Det ultimate målet til WEF er å kontrollere og endre livet på Jorda ved å hacke seg inn i menneske og fjerne den frie viljen

Av dr. Joseph Mercola. Henta frå The Exposé. Omsett av saksyndig.

Klaus Schwab, grunnleggjar og leiar i World Economic Forum (WEF) er personifiseringa av The Great Reset – som har som det ultimate målet å få vekk den demokratiske prosessen og gje all eigarskap og kontroll over til djupstaten – og den teknokratiske eliten som kontrollerer det.

I denne videoen kjem komikaren JP Sears med hovudgrunnane til at dette enkelt gjer Schwab til eit av dei farlegaste menneska i verda – og kanskje den farlegaste. Eit av Great Reset sine mange «ny-normale» slagord er at du vil eige ingenting og vere lykkeleg. Dette er del av WEFs 2030-agenda, og ein plan eller allereie der for å få det til å skje.

Schwab er òg forfattar av boka «COVID-19: The Great Reset», som vart publisert 9.juli 2020. «Eg lurer på korleis han fekk til å skrive den og publisere den so fort?» sa Sears. «Det er nesten som om han skreiv boka før han starta pandemien. Eg meiner, før pandemien starta.»

Akutt krise styrkjer makta til staten

WEF opererer via skremselspropaganda – om sjukdom og miljøkatastrofer, for å byrje ein stad. Når befolkninga er kontrollert av frykt, ønskjer dei velkomen autoritært «vern» slik som auka overvaking og digitalidentitetssystem, introdusert under dekket tryggleik, men som til sjuande og sist fjernar personleg autonomi og fridom.

Faktisk skreiv Schwab, «Ein av dei største lærdommane dei siste fem hundreåra i Europa og Amerika er denne: Akutte kriser bidreg til å styrkje makta til staten. Det har alltid vore tilfellet, og der er ingen grunn til at det skulle vere annleis med COVID-19-pandemien.» Hugs at ingen valde Schwab til nokon som helst statleg posisjon, men han er bak scena og trekkjer i trådane likevel.

WEF portretterer seg sjølv som ein global organisasjon som ønskjer å forbetre verdas tilstand, men dei fleste ville få bakoversveis om dei visste kven som står bak det. I Sears’ eigne ord:

«Du vil bli opprømt av å høyre at gjengen som utgjer World Economic Forums talarar på deira årlege elitetreff i Davos inkluderer slike godsinna humanitærar slik som Xi Jinping, leiaren av Det kinesiske kommunistpartiet, som no for tida utfører folkemord, og Tony Fauci, som visseleg er involvert i brotsverk mot menneskeheita, og Bill Gates, som visseleg er involvert i brotsverk mot menneskeheita, og den australske statsministeren Scott Morrison, som visseleg på noverande tidspunkt er involvert i brotsverk mot menneskeheita. For ein fantastisk gjeng!

Forplikta til å redesigne sjølve livet

WEF sitt mål er ikkje berre å kontrollere livet på Jorda, men å fundamentalt endre det. Schwabs topprådgjevar, transhumanisten Dr. Yuval Noah Harari, innrømmer ope at data kan late menneskeelitar gjere meir enn «berre å byggje digitale diktatur».

«Ved å hacke organismar,» sa Harari, «kan elitar få makt til å redesigne framtida til sjølve livet. Fordi når du fyrst hackar noko, kan du vanlegvis òg redesigne det.» Snart, seier han, vil nokre konsern og statar bli i stand til å «systematisk hacke alle menneska.» Og dersom dei lykkast i å hacke livet, skildrar han det som den «største revolusjonen i biologi sidan livet byrja for 4 milliardar år sidan.» Ifølgje Harari:

«I 4 milliardar år endra ingenting seg fundamentalt. Vitskap erstattar evolusjon med naturleg utval med evolusjon med intelligent design. Ikkje det intelligente designet til ein gud over skyene, men vårt intelligente design, og det intelligente designet av våre skyer – IBM-skya, Microsoft-skya – desse er dei nye drivkreftene til evolusjon.»

Når eit menneskeliv fyrst er hacka, vil hackerane oppretthalde kontroll over sjølve livet – ein prosess som har blitt akselerert av pandemien. Trass alt, sa Harari, «Det blir ofte sagt at du bør aldri sløse vekk ei god krise.»

Overvaking er ein nøkkeldel av planen for global totalitær kontroll, og Harari seier at om 100 år, vil menneske vere i stand til å sjå tilbake og identifisere COVID-19-pandemien som punktet er eit nytt overvakingsregime tok over – «spesielt overvaking under huda».

