forgylte forteljinga han har skapt for seg sjølv, og som no endeleg svinn vekk.

Mannen som har fått ansvar å leie ein av G7-nasjonane er bokstavleg tala redd for høglydde lastebilar fulle av folk som ikkje likar han fordi han har prøvd å øydeleggje liva deira. Dersom du ønskjer kva som helst slags bekrefting, treng du berre å lese nylege rapportar frå Canada som avdekkjer at landets parlamentstryggleikssjef har rådgjeve parlamentsministrane om å «gøyme seg». Sergeant-at-Arms Patrick McDonnell, han som har den tryggleiksrolla, sende bokstavleg tala canadiske MP-ar ein e-post om konvoiprotesten som rådgav dei å «ikkje bli involvert og fare ein trygg stad», og «stengje og låse alle ytterdører».

På eksemplarisk manér gjekk Trudeau til åtak på ryktet til konvoi-deltakarane, og kalla dei ei gruppe utkant-radikalar som er knytt til ekstremistiske grupper, som han har gjort med alle som protesterer mot hans vide, overfeiande vaksinemandat. Denne hakk-i-plata-talen av ulogisk karakterdrap burde falle for dauve øyre ettersom det har blitt heva over kvar ein tvil at Justin Trudeau vil gjere kva som helst for å underminere kritikarane sine, so lenge som han ikkje treng å møte dei ansikt til ansikt.

Slik stoda ser ut no, representerer Freedom Convoy Canadas folk med milevis meir integritet enn statsministeren sin. Ettersom det galvaniserer i Wellington Street inn frå det kanadiske parlamentet, har Justin Trudeaus kontor annonsert at han og familien har rømt til ein «hemmeleg stad» for å sleppe unna vreiden deira. Ein må spørje… begår han ikkje kardinalsynda å bryte karantenen ved å rømme sin veg med halen mellom beina?

Veit han ikkje at det er pandemi?!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s