Det fiktive møtet mellom Signe og Inger

Ein råkald, ufyseleg novembertorsdag med to grader, kuling og sludd. Staden var det digre kjøpesenteret som låg like bortafor det redselsfulle brakkebygget der Tenester for intellektuelt utfordra hadde administrasjon. Signe hadde fri denne dagen sidan ho hadde arbeidshelg, og den fridagen trong ho so det ljoma – ho hadde ikkje greidd ei vakt til på rappen om det stod om liv, og ho lurte på korleis i alle dagar ho skulle klare å kjempe seg gjennom arbeidshelga. Klokka var presis elleve, og det blonde hovudet til Inger dukka opp i rulletrappa bortafor kaféen der dei alltid pla å møtast. Det hadde gått nesten eit år sidan førre gong dei møttest, for dei var begge mildt sagt opptekne på kvar sin front. Inger hadde sine ting, og Signe hadde iallfall sine ting.

No sat ho der med ein halv kopp kaffi og ei bok, denne gongen «Great Expectations» av Charles Dickens, ei bok som var vel tunglest, slik alle bøker frå 1800-talet såg ut til å vere. Folk hadde tid til å skrive og lese lange, innvikla bøker på den tida. No for tida kunne folk flest knapt nok lese, tenkte ho med dårleg skjult forakt for slik sjølvvald dumskap. Brukarane hadde diagnose, og var dermed fritekne frå å vere smarte. Normale folk hadde ikkje slike medisinske orsakingar.

Ho var varm og nydusja etter ei treningsøkt på treningssenteret i bygget, ho valde å bruke den einaste fridagen denne veka til å trene. Og til å møte kjære Inger. Ho var gammal nok til å vere mora hennar, men ho kjende seg langt meir på bølgjelengde med ho, enn med sine jamnaldringar, som berre tenkte på og snakka om ungar. Fanst det ei normal barnlaus ungkarskvinne over tretti? Signe valde å oversjå denne digre elefanten i rommet, sjølv om nemnde elefant tok opp so å seie heile rommet. Tanken på å døy åleine fylde ho med både skam og uhyggje.

Inger hadde i likskap med Signe hatt det tøft. Ho vart for to år sidan erklært uønskt innan Tenestene. Bakgrunnen var at ein av brukarane, ein godt gjødd brande i ei dyster høgblokk, hadde vedtak på bistand til middagslaging kvar dag. Han hadde ganske ekstravagante middagsønske, og skydde Fjordland som pesten – han ville ikkje sjå ferdigrettar føre sine auge, dei bydde han meir i mot enn miljøarbeid gjorde for ein vernepleiar. Signe strevde seg som regel igjennom dette oppdraget, som ofte kunne vare i opptil to timar, strengt teke dobbelt so lenge som brukaren hadde vedtak per dag. Middagen, som kunne utfordre ein rutinert kokk, var éin ting. Det skulle òg gjerast husarbeid, og oppvasken hadde ein tendens til å tårne seg opp urovekkjande fort, iallfall når ein vernepleiar høgst motviljug hadde vore der dagen før.

Signe skreiv avvik dersom ho brukte meir enn ein time der, og dette fekk naturleg nok avdelingsleiar til å brumme, glefse og knurre. Brukar skulle ikkje få meir tid enn han hadde vedtak på, for der var jo faktisk andre brukarar å gå til òg. Dessutan ville ikkje avdelingsleiar sjå avvik på sin tenestestad i det heile, for då ville han få kjeft av soneleiar, og dette kunne hindre tosken i å avansere i gradene. Signe hadde høyrt denne leksa ein million gonger før. Mannen var kan hende den mest udugelege mellomleiaren i heile bydelen. Fanst det eit menneske i denne verda som ho forakta meir? Kanskje seg sjølv, men slike tankar gjorde ikkje livet hennar betre. Ho prøvde å fokusere på det faktum at ho skulle møte eit forstandig, oppegåande menneske for fyrste gong på æver.

