Ein stressa sjukepleiars privatliv

Klokka kvart på tre om morgonen presis byrjar minsteungen til den 30-årige sjukepleiaren Susann å hyle som ei sirene. Både Susann og hennar nyaste «trøystedokke», Stefan, vaknar frå kvar enn dei er i sine drøymeland. Den to-årige jenta skrik som om ho står i brann, og ein av dei må rykkje ut for å finne ut kva som trugar deira fellesbarn. Når daudtrøytte Stefan bruker litt for lang tid på å reagere, skjeller Susann han ut so spyttdropane haglar. Kjeften hennar er so stygg og skjendig at dersom ho hadde ytra denne avskyelege hattalen til eit vettig menneske på offentleg plass, hadde vi snakka 120 dagar ubetinga. Stefan sjagar seg i veg inn til barnerommet, der den vesle jenta hyler. Dei to andre barna, som Susann har fått med to andre menn, søv som steinar, fullstendig upåverka av dei forpinte skrika til halvsystera si. Stefan finn fort ut kva som plagar hjartebarnet han har fått med Susann: ho har full bleie. Bleia blir skifta fort og gale, og like slurvete og uvørdent som ein kan forvente av ein 33 år gammal forskalingssnikkar!

Barnet søv atter ein gong, og Stefan luskar seg i veg inn til den frodige hissigproppen som han var uklok nok til å få ungar med. Det at ho truga med å knipe av han testiklane og køyre dei opp i rævhòlet hans fem minutt tidlegare, har ho fullstendig gløymt. Det som hormonelle, 30-årige sjukepleiarar rautar midt på svarte natta skal jo ikkje mannen ta til seg på nokon måte, sa samlivsterapeuten dei betaler i dyre dommar for å høyre den «kvalifiserte» synsinga til. Dei to søv djupt berre nokre minutt etterpå. Susann snorkar so vindauga vibrerer. Kvart tiande sekund skyt ein fis ut av den enorme ræva hennar, ein fis like pill-ròten som ho sjølv.

Berre to magre timar seinare vaknar Susann og Stefan av at alle tre ungane er lys vakne og meir enn klare nok til å starte dagen. Klokka er då kvart på fem, lenge før både kyrne og fjorden fis (og alle ferjependlarar veit at fjorden fis fyrst!). Susann vil gjerne sove to timar til, og bjeffar og snerrar Stefan ut av senga. Han tek pliktskuldig med seg ungane inn i stova. Susann breier dyna over seg, slepp ein lang, djup fis og sovnar. Snart høyrest snorkinga som ein jamn dur, og vage barnestemmer og «Brannmann Sam» lyder i stova.

Kvart på sju listar Stefan og dei tre ungane seg inn på det stupmørke soverommet, klare til å vekkje binna som er i dvale. Dei to gutane og den vesle jenta bykser opp på den digre, mjuke kjærleikssenga og hoppar på Susann medan dei roper mamma-mamma-mamma på innpust og utpust. Sjukepleiaren vaknar med eit raut og ber dei pelle seg til helvete ut, for mamma må sove litt til, ho er so sliten og utbrent av all jobbinga. Stefan ymtar frampå at Susann faktisk skal vere på jobb klokka åtte (og han skal strengt teke byrje sju, men han har ein uvanleg grei sjef som skjøner kor tøft det er å vere småbarnsforeldre).

Den digre landkvalen kavar seg ut av senga medan hennar eigne avkom festar seg til ho som blodigler. Ho sleper dei med seg inn på badet, fullstendig naken. Berre det lett slitne sølvsmykket glitrar mot den likbleike, kvapsete huda hennar. Ho ser sitt eige ansikt i spegelen og føler for å kaste opp. Ho glefsar til Stefan at han har jaggu meg å lage frukost til ho – og lunsj òg. Ho sit seg på dassen og pissar og drit so det syng i veggane. Småungane ryggar unna med rynkande nasar, og snart har ho badet for seg sjølv. Pisset fossar ut og kablane dundrar ned i doskåla. Ho må gjere frå seg no medan ho kan, for på jobben er det rett og slett ikkje tid!

Stefan har klar ei skål med honnikorn og mjølk – ikkje til ein av ungane, men til 30 år gamle Susann. Ho drikk ikkje kaffi, sidan dei tydelegvis ikkje likar kaffi på den absurde planeten ho kjem frå! Utan å uttrykkje so mykje som eit lite «takk», gaflar ho i seg frukosten medan Stefan kler på ungane for å sende dei i barnehagen. Kjernefamilien på fem baksar seg ut i den råkalde januar-morgonen, vassande gjennom meterdjup snø. Bilen var beinfrosen ein halvtime tidlegare, men heldigvis har Stefan starta den opp og skrapt den. Susann sit seg i passasjersetet medan Stefan åleine festar ungane i barneseta bak i den romslege familiebilen. Dei rullar av garde gjennom det pretensiøse rikmannsstrøket som Susann nærast tvinga Stefan til å flytte med ho til.

Susann blir køyrt bokstavleg tala so nærme døra til sjukeheimen som det er mogleg å lovleg kome. Stefan må halse av garde for å levere dei tre ungane i barnehagen. Susann kjem opp i avdelinga på slaget åtte. Sjølv kjem Stefan halvannan time for seint på jobb. Sjefen hadde under normale omstende halde han igjen for å jobbe inn igjen dei nitti minutta på slutten av dagen, hadde det ikkje vore for at då ville ingen hadde kunne henta ungane i barnehagen før den stengde – Susann har jo ikkje tid, sidan ho har legevisitt i dag!

