Underlege episodar på sjukeheimen: Har mine fullvaksinerte kollegaer mist alt helsefagleg gangsyn?

Det har i det siste skjedd ein del underlege og urovekkjande episodar på den aude sjukeheimen der eg jobbar. Eg har dei siste vekene vore «i eksil» på naboavdelinga, og nesten berre jobba med den epleforma besserwissaren og verdsmeisteren som trass at ho er faglært, nektar å dele ut medisinar – for å vere ærleg, er det ikkje mykje ho gjer der inne. Bebuarane på den avdelinga (her kalla avdeling B) har langt framskriden demens, i motsetnad til mi vanlege avdeling (avdeling A), der fleirtalet er klare og orienterte. Bebuarane på avdeling B er i tillegg langt meir pleietrengjande.

På grunn av dødsfall har vi fleire rom ståande tomme på avdeling B. Frå min ståstad er dette unikt; aldri har eg opplevd at rom på ein kommunal sjukeheim har stått tomme so lenge utan at nye bebuarar har flytta inn. På sjukeheimen eg jobba på fram til juni 2021, som låg i ein større vestlandsby, stod eit rom tomt i maks to dagar før det var ein ny bebuar der. Ventelistene var lange som eit dårleg år. Då var følgjande scenario vanleg: Ein bebuar døydde måndag. Innan dagen var omme, var personen flytta ned i «kapellet» (kjølerommet i kjellaren), og rommet vaska ned. Seinast tysdag var pårørande innom sjukeheimen og henta tinga til den avdøde. Same dag var vaskedama der og bona golvet. Seinast onsdag kom den nye bebuaren med flyttelass og pårørande. Til samanlikning har to rom på avdeling B stått tomme sidan mars månad.

Skilnaden mellom avdeling A og B er påfallande. På avdeling B er aktivitetar og «den gode samtalen» mellom personale og bebuarar fullstendig fråverande. Stellsituasjonar er til tider vanvittig tunge. Ein av bebuarane er større enn meg, og vurdert som umogleg for eitt personale å stelle åleine (eg steller han åleine likevel, nesten til kollegaene si vantru). Her forleden hadde denne eldre herren akutt forstopping. Trass fleire lange toalettbesøk fekk han ikkje avføringa av seg. Mini-klystér hjelpte lite. Etter mykje kav og slit med den digre kjempa inne på det vesle badet, måtte eg til slutt tilkalle vakthavande sjukepleiar (VH) for assistanse. Med sine små hender greidde ho å bokstavleg tala klemme/grave ut den steinharde, knollete avføringa. Dette var klassisk obstipasjon (forstopping), som skapte mykje liding for bebuaren og mykje styr for personalet. Eg skreiv ein detaljert rapport om hendinga.

Eg og VH undersøkte rapportprogrammet på PC-en. Det viste seg at bebuar ikkje hadde fått sitt ordinerte laksérmiddel den morgonen. Inga helsefagleg grunngjeving stod i rapporten, og det var heller ikkje skrive avvik på at eit fast, ordinert legemiddel ikkje hadde blitt administrert. Ettersom bebuar er rullestolbrukar, står han fast på laksérmiddel, sidan obstipasjon er noko alle immobile har risiko for å utvikle. Fleire av hans faste medisinar har òg obstipasjon som biverknad, so laksérmiddelet blir dermed òg gjeve som eit førebyggjande tiltak.

På dagvakt den dagen var det ein helsefagarbeidar og ein hjelpepleiar. Hjelpepleiaren var ingen ringare enn sjukeheimen sitt verneombod. Verneombodet hadde gjeve medisinar den vakta. I vaktskiftet fortalde eg dei to om bebuars eliminasjonsutfordringar. Eg spurde deretter verneombodet kvifor bebuar ikkje hadde fått laksérmiddel den morgonen. Ho og kollegaen påstod at han ikkje ville ha det. Javel ja? Eg spurde om bebuar hadde blitt informert om konsekvensane (og ubeleilegheitene!) av å takke nei til eit ordinert legemiddel. Verneombodet og kollegaen trekte nærast likegyldig på skuldrene. VH skaut inn at «han visste kva som ville skje!». Eg tviler på om bebuar var klar over konsekvensane, for hadde han visst at han ville måtte sitje halve ettermiddagen på do, før nokon måtte klemme og grave skiten ut av han, hadde han takka ja på flekken.

Dagen etter var VH på avdeling B. Heller ikkje då ville bebuar ta laksérmiddelet. Då ho forklarte bebuar kva som ville skje om han takka nei til laksérmiddel, inntok han visstnok legemiddelet utan å nøle eit sekund. Hadde verneombodet to dagar før brukt fem sekund på å forklare han dette, hadde eg og han spart oss for mykje strev seinare!

Denne episoden er berre éin av mange som har skjedd på avdeling B. Frå min ståstad verkar det som om enkelte i personalgruppa feilvurderer kor kognitivt oppegåande bebuarane der eigentleg er. Spesielt den epleforma «ringreven» ser ut til å tru at openbert demente bebuarar er klare og orienterte. Dei blir gjevne autonomi og samtykkekompetanse i situasjonar der det er uforsvarleg, til dømes ved at ein bebuars «nei» til laksérmiddel blir godteke utan å mukke. Ein bebuar vart nyleg sendt heim igjen til ein av dei mest aude plassane i kommunen – visstnok etter eige ønske. Han finn ikkje vegen ut av sitt eige bad. Som respons på enkle ja/nei-spørsmål møter han meg med eit blankt blikk og ein gapande kjeft. Han er tydelegvis «klar og orientert» i kollegaene mine si bok! Å sende ein openbert dement bebuar heim igjen berre fordi han vil det sjølv, er etter mitt syn å trekkje bebuars autonomi litt vel langt. Bebuarane på skjerma avdeling vil òg heim igjen, men det tydar ikkje at det er forsvarleg å sende dei heim!