Inger jobba eigentleg i Heimehjelpa, men hadde teke fagbrev som helsefagarbeidar via Vaksenopplæringa etter å ha jobba med intellektuelt utfordra i alle år. Det var Signe som hjelpte ho med å kome i gang, og ho var med og støtta ho heile tida, og Signe var den fyrste Inger ringde til når ho hadde greidd den krevjande fagprøva. Ho var i femtiåra, ei staseleg og stolt dame som hadde sett til verda og oppdrege fire ungar som alle hadde blitt folk av. Erfaringa hennar, kombinert med overlegne empatiske evner og kommunikasjonsferdigheiter, gjorde Inger kan hende til den beste helsefagarbeidaren i bydelen, om ikkje i heile kommunen. Signe var den som hadde ho på opplæring, og det var overflødig å seie at Inger knapt trong opplæring i det heile. Denne tilårskomne dama tok alle brukarane på strak arm, og vaska kle, golv og ræver i ein stil som det stod stor respekt av.

Alt gjekk på skinner, heilt til ho kom til denne brukaren. Personalet gjekk berre til brukaren på kveldsvakta, og dagen før hadde nokre andre gått til han. Dette var Inger si tredje og siste opplæringsvakt, og fyrste gong ho møtte denne korpulente, eksentriske karen.

Ho kom inn dørene på slaget tre, som var den ufråvikelege avtalen brukar hadde laga med ein vernepleiar seks år tidlegare, då Tenestene byrja å gå til han. Brukar kravde i dag raspeballar med røykjeknoke, kolrabistappe og steikt bacon. Inger påpeikte at røykjeknoken ikkje ville bli ferdigkokt innan den tilmålte tida – avdelingsleiar hadde nedlagt forbod mot at personalet brukte meir enn ein time der, då fekk dei heller gå i frå halvgjort arbeid. Å gå i frå halvgjort arbeid kom derimot ikkje på tale her i garden, brukaren kunne jo ikkje ete halvkokt kjøt! Brukar fekk difor tilbod om middagspølser attmed raspeballane i staden for røykjeknoke, for middagspølser hadde han rikelege mengder av i frysen likevel. Å raspe poteter til raspeballane var fort gjort, og brukar kunne jo setje pølsene til koking og kutte opp baconet medan dei venta på at vatnet skulle koke opp. Dersom det var noko husarbeid som skulle gjerast, so kunne jo dei gjere det i fellesskap medan dei venta på at maten skulle bli ferdig. Slik ville dei kome i mål med dagens gjeremål innan timen var gått, informerte ho høfleg, vennleg og med glimt i auget.

For å seie det kort og enkelt, so fall dette brukar tungt for brystet, og for ein som alltid hadde fått viljen sin frå den dag han vart fødd, so måtte dette ha fortont seg som eit utilgjeveleg overtramp. Han skulle visst pokker ha røykjeknoke, og at han skulle gjere noko husarbeid eller hjelpe til med middagen, var som å banne i kyrkja i hans bok. Delta i husarbeid og middagslaging? Ikkje om Dovre fall! Brukar gav uttrykk for dette fyrst gjennom høglytt skriking, før han fauk rett i strupen på den sjokkerte dama. Ho greidde med naud og neppe å vri seg ut av kvelartaket til den frodande mannen, og forlét leilegheita utan å skrelle so mykje som ei potet eller vaske eit einaste asjett.

Etterpå ringde brukar til mor si, som gjekk i fistel over denne tenesteforsømminga. Bakgrunnen for at personalet stakk av, vart stille forbigått. Med hamrande hjarte og skjelvingar i heile kroppen gjekk Inger rett på kontoret og skreiv skademelding, og Signe som verneombod las denne meldinga perplekst, for ho var tilfeldigvis på vakt med Inger. Som verneombod skreiv ho under på skademeldinga, og leverte ho so til avdelingsleiar for hans underskrift. Trass det dramatiske overfallet, gjekk Inger resten av vakta og gjorde ein uklanderleg jobb. Signe sjølv kunne ikkje ha gjort det betre.

