Bidens demens blir verre: Har 79-åringen byrja å hallusinere no?

I ein nyleg video ser vi USAs «president» Joe Biden prøve å handhelse på tomme lufta, før han vandrar rundt ved podiet i noko som ser ut som forvirring. Han heldt ein tale ved North Carolina A&T State University, og det var etter at han var ferdig med talen at denne underlege åtferda byrja. Enkelte fryktar at hans psykiske helse er i forfall. Videoen viser at han tydelegvis trudde at nokon var ved sida av han.

Det er Washington Free Beacon som viser slutten av videoen med det som ser ut som hallusinering og forvirring. CBS News, som tilhøyrer etablissementet, har beileilig nok redigert vekk denne delen av talen. Det er openbert at den offisielle forteljinga blir meir og meir desperate i å skjule Biden sine symptom på demenssjukdom, og at det blir stadig vanskelegare for dei å få han til å framstå som klar og orientert.

Og kva var temaet i denne talen ved dette universitetet? CBS News har følgjande samandrag (omsett av saksyndig): «‘Det folk ikkje veit, er at 70% av auken i inflasjon var konsekvensen av Putins prishopp på grunn av verknaden på oljeprisar,’ sa president Biden under ein diskusjon om inflasjon og forsyningskjede-problem på eit arrangement i North Carolina.»

Med andre ord skuldar han på Putin for problem som var der lenge før krigen i Ukraina, og som har absolutt ingenting med den russiske presidenten å gjere; inflasjonen var til dømes på 7,5 prosent før invasjonen. Vrangførestillingar og hallusinasjonar er symptom på enkelte demenssjukdommar, til dømes Lewy Body.

Opptrinnet til Biden var ifølgje Summit.news del av ein 40-minutts tale der Biden til tider kom med latterlege påstandar, til dømes den om at USA «hogg ned alle skogane våre», og at det førde til global oppvarming. I same talen kom han òg med påstandar om at han brukte å vere professor ved UPenn (University of Pennsylvania), trass at han aldri underviste nokon klassar ved det universitetet. Ifølgje ei Twitter-melding av Greg Price, kom ein artikkel i The Daily Pennsylvanian med påstanden om at ingen visste kva Joe Biden dreiv med ved Penn då han gjekk der. Ved eit anna pinleg tilfelle gav Biden publikum «løyve» til å applaudere som respons på talen hans.

Det at han handhelste på tomme lufta, var kort fortalt prikken over i-en på ein lettare skandaløs tale. Kombinert med skandalen rundt sonen hans Hunter Biden sin «laptop frå Helvete», reknar eg med det berre er eit tidsspørsmål før etablissementet fjernar Biden-ane frå den offentlege scena og gjer dei til syndebukkar for både plandemien og Ukraina-krigen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s