Kina-ekspert: Shanghai-nedstenging vil forårsake langt fleire dødsfall enn Covid

Steve Mosher åtvarar om dødsfall som eit resultat av Shanghai-nedstengingar på grunn av svolt eller andre ikkje-covid-relaterte årsaker

Av Emily Mangiaracina, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.

Kina-eksperten Steve Mosher åtvarar onsdag [13.april 2022; oms.an.] at dødstalet frå Shanghai sine pågåande nedstengingar vil vere «mykje større» enn nokon liv som potensielt går tapt på grunn av Covid-19.

«Eg veit ikkje kor mange liv dei kjem til å redde frå koronavirus i Shanghai, men eg garanterer at når dei endeleg går inn i enkelte av desse leilegheitene, der folk har vore innesperra i tre eller fire veker, kjem dei til å finne lika av menneske som har svelta i hel, menneske som har døydd av slag og hjarteinfarkt,» sa Bully of Asia-forfattaren til Brian Kilmeade på Fox & Friends.

Ifølgje Shanghai-innbyggjar Qin Chen, har mange i byen vore stengt inne sidan dei fyrste vekene av mars, der det fyrste nabolags- eller samfunnshandheva nedstengingane byrja frå 2. til 17.mars. Sidan då har Shanghai gjort nedstengingane obligatoriske for heile byen, der dei enkelte gonger har handheva innesperringa ved å forsegle eller setje hengjelås på dører, som CNN-korrespondent David Culver har rapportert.

Chen sa tysdag at enkelte Shanghai-innbyggjarar har vore sperra inne i meir enn 40 dagar. Byen har visstnok sendt ut ei melding der dei informerer innbyggjarane at dei vil bli stengt ned iallfall til 1.mai.

Kilmeade sa til Mosher at byen, som har blitt instruert av Beijing til å handheve ein «null-covid»-politkkk, byrja nedstengingane etter at meir enn 22 000 covid-tilfelle vart rapporterte – dei fleste asymptomatiske.

«Det gjev inga meining i epidemi-termar,» sa Mosher. «Du kjem aldri til å slå ned eit høgt smittsamt luftvegsvirus som spreier seg so lett. Resten av verda har innsett dette.»

Han la til, «Alle innser at vi rett og slett må leve med koronaviruset for alltid,» og alluderte til nesten-konsensus mellom immunologar at Covid vil halde fram med å vere i sirkulasjon i årevis framover som eit endemisk virus.

«Og kva driv dei på med i Shanghai? Dei drep hundar og kattar fordi dei kan bere koronavirus. Dei sperrar folk inne i heimane sine. Folk svelt bokstavleg tala i hel,» sa Mosher.

Fox News-vert Tucker Carlson påpeikte måndag [11.april 2022; oms.an.] at etter det fyrste covid-19-utbrotet i Wuhan, vart innbyggjarar ved enkelte høve sveiste inne i heimane sine av statleg tilsette, som videoar lagt ut av dei lokale viser, og nokre av dei enda opp med å svelte i hel.

Med tanke på at helsa til borgarane sine er preteksten for Shanghai-nedstengingane, spurde Kilmeade Mosher kva den verkelege forklaringa bak nedstengingane er.

Ifølgje Mosher er det nokre få grunnar for Shanghai-nedstengingane, der ingen av dei faktisk kjem frå bekymringar rundt Covid. Han påpeikte at Kina sin folkehelsetopp har sagt at dei ikkje kan «gje seg no», fordi dersom dei gjorde det, «ville alt [dei] gjorde i fortida vere til inga nytte.»

«Vel, alt de gjorde i fortida var feil, so innrøm det og gå vidare,» sa Mosher til Kilmeade. «Men dei kjem ikkje til å gjere det fordi politikarar aldri likar å gjere feil.»

Mosher trur at nedstengingane i det minste delvis er forårsaka av ein pågåande «maktkamp»: «President Xi Jinping ønskjer å vere president på livstid, og Shanghai-faksjonen kjempar mot det,» sa Mosher. «Vel, gjett kva? Shanghai er no stengt ned.»

Han la verkt på at det er ein klassisk totalitær taktikk å skremme befolkninga gjennom målretta forfølging, og merkte seg at der er ein kinesisk frase som tydar, «Du dreper den eine for å åtvare dei hundre.»

«Ved å stengje inne 26 millionar menneske i Shanghai, fortel du dei andre 1,4 milliardar menneska, ‘Vi bestemmer. Vi er det kinesiske kommunistpartiet. Vi kan gjere kva vi vil med liva dykkar. Vi kan diktere kor mykje du et, når du et, og om du sveltar i hel eller ikkje,’» sa Mosher.

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s