Dagen etterpå jobba Inger dagvakt, òg saman med Signe. Avdelingsleiar, derimot, hadde blitt kontakta av ein av vernepleiarkonsulentane, som i sin tur hadde fått ein illsint telefon frå mora til brukaren so fort han var komen inn dørene til kontoret denne morgonen. Avdelingsleiar hadde fått høyre at Inger hadde nekta brukaren middag, og gått derifrå utan å gjere nokon ting. Han kalla dama sporenstreks inn til møte med han sjølv, mor og vernepleiarkonsulenten. Inger hadde aldri i sitt liv møtt eit so aggressivt og fiendtleg innstilt fruentimmer, det var klart kor raseriet og den vanskelege åtferda hjå brukaren kom frå! Hendinga fylde denne hardtarbeidande, pliktoppfyllande kvinna med djup frykt og ubehag.

Då Signe kom tilbake frå oppdrag for å ta lunsj, møtte ho Inger i døra på veg ut. Ho hadde raude, tårevåte auge og fortalde med bivrande røyst og raudmussa kjakar at ho var blitt fjerna frå vikarlista og ikkje lenger var velkomen, ikkje berre på tenestestaden, men i heile Tenestene. Ho var blitt skulda for tenesteforsømming, og leiinga nekta å høyre på ho då ho fortalde at grunnen til at ho ikkje gjorde noko, var at brukaren skapte seg galen og tok til valdsbruk. Signe konfronterte avdelingsleiar med dette, og viste til skademeldinga som dama hadde skrive i etterkant av hendinga. Avdelingsleiar såg ut som om han ikkje heilt skjønte kva ho ville fram til. Noka skademelding hadde han aldri sett. Signe mistenkte at avdelingsleiar med intensjon hadde rota vekk skademeldinga slik at han då slapp å forholde seg til årsaken til «tenesteforsømminga». Mistankane hennar vart seinare bekrefta då ho fann skademeldinga makulert då ho gjekk ut med bosset. Utruleg nok var ikkje dette det verste denne feige rotta hadde gjort, og endå meir utruleg var det at slike hendingar hende titt og ofte.

Signe reiste seg opp sakte og elegant og møtte blikket til Inger. Dei to såg på kvarandre lenge, nett slik som folk som elskar kvarandre ser på kvarandre. Inger støtta seg til ei krykkje, elles såg ho ut til å vere i fin form. Dei to klemde kvarandre lenge.

«Vil du ha kaffi?» spurde Signe.

«Ja, det er jo difor eg er her,» svarte Inger ertent med sitt karakteristiske glimt i auget.

«Eg spanderer,» sa Signe fast.

«Det er då ikkje naudsynt. Eg har då pengar, sjølv om eg er uføretrygda.»

Signe fekk med seg pengar frå Inger, og det enda med at Inger spanderte kaffi på dei begge. Det hadde gått lang tid sidan sist dei såg kvarandre, eit hav av tid der det hadde skjedd eit hav av ting med dei begge. No sat Inger endeleg der føre ho i kjøt og blod. Det blonde håret var i ein elegant hestehale, og det var ikkje mange femtiåringar som kledde hestehale.

«Det var ikkje meininga at det skulle gå so lang tid,» sa Inger, nesten som om ho las tankane til Signe. Dei to var særs like, både i utsjånad, kroppsbygning og veremåte. Den einaste skilnaden mellom dei – bortsett frå alderen – var hårfargen, der Inger sitt blonde hår var ein kledeleg kontrast til Signe sitt sjokoladebrune hår. – «Det har skjedd so mykje. Eg fekk prolaps i ryggen då eg vaska eit bad, og eg har vore sjukemeldt i fleire månader. Det er lite sannsynleg at eg kjem tilbake på jobb i Heimehjelpa. NAV har snakka om omskolering. Det kan bli aktuelt for meg å gå tilbake på skulebenken og få ein kontorjobb. Gamle kjerringar kan ikkje krype rundt og vaske leilegheiter alle stader.» Ho tok ein slurk kaffi og såg med klåre, tindrande auge på Signe. Å sjå eit menneske med eit snev av intelligens stire på ho, var ei uvand kjensle for Signe desse dagar, ettersom ho konstant var omringa av idiotar – bokstavleg tala. – «Jobbar du framleis i Tenestene for heimebuande, Signe?»

