Transkripsjonar av Reiner Füllmich sin Grand Jury er no tilgjengelege

Fyrste del av dei to tyske advokatane Reiner Füllmich og Viviane Fischer sin Grand Jury har no blitt tilgjengelege som transkripsjonar i PDF-format. Her er høgdepunkta frå vitnemåla av dei mange medisinske og juridiske ekspertane som har uttalt seg til Füllmich og Fischer i denne videooverførte storjury-folkeretten. Den fyrste av fem delar, som no er tilgjengeleg, inneheld informasjon frå dag 2, med tittelen The General Historic and Geopolitical Backdrop to All of This (på norsk: Det generelle historiske og politiske bakteppet til alt dette). Her blir det avdekt korleis ein meisterplan har blitt skapt for å oppnå fullstendig dominans over verda under dekket av helsekriser. Det er David J. Sörensen frå StopWorldControl.com som har redigert desse viktige dokumenta. Kvar lesar blir oppfordra om å spreie denne informasjonen so langt det gjer seg gjere, under den strenge føresetnaden at informasjonen ikkje blir selt for profitt.

Fyrste del inneheld sensasjonell og kompromitterande informasjon om den britiske eliten (representert i City of London), psykologisk manipulering for å endre åtferda til folk (covid-19 sin skremselspropaganda og elitens psykologiske krigføring mot folket) og Verdas helseorganisasjon (som har blitt oppretta for å fungere som ei éiverdsregjering). Private einingar og selskap er i ferd med å ta over verda under påskot av eit påstått luftvegsvirus, og her er bevisa for handlingane og intensjonane til denne kriminelle eliten.

Nokre av vitna som ytrar seg i dette dokumentet er tidlegare etterretningsoffiser Alex Thomson, journalist og føredragshaldar Matthew Ehret, redaktør og tidlegare offiser i den britiske kongelege marinen, Brian Gerrish,  pensjonert sjukepleiar og statleg rådgjevar Debbie Evans, løytnant-oberst, ingeniør og tidlegare deltakar i programmet Dark Winter, James Bush, og legane Silvia Behrendt og Astrid Stuckelberger, som begge hadde leiande stillingar i Verdas helseorganisasjon (WHO) og FN.

Eit døme på oppsiktsvekkjande informasjon som kjem fram i denne vitnesbyrdsamlinga, er å finne på side 55 (saksyndig si omsetjing): «WHO har strategisk infiltrert alle nasjonane i verda med det føremål å avskaffe demokrati og påtvinge sitt eige tyranni på alle medlemmane av menneskeheita. WHO har si eiga ‘grunnlov’, eit ord som vart omhyggjeleg valt, med det føremål å erstatte grunnlovene i nasjonane. Medlemsstatane – som bokstavleg tala er kvar nasjon i verda – er bundne til å adlyde utan å mukke kva enn WHO ber dei om å gjere, noko som i praksis gjer dei [WHO] til ei éiverdsregjering, som opererer fullstendig utanfor nasjonale grunnlover og kvar ei form for demokrati».

Saksyndig har vurdert dokumentet som for farleg til å laste opp på sin private Google-drive. Linken til å lese og laste ned dokumentet er difor å finne på Nina Cappelen sin blogg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s