Etter fleire veker på avdeling B, kom eg nyleg tilbake igjen til avdeling A. Der hadde det skjedd ting, for å seie det mildt. Fleire av bebuarane har under mitt fråvær fått dramatisk forverra helsetilstand. Fleire hjelpemiddel – slik som støttestrømper – ser ut til å ha forsvunne på mystisk vis. Ein bebuar har fått kritiske sirkulasjonsforstyrringar på grunn av manglande bruk av støttestrømper. VH avfeia det med at bebuar har «diabetesføter», og at dette med andre ord er ein vanleg seinkomplikasjon av diabetes. Ein seinkomplikasjon som tilfeldigvis kom då støttestrømpene til vedkomande forsvann. På same vakta fortalde ein klar og orientert bebuar meg at hans eigne støttestrømper forsvann same dagen som han dusja. Strømpene, som ikkje var merkte med namn, hadde visst kome saman med skitentøyet og hamna nede i vaskeriet. Personen som stelte han var ein utlending med dårlege norskkunnskapar.

For å seie det kort og greitt, trekkjer eg i tvil den helsefaglege kompetansen til enkelte i personalgruppa. Har dei gløymt sitt eige yrke? Har dei gløymt korleis klassisk demens manifesterer seg hjå dei som dei gjev omsorg for kvar dag? Og ikkje minst, prøver dei å dekkje over sin urovekkjande mangel på helsefagleg innsikt ved å skulde på «bebuars autonomi» og «seinkomplikasjonar»?

Eg har ikkje teke dette opp med leiinga. Erfaringa viser at dei då vil gå etter meg i staden for dei inkompetente, men lydige kollegaene. Faktisk fekk eg nyleg, til mi store overrasking, skryt av leiar for «alt det flotte arbeidet» eg gjer på sjukeheimen. Det var ingenting å utsetje på jobben min som helsefagarbeidar. Eg måtte spørje ho to gonger om det verkeleg ikkje var ting eg kunne bli betre på, eller om det verkeleg ikkje fanst område der det var rom for utvikling. Ho sa bestemt «nei». Har eg blitt so god som eg kan bli i denne jobben, eller får kollegaene mine sin hårreisande inkompetanse meg til å verke briljant i forhold? At eg ser ut til å vere den dyktigaste tilsette på sjukeheimen, er både ein absurd og urovekkjande tanke. På den førre sjukeheimen hadde min psykisk sjuke leiar mykje å klage på, der vart eg jo kalla inn til samtalar på grunn av bagatellar ein gong i månaden – om ikkje oftare! Kontrasten mellom denne sjukeheimen og den førre kunne knapt ha vore større.

Det er derimot gode grunnar til uro at kollegaene mine ser ut til å ha mist alt helsefagleg gangsyn, og at dette no har byrja å få temmeleg dramatiske konsekvensar for bebuarane. Éin ting er akutt forstopping, som kan vere smertefullt. Ein annan ting er når bein må amputerast fordi personale rotar vekk støttestrømper.

Enkelte av kollegaene er heldigvis framleis kompetente og pålitelege. Det dei har til felles med meg, er at dei er uvaksinerte. Kan alle dei underlege episodane på sjukeheimen rett og slett kome av at mine fullvaksinerte kollegaer er hjerneskadde på grunn av mRNA-injeksjonane som dei vart lurte til å ta?

Som ein avsluttande anekdote, fekk eg på mi fyrste vakt tilbake på avdeling A kjeft av ein fullvaksinert kollega fordi eg hadde laga frukost til to bebuarar. Begge vil alltid ha det same på skivene. Kollegaen påstod at det på førre personalmøte hadde blitt bestemt at vi alltid skulle spørje bebuarane kva dei ville ha på skivene før vi laga frukost til dei. I dag «ville» bebuaren ha rekesalat og smøreost på skiva, noko vedkomande aldri hadde ville hatt før. Der var det utan unntak kvitost og leverpostei på skivene. Og kanskje ei tredje med jordbærsyltetøy.

Eg var til stade på førre personalmøte. Eg kunne ikkje erindre at vi tok opp denne «påleggs-diskusjonen». Etter å ha lese gjennom møtereferatet fleire gonger, såg eg ikkje dette nemnt med eit ord. Vi hadde ikkje på nokon måte bestemt slik ei endring i frukostrutinane. Kollegaen hadde med andre ord anten loge til meg, eller hugsa feil. Og skivene med kvitost og leverpostei som eg hadde laga til bebuaren, dei vart kasta i bosset! Eg heldt meg langt unna den kollegaen resten av den vakta.

Burde eg kome meg vekk frå den sjukeheimen? Og ikkje minst, burde bebuarane kome seg vekk? Når enkelte i personalgruppa er på vakt, er det tydelegvis tryggare for bebuarane å vere overlatne til seg sjølv, enn å vere i hendene på slike farleg inkompetente fjols!

(Det seier vel noko om tilliten min til kollegaer og leiing at eg heller skriv om dette anonymt på bloggen min, enn å ta opp problemstillinga med dei…)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s