«Nei, eg jobbar ein annan stad no,» svarte Signe. – «I Urokroken bufellesskap nord i bydelen, nesten på bydelsgrensa.»

«Kva, jobbar du ikkje i Tenestene lenger?» Inger sette nesten kaffien i halsen. – «Du har jo jobba der i fem-seks år!»

«Fire år, men det var eit sjokk for meg òg då eg fekk høyre frå soneleiar at dei ikkje lenger ville ha meg der. Det verka litt ufornuftig å fjerne meg, sidan eg var både verneombod og REVO. Det skaffa dei nok mykje ekstraarbeid.»

«Soneleiar, den gapen. Har han nokosinne gjort noko fornuftig? So du er ikkje REVO heller no?»

«Nei, for å vere REVO, må ein vere verneombod ein stad. Og på den nye arbeidsstaden er nokon andre verneombod. So no er eg verken verneombod, REVO eller noko administrativt. Eg er berre ein vanleg miljøarbeidar. Ein slave, vil eg kalle det. Eg har gått frå å vere deltidslakei til å vere fulltids.»

«So du jobbar 100% no?» spurde Inger imponert. – «Gav verkeleg soneleiar deg fulltidsstilling omsider? Snakkar vi om same mannen?»

«Det er berre eit 11-månadersvikariat. Eg har ulønt permisjon frå mi faste 80%-stilling. No har eg jobba der i to månader, og eg veit faktisk ikkje om eg klarer å jobbe der i ni til. Arbeidet er altfor tungt for meg, og eg får ikkje hjelp når eg ber om det.»

«Kva?» utbraut Inger sjokkert. – «Hjelper ikkje kollegaene dine deg?! Du har krav på hjelp dersom du ber om det! Å ikkje hjelpe deg er tenesteforsømming!»

«Det er berre med ein av brukarane dei ikkje hjelper meg. Den vanskelegaste.»

«Er det berre den brukaren du ikkje får hjelp med?»

Signe nikka.

«Det ser ut til å gjelde andre reglar for ho enn for dei andre brukarane.»

«Slik skal det ikkje vere. Har du teke det opp med verneombodet?»

«Både verneombodet og avdelingsleiar. Eg har heller ikkje fått opplæring på brukaren. Leiar seier at det ikkje er økonomi til å gje meg opplæring.» Inger sleppte frå seg eit oppgjeve og skuffa sukk. – «Avdelingsleiar resonnerer slik: «Signe skal ikkje få opplæring på den vanskelegaste brukaren. Ho skal heller ikkje få hjelp av kollegaene når ho ber om det, sjølv ikkje i akutte situasjonar. No ser eg at det ikkje går bra med Signe og brukaren, og då kan ho ikkje lenger jobbe her».»

Igjen utbraut Inger «kva?!» i affekt.

«Vil leiar flytte deg til ein annan stad etter berre to månader? Signe, du har ikkje fått opplæring på ein brukar, og avdelingsleiar bruker det so i mot deg at du ikkje er flink med brukaren? Dette blir jo verre og verre!»

Signe bøygde seg over bordet og såg på Inger med raudnande kjakar og eit sardonisk halvsmil.

«Tru meg, Inger, det blir verre. Veit du kvifor soneleiar flytta meg til Urokroken? Offisielt heiter det seg at eg jobbar der fordi eg uttrykte ønske om 100%. Uoffisielt snakkar vi konfliktsanering.»

«Jaha? Var du involvert i ein konflikt ved Heimebuande?»

