Dr. Peter McCullough: Dødstala etter Covid-sprøyter er «verre enn i ein krig»

Henta frå Infowars. Omsett av saksyndig.

«So mange som 187 000 amerikanarar kan ifølgje estimat misse liva sine etter vaksinering. Det kan vere so ille,» seier han.

Epidemiolog og kardiolog [hjartelege] dr. Peter McCullough åtvara at dei totale dødstala på grunn av Covid-injeksjon kan vere høgare enn utfallet i enkelte krigar.

I ein tale i rådhuset på Bahamas på OPTIMIST (Offering Preventive Therapeutic Interventional Medicines Increasing Safety & Trust) sist veke, forklarte McCullough korleis nye vitskaplege rapportar kjem ut som viser at det amerikanske dødstalet frå sprøytene kan vere mykje høgare enn VAERS (Vaccine Adverse Event Reporting System) har dokumentert.

«[Ein artikkel] konkluderte at det høgste estimatet for dødsfall kunne vere so høgt som 187 000 amerikanarar som misser livet etter vaksinering. Det kan vere so ille,» sa McCullough.

Då han siterte VAERS-data, forklarte McCullough korleis alvorlege biverknader hadde sitt opphav i mange delar og organ i menneskekroppen der Covid-vaksine-partiklane vart funne.

«Eg kan fortelje dykk ved å sjå på denne VAERS-rapporten med 12 000 amerikanarar som har døydd etter å friviljug ha teke ein injeksjon med Covid-19-vaksinen, at dødstalet er verre enn i ein krig. Det er verre enn dei fleste krigar,» sa han, og la til at «86% av tida er rapporten laga av ein lege, ein sjukepleiar eller profesjonelt helsepersonell som trur at vaksinen forårsaka problemet.»

OPTIMIST-gruppa, som består av legar, advokatar og andre medisinske profesjonelle, forklarer at det ikkje er ei «anti-vax»-gruppe, men at dei har som intensjon å utdanne folket om alternative Covid-formildingsstrategiar bortsett frå «berre vaksine»-strategien:

«OPTIMIST er ei engasjert gruppe legar, medisinske profesjonelle, pastorar, advokatar og bekymra borgarar som har kome saman for å fremje ein utvida protokoll i kampen mot Covid-19, som inkluderer bruk av Ivermectin og andre terapimetodar for å redde fleire liv.

Gruppa eksisterer for å utdanne folket om dei førebyggjande tiltaka og behandlingsstrategiane som vil hjelpe oss å kjempe mot SARS-CoV-2-viruset og optimisere tilfriskninga av dei som er råka av Covid-19-sjukdom. Å strategisk rette seg mot kvar fase av Covid-19-sjukdommen (smitte, inkubasjonstid, akutt sjukdom og tilfriskning) er vitalt.

Gruppa har ingen intensjon om å vere politisk eller å bli stempla som ‘anti-vax’, men som bekymra legar og borgarar som meiner at større tiltak krevst enn den avgrensa ‘berre vaksine’-strategien.»

Konferansen på Bahamas kan sjåast her. Dr. McCullough og andre sine vitnemål mot det store Covid-19-bedraget kan sjåast her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s