16.april 2022 fekk Peder «Fjordman» Jensen publisert eit innlegg i Document der han samanliknar islam med kvikksølv. Eg reknar det som allment kjent at kvikksølv er giftig for kroppen sjølv i små mengder. På same måte meiner Jensen at «den korrekte mengden islam i et sunt samfunn er null, akkurat som den korrekte mengden kvikksølv i en sunn kropp er null.»
Han skriv vidare: «Det vi gjør med våre samfunn gjennom muslimsk innvandring, kan sammenlignes med at dine myndigheter sprøyter kvikksølv inn i din kropp. De hevder at dette er positivt, berikende og bra for økonomien. Hvis du tror noe annet, er du en ond person som lider av fordommer og kvikksølv-fobi.»
Allegorien er etter mi meining svært god. So nyleg som langfredag 2022 gjekk militante muslimar til åtak på politibilar i Sveaparken i Örebro i protest med at dansken Rasmus Paludan hadde tenkt å føreta ei koranbrenning. Dette er berre nok eit åtak i ei rekkje openlyst fiendtlege handlingar mot det svenske samfunnet, gjort av nettopp valdelege personar som tilfeldigvis er muslimar. Eller er det so tilfeldig? Peder Jensen oppfattar islam som ein klar trugsel mot landet vårt, kontinentet vårt og heile sivilisasjonen vår. Han er forkjempar for den ikkje heilt stovereine Eurabia-teorien, som etablissementet forakteleg avfeiar som ein konspirasjonsteori; at islam ønskjer å erobre Europa på kostnad av dei ikkje-muslimske folkeslaga som allereie bur der.
Som han skriv vidare i artikkelen:
«Islam er en av verdens mest totalitære ideologier og forbyr ytringsfrihet for alle mennesker på jorda. […] Ifølge islamsk lov, sharia, er det forbudt for absolutt alle å krenke eller fornærme islam eller Muhammed. Dette gjelder selv for dem som ikke er muslimer, som bor i et land som har liten muslimsk minoritet og aldri tidligere har vært under islamsk herredømme.»
Jensen skreiv frå 2005 under pseudonymet Fjordman. Frå februar til desember 2005 dreiv han sin eigen engelskspråklege blogg, men annonserte 21.desember at han ville stengje bloggen. Han ville i staden halde fram med å publisere essay/artiklar på sider som LittleGreenFootballs og Jihad Watch. Andre nettstader med Fjordman-tekstar er Gates of Vienna. Tittelen på nettstaden viser til det historiske faktum at muslimske erobrarar kom so langt som til byportane til Wien på 1500-talet før dei måtte gje opp å erobre Europa. Jensen fekk mykje kritikk etter at det i kjølvatnet av 22.juli-tragedien vart avslørt at Anders Behring Breivik hadde Fjordman som ein av sine favorittforfattarar. Jensen miste jobben sin som personleg assistent, og måtte til slutt forlate landet. Han har i seinare år vore arbeidslaus fordi ingen vil tilsetje han.
Her er eit døme på retorikken hans som kan verke provoserande på både muslimar og muslim-vennlege personar. I eit innlegg frå 20.desember 2005 skildrar Jensen islam som «ei irrasjonell sekt bygt på frykt», at dei er dyktige når det gjeld krigføring, og at Muhammed var ein «briljant intuitiv leiar/general». Han skriv vidare i same innlegget (saksyndig si omsetjing):
«Muslimar er ekstremt barnslege i sitt syn på seg sjølv og verda – dei er overtruiske og dermed redde for hundar, av at Koranen skal bli skiten, osv. Dei fortel oss stadig om sanninga om sin paranoia, og deira intensjonar. Difor er ein av dei beste taktikkane for oss å ta i bruk i Krigen mot terror, å gjere narr av dei og utnytte kor barnslege dei er, so at dei vil avslørse seg sjølve føre alle.»