«Det var ein av vernepleiarane som ikkje lika at eg vart både verneombod og REVO same året. Då dikta vedkomande opp ei mengd absurde historier om kva eg skal ha gjort med brukarane.»

«Kva?! Dikta personen opp historier om deg?»

«Og soneleiar trudde på ho og ikkje på meg. Eg skulle ha gjort ting med brukarane som ikkje var i tråd med dei etiske retningslinjene til kommunen.» Signe byrja nesten å grine. – «Eg vart skulda for å… beføle ein brukar. Ein kvinneleg brukar. Blant anna.»

«I alle dagar, Signe! Kven i alle dagar var det som sa det?»

«Tiril.»

«Tiril Menssen? Krysset? Vel… Det kom faktisk ikkje som ei overrasking. Det var eit eller anna rart med ho. Ho var so tilgjort i fakter og åtferd, nesten som ein dårleg skodespelar. Eg kom ikkje overeins med ho. Ho fortalde ein del rare ting til meg då vi jobba saman. So det var ho du rauk uklar med.»

«Ja, det var Krysset. Eg fekk eit verv ho meinte eg ikkje fortente, og for dette vart eg kryssa av på lista hennar. Lista hennar over folk ho ville rydde vekk frå livet sitt. Lista over dei ho reknar som sine fiendar.»

«Vel. So Krysset dikta opp ville løgnhistorier om deg for å sverte deg. Høyrest ut som karakterdrap i mi bok. Kontakta du fagforeininga?»

«Hovudtillitsvalt erklærte heile fagforeininga for inhabil fordi han har vore kjærast med Krysset. So no har eg skifta fagforeining.»

«Det var uprofesjonelt gjort av dei. Bra du skifta fagforeining. Hjelper dei deg no?»

«Dei har lovt å hjelpe meg med mi noverande sak. Den om tenesteforsømming. Saken med Krysset ser eg på som ute av verda, sidan vi ikkje jobbar saman lenger.»

«Eg håper det vil ordne seg for deg, Signe.» Inger drakk siste slurk av kaffien.

«Skulle ønskje eg slapp å gå på jobb i helga,» sukka Signe. – «Eg er strengt teke ikkje i form til det. Det er nesten so eg vurderer å bruke eigenmelding.» Ho var nesten bedande i blikket. – «Eg håper du ikkje trur eg sluntrar unna arbeidet.»

«Signe…» Inger såg alvorleg på ho. – «Det er ikkje meg du skuffar om du skulkar jobben. Det er deg sjølv. Til sjuande og sist er det berre deg sjølv i denne verda du står til reknskap for. Det er berre deg sjølv du aldri kan flykte i frå. Den personen i verda du bør prøve å gjere til lags, er deg sjølv. Den einaste personen som er med deg heile livet. Tenk alltid på dei langsiktige konsekvensane av dei vala du tek. Dersom du kunne ha møtt deg sjølv då du var ei ungjente på byrjinga av vaksenlivet, kva ville vedkomande ha sagt til deg når ho såg korleis du hadde tillate livet ditt å bli? Hadde ho skjelt deg ut? Og kva om du kunne ha møtt deg sjølv på slutten av livet? Ville den personen ha vore sint på deg, skuffa eller regelrett hatefull mot deg? Sviktar du deg sjølv og kva du står for, so må du sjølv ta konsekvensane.»

Signe sat og tenkte. Ho visste ikkje kva ho skulle seie. Inger hadde æveleg rett.

«Kva skal eg gjere, Inger?» spurde Signe i det ei tåre trilla nedover kinnet hennar.

«Ta deg saman og gå på jobb. Ta opp kampen mot kollegaene som ikkje vil hjelpe deg. Det vil bli tøft, men du vil iallfall få det betre med den einaste personen i livet ditt som verkeleg betyr noko for deg. Handlar du i samsvar med din natur, so svik du iallfall ikkje deg sjølv og det du står for.»

«Det var det eg var redd for å høyre.»