WEF indoktrinerer aktivt «Unge leiarar»

WEF har gåande eit «Young Global Leaders»-program, ei femårig indoktrinering i deira prinsipp. Målet deira er å skape verdsleiarar som ikkje svarer til folket, men til sine sjefar i WEF. Utgraderte frå programmet inkluderer verdsleiarar som går «mistenkjeleg i gåsegang» med WEF sin Great Reset, slik som:

  • Justin Trudeau, statsminister i Canada
  • Emmanuel Macron, president i Frankrike
  • Mark Zuckerberg, medgrunnleggjar og adm.dir. i Facebook

Sponsorar av WEFs Young Global Leaders-program inkluderer Bill & Melinda Gates Foundation og Google – “Eg lurer på kvifor Google sensurerer og formar informasjon til å eksakt støtte World Economic Forum si forteljing?» spør Sears. I mellomtida spår WEF eit verdsomspennande cyber-åtak som Schwab seier «kan skape full stans i kraftforsyning, transport, sjukehustenester, heile samfunnet vårt.»

WEF utførte deretter ei simulering av cyber-åtaket, som ser meir ut som ein sirleg utført planleggingssesjon, mykje som Event 201 – WEFs pandemiberedskaps-simulering for eit «nytt koronavirus» som fann stad i oktober 2019.

Korleis vil folk «eige ingenting og vere lykkelege»?

Dersom WEF og Schwab har som intensjon å gå vidare med sin plan for global dominans, må dei få folk med på ideen om å gje opp eigarskap til ein eliteklasse. Men korleis? Hent inn BlackRock, eit investeringsselskap som forvaltar 9 kvadrillionar dollar – eit høgare bruttonasjonalprodukt enn kvart land på Jorda bortsett frå USA og Kina, seier Sears.

BlackRock har meir makt enn dei fleste regjeringar på Jorda, og dei kontrollerer òg den amerikanske sentralbanken, Wall Street-megabankar slik som Goldman Sachs og WEFs Great Reset, ifølgje F. William Engdahl, ein strategisk risiko-rådgjevar og føredragshaldar som har ein grad i politikk frå Princeton University.

So, kva er sambandet med World Economic Forum? BlackRock grunnleggjar og adm.dir. Larry Fink er styremedlem i WEF. Sears stiller spørsmålet: «Samarbeider World Economic Forum og BlackRock om korporatisme, der ein uvalt konsernelite dikterer ovanifrå og ned til folket?»

For å gjere dette, må dei infiltrere regjeringa – og det har dei gjort. Brian Deese, den amerikanske direktøren i National Economic Council, var tidlegare BlackRock sin globale leiar av berekraftig investering. «No er han Bidens hovudrådgjevar for økonomipolitikk,» seier Sears. Visepresident Kamala Harris sin leiande økonomirådgjevar Michael Pyle kjem òg frå BlackRock, der han var global leiande økonomistrategikar.

«Det ser ut som korporatisme, men det er det sannsynlegvis ikkje,» seier Sears spøkjefullt. «Men dersom det var det, ville det faktisk ha vore ein levedyktig strategi for BlackRock og World Economic Forum å eige alt, og for deg å eige ingenting.»

BlackRock kjøper òg opp einebustader i eit alarmerande omfang, der dei betaler opp til 50% over prisantydning slik at «gjennomsnittlege» menneske ikkje kan kjøpe dei. Kvifor er BlackRock interessert i å overbetale for beskjedne einebustader? I ein Twitter-tråd posta av brukaren Culturalhusbandry, står det:

«BlackRock, Vanguard og State Street kontrollerer 20 kvadrillionar dollar i aktiva. BlackRock åleine har eit årleg overskot på 10 trillionar. Det tydar at med 5-20% ned, kan dei få bustadlån på 130 000 – 170 000 heimar kvart år. Eller dei kan kjøpe kontakt 30 000 heimar per år. Berre BlackRock.

… Førestill dykk no at kvar einaste større institusjon gjer dette, fordi det gjer dei. Det kan vere slik ei raskt overfeiande handling at 30 år er å overdrive. Dei kan oppnå føydalisme på 15 år.»

Dersom gjennomsnittsamerikanaren blir skvisa ut av bustadmarknaden, og dei fleste tilgjengelege husa er eigde av investeringsgrupper og konsern, vil du bli bundne til dei som ein leigetakar. Du vil då eige ingenting, sjølv ikkje heimen din. Alle gjenstandar og ressursar skal bli brukt av kollektivet, medan faktisk eigarskap er avgrensa til eit øvste sosialklasselag.