Halv fire stoppar ein sliten og bleik Stefan utanfor sjukeheimen. Ungane hojar og raser i bakseta, svoltne og utolmodige etter ein laaang dag i barnehagen. Susann stumpar ut av sjukeheimen, so svolten og pissetrengt at ho held på å gå i lufta. Ho deisar inn i passasjersetet. Omtrent før døra er igjen og bilen byrjar å rulle, tutar ho i veg om kor jævla mykje det er å gjere på jobb, kor inkompetente kollegaene er og kor nebbete, frekk og empatilaus sjefen hennar er. Deretter hudflettar ho Stefan fordi han ikkje har sendt ho kompliment og seksuelt pirrande tekstmeldingar. Kva for ein elendig kjærast er han eigentleg? Då han prøver å forklare ho at det ikkje er so lett å sende meldingar medan han støyper murar, slår ho til han og kallar han ein egoistisk psykopat. Jobben hans er langt ifrå so krevjande som hennar jobb – sjølv ein ape kan då klatte litt sement!

Medan dei svoltne ungane (og Susann!) gryler so ein ser ned i halsen på dei, piskar daudslitne Stefan saman ein middag medan han skiftar bleier på barna (du vil ikkje vete korleis han klarer det!). Susann ligg på sofaen og gaflar i seg sjokolade fordi ho ikkje klarer å vente til middagen er ferdig. Ho hylgrin fordi Stefan ikkje stoppa ho i å ete all den sjokoladen, og seier ho er so feit og jævlig at dei to ikkje kan ha sex meir. Barn nummer 1 skal ut med faren i dag klokka seks. I morgon klokka fem skal barn nummer 2 ut med sin far. Veka må planleggjast i minste detalj, for ingen av dei to mennene må under nokon omstende møte Stefan – då kan det fort bli valdsbruk av ei anna verd, sidan Susann aktivt har sett dei tre mennene opp mot kvarandre. Stefan har blitt fôra hjernen full med all slags svada om kor fryktelege menn Susann var dum nok til å gje seg hen til «i ein augneblink av ukontrollerbar kjæte».

Med 200 gram mjølkesjokolade innabords, tek Susann to-tre gaflar av middagen, før ho rynkar på nasen. Dei tre ungane et med hjarte og sjel – ein skulle nesten tru dei ikkje rekna med å få mat igjen! Maten er ikkje før fortært, før Stefan og ungar blir kommandert ut for å leike i snøen, slik at ho mor kan få sjå «Home and Away» i fred. Oppvasken kan stå til seinare – Susann har ikkje tenkt å ta den!

So fort tredje og siste ungen er i seng, listar Susann seg malande som ei gra-kjette over til Stefan, som ligg utslegen framfor TV-en. Ho er so kåt at ho held på å gå i lufta, og ser ikkje lenger på seg sjølv som for feit og jævlig til å fortene sex. No skal det pulast so taket lettar! Stefan har ikkje noko anna val enn å gje seg hen til denne digre dama, for alternativet får Hitlers Endlösung til å verke som ein koseleg ferietur i forhold!

Dei to har særs høglytt sex der Susann lagar mesteparten av lydane. Han, skjemd som ei bikkje, held klokeleg kjeft medan ho gaular «Meir!! Meir!! Meir!!» på innpust og utpust. Og han kan berre våge seg å kome enno! Ho har ikkje før ytra dei lagnadstunge orda, før han eksploderer med eit kujon-klynk inni ho. Ho forbannar han og hans familie til dommedag kjem, og som straff må han bruke dei neste førti minutta på å tilfredsstille ho med munn, tunge, fingrar, hårbørste (!) og det som måtte vere tilgjengeleg rundt denne umettelege malstraumen av ein sjukepleiar-narsissist!

To om morgonen er dei ferdige med si hyrdestund, som nok heile nabolaget høyrde. Ein time og tre kvarter seinare byrjar minsteungen å bælje igjen, og Stefan blir truga, nida og bokstavleg tala sparka ut av den store kjærleikssenga for å sjekke kva som no er gale med ungane deira. Når smakte han øl sist? Det kan han rett og slett ikkje hugse.

Og slik går no dagane. Susann kan ingenting anna enn å sperre opp auga i sjokk og vantru då Stefan plutseleg pakkar kofferten og stikk. Ingen trugslar kan få han tilbake igjen, sjølv ikkje det faktum at Susann (med hjelp frå si særs tolmodige mor) hyrer ein svindyr advokat og krev barnebidrag. Stefan betaler gladeleg kva det måtte vere for den eine ungen han har «opphavsrett» til – herre min hatt, han betaler gladeleg 50% av løna si og seier frå seg kvar ein rett til å sjå si eiga dotter igjen, berre han slepp å vere i same bydel som den sinnssjuke kjerringa! Heile Stefans slekt og vennekrins er djupt letta på hans vegner – til og med sjefen hans seier med blanke auge at han gjorde det einaste rette. «Inga fitte er verdt so mykje styr!» seier den gråhåra, fråskilde firebarnsfaren og grøssar seg.

Og Susanns «venner», kva seier dei? Dei seier at der er andre fiskar i sjøen. Det kryr av desperate menn som lett kan hukast tak i. Og so fort du har lurt dei til å besvangre deg, sit dei med skjegget i postkassen! Det faktum at ein mann nettopp reiv av seg sitt eige skjegg for å kome seg ut av den kassen, tenkjer ingen på – til det er dei langt frå smarte nok. Susanns mor og far trekkjer på skuldrene. Slik er no dottera deira, og det var truleg deira eigen feil at ho vart som ho vart!

Den einaste som ser Susann i eit betre lys, er sjefen hennar. Om Susann held fram på dette viset, vil ho snart bli avdelingsleiar, for ho har nøyaktig det rette vitet og dei rette haldningane til slikt eit ærefullt, kommunalt embete!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s