Brexit-leiar lurer på kvifor senile Biden ikkje er fjerna frå presidentembetet

Nigel Farage spør kvifor det 25. Amendment ikkje er teke i bruk for Biden: «Han er ei skam for USA»

Av Madeleine Hubbard, Just the News. Omsett av saksyndig.

Brexit-arkitekten Nigel Farage spør kvifor folk ønskte å ta i bruk det 25. Amendment for å fjerne tidlegare president Donald Trump frå makta, men ikkje president Joe Biden, som Farage kalla «senil» og «ei skam for USA».

Medan USA og Storbritannia har vore nære allierte i meir enn 100 år, endra det forholdet seg i kjølvatnet av Bidens «katastrofale tilbaketrekking frå Afghanistan», fortalde Farage «Just the News, not Noise» på torsdag [14.april 2022; oms.an.].

«Spørsmålet vi alle har stilt oss,» sa Farage. «er, ‘kor er USA?’ Eg meiner, Biden sa, ‘USA er tilbake.’ USA har forsvunne.»

Bidens respons til Russlands president Vladimir Putin sin invasjon av Ukraina viser at «bøllegut-diktatorar ikkje lenger er redde for USA,» fortalde han programmets medvertar John Solomon og Amanda Head.

«Eg vil love dykk ein ting, om Trump framleis hadde vore president, ville ikkje Putin ha invadert Ukraina,» la han til.

Farage sa at Biden «måtte vere den verste presidenten USA nokosinne har hatt.»

Biden burde ha besøkt Moskva for å snakke direkte med Putin om Ukraina-invasjonen, sa Farage.

«Men lat oss vere ærlege, denne amerikanske presidenten er ikkje mentalt i stand til jobben,» sa han. «Han er ei skam for USA. Han er ei skam for den frie verda. Han er rett og slett ikkje kompetent.»

«Eg skjøner det ikkje. Kvar gong Trump sa noko på verdsscena som folk tykte var dumt, skreik dei over seg i D.C. for å ta i bruk det 25. Amendment

«Ingen vågar å seie at det 25. burde bli teke i bruk når det er tydeleg at USA har ein president som [er]… senil. Han er ikkje skikka for jobben.»

Sjølv om Biden hadde reist til Europa for å prøve å reparere forholda, ville han ikkje hjelpe situasjonen, sa Farage.

«Det er so openbert at denne mannen ikkje kan ha på seg ansvaret for å leie USA, langt mindre den frie verda,» la han til.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s