Schwab var ikkje meisterhjernen bak WEF

Dersom Schwab er den farlegaste personen i live i dag, fortener forgjengarane hans nokre æresord. I ein undersøkingsrapport av journalist Johnny Vedmore, blir det avdekt at Schwab ikkje var meisterhjernen bak WEF og Great Reset.

Den æra går til hans tre mentorar – John K. Galbraith, ein kanadisk-amerikansk økonom, diplomat og skapar av offentleg politikk, Herman Kahn, som skapte konsept rundt det å unngå kjernevåpen, som vart offisiell militærpolitikk, og Henry A. Kissinger, som rekrutterte Schwab på eit internasjonalt Harvard-seminar, som var finansiert av amerikanske CIA.

«Dersom du har temmeleg grei kunnskap om Klaus Schwabs historie, vil du vete at han studerte ved Harvard på 1960-talet der han ville møte dåverande professor Henry A. Kissinger, ein mann Schwab kom til å starte eit livslangt vennskap med,» forklarte Vedmore.

«Undersøkingane mine indikerer at World Economic Forum ikkje er ei europeisk skaping. I røynda er det i staden ein operasjon som har sitt utspring i dei tre store innan offentleg politikk i Kennedy-, Johnson- og Nixon-æraene i amerikansk politikk; dei alle hadde band til Council on Foreign Relations [«råd for utanlandsrelasjonar»; oms.an.] og den assosierte «Round Table»-rørsla, med ei støtterolle spelt av Central Intelligence Agency [CIA].

Der var tre ekstremt mektige og påverknadskraftige menn, Kissinger blant dei, som kom til å føre Klaus Schwab mot deira ultimate mål om komplett global dominans på linje med eit amerikansk imperium, via skapinga av sosial og økonomisk politikk.

I tillegg var to av mennene i nøkkelposisjonen til marknadsføringa av den stadig tilstadeverande trugselen om ein global atomkrig… stiane deira ville krysse kvarandre og gå saman i løpet av 1960-talet… dei rekrutterte Klaus Schwab gjennom eit CIA-finansiert program, og… dei var den verkelege drivkrafta bak skapinga av World Economic Forum.»

Den frie viljen din er under åtak

Miljøureining, sjukdom og cyber-åtak blir brukte til å skape frykt med det føremålet å halde befolkninga lydig. Ein annan del av Great Reset er ei nullstilling av økonomien, inkludert jobbar. Mange i USA vil oppleve arbeidsløyse om dei vel å ikkje ta eit genetisk terapi-eksperiment i form av ei COVID-19-sprøyte.

Det er tydeleg at COVID-19-pandemien har skapt «eit unikt vindauge av moglegheit» for å setje fortgang i Great Reset, som involverer å endre alt frå framtidige globale relasjonar og retninga av nasjonale økonomiar til «prioritetane til samfunn, forretningsmodellane sin natur og handteringa av eit globalt fellesskap.»

Del av planen involverer Den fjerde industrielle revolusjon, som Schwab har diskutert iallfall sidan 2016, og «er karakterisert av ein fusjon av teknologiar som viskar ut skiljelinjene mellom dei fysiske, digitale og biologiske sfærane.»

Når det gjeld stat og regjering, vil Revolusjonen ha med seg nye teknologiske makter som tillèt auka befolkningskontroll via «gjennomtrengjande overvakingssystem og evna til å kontrollere digital infrastruktur». I mellomtida, medan folk er opptekne med å uroe seg for dei orkestrerte trugslane som kjem for å ta dei, arbeider teknokratar med å finne ut korleis ein kan fjerne essensen av kva det tydar å vere menneske – nemleg fri vilje.

«Menneske er no ‘hackable’ dyr,» sa Harari. «Menneske har denne sjela eller ånda og dei har fri vilje, og ingen veit kva som skjer inni meg, so same kva eg vel, om det er snakk om stortingsval eller kva eg kjøper på butikken, dette er min frie vilje – det er over.» Det hastar at vi alle tek steg for å forbli frie, suverene individ, som kan vere so beintfram som:

  • Ver guida av di eiga kritiske tenking og det som hjartet ditt og sjela di veit er riktig
  • Vel mot over lydigheit

«Vi står overfor anten Great Reset eller Great Awakening [«stor oppvakning»; oms.an.],» påpeiker Sears. «og valet er ikkje Klaus Schwab sitt. Valet er ditt.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s