Han skriv vidare at ein bør gje islam sitt passande namn: slaveri og apartheid:
«Kvinner er slavane i sekta islam (underkasting = slaveri). […] Islam er institusjonalisert slaveri, og Jihad sitt hovudføremål er å samle slavar, både menn og kvinner, frå dei frie sine land. Muslimar, både menn og kvinner, blir dermed dei fyrste slavane av islam. To poeng kjem i sinne med éin gong: 1: slaveri-institusjonen knuser ånda til slavar. Dei var ute av stand til å tenkje sjølv som ein konsekvens. Eit treffande trekk i islamske samfunn. 2: slavar på rømmen brukte å bli slegne, og ofte avretta, som ei lekse til andre slavar som vurderte å rømme. Den same straffa sanksjonerer islam mot muslim-apostaten [ein som forlét islam til dømes gjennom konvertering til andre religionar; oms.an.].»
Som ein kommentar til Jensen sine synspunkt, er det fleire aspekt innan islam som fører til utfordringar til dømes i det norske arbeidslivet. Muslimane har skaffa seg visse særordningar som ikkje blir gjevne til andre religionar. Som eit konkret døme frå midt i verste «pandemi»-tida kan eg nemne følgjande: I ein periode rundt 2020/2021 var det forbode for helsepersonell å gå med smykke og øyredobbar på jobben, visstnok på grunn av «smittefare». Muslimske damer fekk derimot framleis gå med dei heller upraktiske (og iallfall uhygieniske!) hijabane. Muslimske damer går visstnok med hijab fordi håret deira kan freiste menn og få dei til å forgripe seg på dei (kva seier det om islam sitt syn på menn?). Og under Ramadan fastar muslimar heile dagen i ein månad, sjølv dei som jobbar som bussjåførar og innan helse. Kor forsvarleg er det til dømes at ein bussjåfør går heile dagen utan å verken ete eller drikke? Og kor god eldreomsorg kan ein pleiar gje når han eller ho ikkje har smakt ein einaste matbit eller ein drope vatn heile dagen?
Eg har vage aningar om kvifor muslimar får særbehandling her i Noreg. Modige og fritalande Jensen seier det rett ut: Ved hjelp av vald og terror mot landa som er so (dum)snille å gje dei asyl, mat og tak over hovudet, viser dei at dei ikkje er til å kødde med. Når ein muslim seier «hopp», hoppar vi, kan det verke som. Frankrike har i mange år hatt forbod mot bruk av dei typiske muslimske antrekka hijab, burka og niqab. Det franske samfunnet er nesten fullstendig sekularisert, so andre religiøse symbol er òg i praksis forbodne, til dømes smykke med kors. Islam er derimot eit mykje meir alvorleg samfunnsproblem i Frankrike (og delar av Sverige) enn her i Noreg. Vi har til dømes (ikkje enno) valdelege gatekampar mellom rasande, muslimske unge menn og vitskremde politistyrkar.
På grunn av den påståtte «pandemien», har 17.mai blitt avlyst to år på rad i Noreg. Muslimane si høgtid Id har derimot blitt feira utan eit slikt statleg forbod under same tidsrom. Fryktar regjeringa at muslimane vil byrje å utføre terroråtak om dei ikkje får viljen sin? Kva seier det om haldningane til styresmaktene når dei forbyr sine eigne borgarar å samlast og feire den norske nasjonaldagen, medan akkurat islam er den eine religionen som i praksis har hatt fritak frå «pandemi»-restriksjonar?
Læraren Mr. Garrison i den amerikanske animasjonsserien South Park oppsummerte essensen i kvifor muslimske menn so lett tyr til vald og terror: Sex før ekteskap er forbode, og onani er strengt forbode. I tillegg sit dei i ørkenen og får sand i ræva. For å parafrasere Garrisons ord:
«Tenk deg at du som ugift, ung mann sit i ørkenen ein fredagskveld. Du kan ikkje pule og du kan ikkje runke, og du har sand i ræva. Du er kåt og forbanna. Tenk deg so at ein eller annan amerikansk idiot gjer narr av profeten Muhammed. Eg veit at iallfall eg hadde blitt so forbanna at eg tok på meg eit bombebelte!»
Akkurat som kvikksølv høyrer heime i eit termometer, der det er til nytte snarare enn til skade, høyrer kanskje denne sekta heime i den arabiske ørkenen, der deira totalitære galskap skader so få som mogleg.