«Ting har ein tendens til å ordne seg. For to månader sidan kunne eg knapt stå på beina. No klarer eg faktisk å gå heilt frå parkeringsplassen og opp hit. Eg tek ein dag om gongen, og det bør du òg gjere. Sovidt eg veit, har du ikkje ein TARDIS.» Eit ertent glimt i auget.

Signe sitt smil gjekk nesten i sirkel.

«Du altso…» sa ho kokett.- «Du veit eg elskar Doctor Who. Eg trudde ikkje du hadde høyrt tale om serien.»

«Der var det smilet ditt igjen,» sa Inger. – «Det er fyrste gong sidan vi møttest i dag at eg har sett deg smile. Eg vil høyre deg le òg, men vi får ta ein ting om gongen.»

Signe reiste seg frå det vesle bordet og la armane rundt Inger. Til si store overrasking greidde ho faktisk å ta seg saman. No var dei komne til det uunngåelege i alle møte: Slutten. Helst ville ho ikkje gå i frå Inger og tilbake til einsemd og fortviling igjen, men visste ting i livet var uunngåelege.

«Viss eg skal vere ærleg med deg, Signe,» sa Inger i det dei var på veg ut av kaféen. – «so trur eg du finn deg i litt for mykje. Eg har gått i same fella før. Vi blir lett offer for andre sin vondskap fordi vi er redde for å ikkje yte vårt beste. Dette er flink-pike-syndromet. Du lèt deg trakke på og utnytte. Du må tore å seie i frå når du blir handsama dårleg.»

«Vel…» Signe la armen rundt Inger i det dei gjekk ned rulletrappa. – «Etter at du vart… kasta ut av Tenestene, so var det nokon som ein ettermiddag skar opp alle fire dekka på BMW-en til avdelingsleiar. Og det var hans tur til å hente ungen i barnehagen. Og det er den typen barnehage som deler ut bøter til foreldre som kjem for seint for å hente ungane. Gjett kven som fekk seg ei bot den dagen, og kven som måtte kjøpe seg fire nye dekk.»

Inger såg på Signe lett perplekst. So fekk andletet eit alvorleg drag over seg.

«Eg får ikkje håpe det var deg.» Signe vreid på seg, litt skuffa over at ho for éin gongs skuld ikkje hadde Inger med seg. – «Dersom det var deg, får eg håpe ingen såg deg. Og at du ikkje gjer noko liknande igjen. Du kryssa ei grense der. Hugs det eg sa om å stå til reknskap for deg sjølv.»

«Han fortente det, slik som han handsama deg. Dei trakka på deg.» Signe var like alvorleg som Inger.

«Eg klarer å forsvare meg sjølv, og du kan stole på at eg tok toskane i skule den dagen, inkludert den avskyelege mora. Det einaste du oppnådde, var å mildt irritere avdelingsleiar. Han skjøner ikkje at dette var hemn, til det er han altfor dum. Dersom han derimot hadde skjønt det, kunne han ha trudd at det var meg, og då hadde eg kome i vanskar. Hærverk er straffbart. Det gjekk dessutan utover ein uskuldig tredjepart. Ungen hans, som nok lurte på kvifor pappa kom so seint for å hente han. Tenk på det.»

«Eg meiner eg gjorde det rette. Det fekk meg til å føle meg bra, og eg står jo til reknskap for meg sjølv.»

Inger såg lenge på Signe.

«Er du skuffa over meg?» spurde Signe.

«Eg hadde ikkje venta det frå deg,» sa Inger. – «Du bør ikkje gjere slikt. Det er andre personar i verda enn berre deg.» Ho såg på klokka på smarttelefonen sin. – «Eg må fare no. Eg skal passe guten til eldstedottera.»

Deretter forlét Inger Signe og hinka bort til ein blå Toyota Yaris.

«Han fortente det,» sa Signe stille medan noko mørkt dukka opp i dei himmelblå auga hennar. – «Og eg kjem til å gjere det igjen.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s