Verdsrådet for helse kjempar mot WHO sin diktatoriske pandemiavtale

Det hastar – min videosamtale med WHO i dag tidleg

Vi kan ikkje late dei sleppe unna med denne maktstelinga

Av Dr. Tess Lawrie, 13.april 2022. Henta frå hennar Substack-konto. Omsett av saksyndig.

[I dag, 13.april 2022] avslutta eg nettopp ein samtale med WHO som har gjort meg skjelven, og fått meg til å nå mine konklusjonar meir målretta enn nokosinne.

Som du sikkert veit, føreslår WHO ein global pandemi-einigheitsavtale som vil gje dei udemokratiske rettar over kvar deltakande nasjon og deira borgarar. Enkelt forklart, vil WHO sin grunnlov i ein «pandemi»-situasjon erstatte kvart land sin grunnlov. Om landet ditt sine folkevalde regjering er einige eller ikkje, kan WHO påtvinge nedstengingar, testregime, handheve medisinske intervensjonar, diktere all folkehelsepraksis og mykje meir.

I løpet av denne pandemien, har WHO halde tilbake trygge og etablerte eldre medisinar, ignorert erfaringane til frontlinje-legar, sett vekk frå bevis frå låg-, middel- og høginntektsland, og knapt brydd seg mindre om verdiane og preferansane til folk som har blitt påverka av deira anbefalingar. Dei har openbert ignorert det store talet uventa reaksjonar i sin eigen database og mislykkast i å kome med åtvaringar om dei genbaserte vaksinane. Dei har òg annonsert at mRNA-vaksinane er like trygge som vanlege vaksinar – og dette er rett og slett ikkje tilfellet.

Mange av oss er ekstremt bekymra over at WHO no har tenkt å ta full kontroll over kvar medlemsnasjon via denne pandemiavtalen. World Council for Health [«Verdsrådet for helse», oms.an.] skreiv ein respons til dette for ei tid tilbake og har følgt nøye med på utviklinga.

Vel, denne veka trekte WHO ein rask ein mot verda.

På sundag [10.april 2022] lanserte dei ein «offentleg deltakingsprosess» og inviterte til å sende inn bidrag skriftleg og/eller på video. Dei gav oss to dagar å lage eit videobidrag, og skriftlege bidrag må vere mottekne innan klokka fem i dag [13.april 2022]. Det er berre fem dagar for verdas borgarar å få sine stemmer høyrde.

Verdsrådet for helse handla fort og laga ein tominutts video som bidrag. Rådet sin Lov- og aktivismekomité førebudde eit sterkt bidrag (ein stor takk til dei for det), og denne morgonen [13.april 2022], var eg med på høyringa for å framføre vårt stykke.

Der var 48 menneske i samtalen då eg vart med. Seksten av dei var frå WHO-staben. Andre var frå UNAIDS, Coalition for Epidemic Preparedness Innovations (CEPI), FN sitt miljøprogram, Association of Southeast Asian Nations (ASEAN).

Her er noko av det eg høyrde (og mine kommentarar på kvar):

  • Ønske om «human tryggleik-sentrisk», ikkje berre «helsetryggleikssentrisk». Openbert ønskjer dei ikkje berre å kontrollere kroppen din, men kvart aspekt i livet ditt.
  • Rask godkjenning av naudssituasjonsdiagnostikk – og sameint regulatorisk registrering for diagnostikk. Med andre ord, meir kontroll.
  • Likeverdig tilgang til vaksinar og «ein mekanisme for å halde regelbrytarar ansvarlege». So dersom ein nasjon konkluderer at ein vaksine er utrygg – som har skjedd i denne siste pandemien – vil WHO ha makt til å overstyre det og setje sprøyter på befolkninga likevel.
  • Vaksinar burde bli utvikla innan 100 dagar. Dette er absurd. Trygge legemiddel tek ti år for å bli tilstrekkjeleg testa og erklært trygge. Der er meir enn 3,5 millionar menneske i WHO sin database som har blitt skadde av Covid-vaksinar og dette kan vere toppen av isfjellet.

So var det min tur.

Eg fortalde dei at Verdsrådet for helse ikkje trur at ein pandemiavtale er naudsynt, og vil ikkje vere til gode for verda vår sitt folk. Eg delte seksten anbefalingar som inkluderte trongen for gjennomsiktigheit, ei tilbakevending til open debatt og dialog, respekt for våre ukrenkjelege menneskerettar og sivile fridommar og suvereniteten til alle folkeslag og nasjonar. Eg ønskte retten til å velje og nekte behandlingar, eller medisinske intervensjonar, inkludert tilgang til legemiddel med nytt bruksområde. Eg bad òg om at ein måtte avvise masseeksperimentering og sosial engineering, og diskriminering basert på medisinsk status eller val. Og eg kravde at WHO fremja restitusjon frå skade som kjem av medisinske intervensjonar.

Eg la fram stykket vårt, og visste med det at eg snakka for oss alle – for dykk alle.

Vil det utgjere ein skilnad? For å vere ærleg, veit eg ikkje. Dei siste to dagane vil WHO ha hatt færre enn 100 videopresentasjonar, kanskje so få som 70. Dei fleste ber om fleire tiltak, ikkje færre.

Dette er kva vi kjempar mot. Dette er kva vi må bekjempe. Dersom du kjenner deg nedstemt eller bekymra etter å ha lese dette, forstår eg. Eg kjende det på den måten òg. Men vi må hugse makta vår, og vi må bruke den makta so mykje vi kan. Lat meg gje dykk eit døme.

For tre dagar sidan gjorde Verdsrådet for helse det som WHO burde ha gjort, og spreia ordet so mykje som det kunne. Vi laga ein guide til å lage eit skriftleg bidrag og inviterte alle til å bruke den for å seie meininga si.

Vel, i natt var der so mange folk på vår #stopthetreaty kampanjenettside, at nettsida krasja. Vi har auka serverkapasiteten no – so dersom du les dette i tide og ikkje har gjort det enno, ta ein titt på guiden og lag eit bidrag før fristen klokka fem.

Du har rett til å bli høyrt. Snakk ut. Representer deg sjølv, familien din og dine kjære. Dersom du ikkje rekk fristen, speler det inga rolle – der finst so mange andre måtar du kan dytte tilbake. Sprei ordet – fortel om det til alle du kjenner, informer dine regjeringsrepresentantar. Og ver so snill, vurder å støtte Verdsrådet for helse med ein jamleg donasjon. Vi består primært av friviljuge, vi eksisterer for dykk, for å representere dykkar ineresser i møte med kompromitterte offentlege organisasjonar. Hjelp oss hjelpe oss alle – og sprei ordet at vi er her og gjer det vi kan for å skape ein betre måte.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s