MIT [Massachusetts Institute of Technology; eit universitet i Cambridge, Massachusetts; oms.an.] sin dekan for vitskap må anten gå til handling eller trekkje seg
Av Steve Kirsch. Henta frå hans Substack-konto, 16.april 2022. Omsett av saksyndig.
Dersom ho nektar å sjå på nokon som helst data som viser at MIT tok feil når det gjaldt Covid-retningslinjer som påverkar MIT-samfunnet, burde ho trekkje seg. Dersom ho nektar å vere ein champion for vitskap, burde ho trekkje seg.
I dag [16.april 2022; oms.an.] kjem eg med ein formell førespurnad til MIT sin dekan for vitskap Nergis Mavalvala der ho anten må:
- gå til handling og akseptere det globale ansvaret i din posisjon som dekan ved eit av USA sine topp-institusjonar for vitskap
- trekkje seg ved å seie opp stillinga di som dekan for vitskap
Spesifikt,
- Ein dekan for vitskap på kvart eit universitet burde alltid vere open for å høyre truverdig vitskapleg evidens som utfordrar dykkar eller institusjonen dykkar sine synspunkt eller retningslinjer. Dette er spesielt sant for MIT sine Covid-19-retningslinjer fordi dei påverkar helsa og tryggleiken til heile MIT-samfunnet. 15.april spurde eg deg om du var viljug til å sjå på truverdige data som utfordra MIT-retningslinjer, og du sa «nei». Eg har aldri høyrt om ein vitskapsperson som ikkje er open for å sjå på data. Folk som nektar å sjå på truverdig evidens som seier at standpunkta deira er uriktige, er ikkje vitskapspersonar. Korleis kan MIT ha ein dekan for vitskap som ikkje er ei vitskapskvinne?
- Open vitskapleg diskusjon rundt viktige tema der det er betydeleg meiningsskilnad burde finne stad. Du var til og med einig med meg der. Bra for deg. Likevel, om lag ein time etter at du sa det, då eg bad deg om å setje handling bak orda ved å be om ein slik diskusjon, nekta du. Standpunktet ditt ville ha vore fullstendig forståeleg om desse opne diskusjonane hadde blitt gjort fleire gonger før. Men det har dei ikkje. Dei har aldri blitt gjort nokosinne. Ikkje ein einaste gong. Ingen stad i verda. Det modigaste forsøket på ein slik debatt vart gjort av tre topp-vitskapsfolk i Canada blant dei kanadiske helsestyresmaktene. Du kan sjå den opne vitskaplege «diskusjonen» dei hadde der. Du vil raskt leggje merke til at der var ingen diskusjon fordi dei offentlege autoritetane beint fram nekta å sende nokon for å representere dei. Som ein vitskapsleiar, burde du vere i fyr og flamme over dette. Du har eit ansvar for å be om slik ein diskusjon, og til å offentleg fordømme autoritetar som nektar å late sine synspunkt bli utfordra. Då eg tilbaud deg høvet til å gjere det rette, nekta du med éin gong og sa at du «måtte fare». Deretter gav eg deg same tilbodet igjen via e-post. Du ignorerte den e-posten.
- Dei med vitskaplege synspunkt rundt Covid-vaksinane som skil seg frå hovudstraumens «trygg og effektiv»-forteljing, har blitt unisont hånt, og merkte som «spreiarar av feilinformasjon», de-plattforma, sensurert, fått sine fagfellevurderte artiklar trekt tilbake frå medisinske tidsskrift, blitt fråtekne sine sjukehusprivilegium, autorisasjonar, og/eller jobbar, og skremt (inkludert frivole søksmål og fysisk skremsel i enkelte tilfelle). Kva har du gjort som ein av topp-vitskapsleiarane i verda å snakke ut mot slikt misbruk? Absolutt ingenting so vidt eg veit. Det er uakseptabelt.
Dekan for vitskap ved MIT har eit sosialt ansvar for å vere forkjemparen for vitskap globalt og spesielt i USA. Når ein lagar påbod som påverkar liva til amerikanarar, som ikkje er basert på vitskap, burde akademiske vitskapsdekanar snakke ut og proklamere, «Desse retningslinjene er ikkje basert på fornuftig vitskap og vi som vitskapsfolk støttar dei ikkje.» Vi høyrer ikkje det. Vi høyrer ingenting.
Som eit minimumskrav, dersom det er openberr usemje rundt det vitskapen faktisk seier om eit vitskapleg tema som er særs viktig for alle amerikanarar, burde alle vitskaplege leiarar i landet vårt, inkludert vitskapsdekanane ved alle våre topp-universitet, kollektivt be om OFFENTLEG OPEN VITSKAPLEG DISKUSJON mellom dei mest kvalifiserte partane på kvar side av emnet, med håp om at ulikskapane kan bli løyste eller, som eit minimum, at desse ulikskapane kan bringast fram i lyset til folket.
Spesifikt burde folket bli oppmuntra til å høyre begge sider av forteljinga, ikkje berre éi side. Det er endå verre når stemma til den andre sida blir uetisk undertrykt. Det er ikkje kva vitskap lærer oss.
Til sist, og viktigast, det at du nektar å vere open for å høyre noko vitskapleg evidens i det heile som utfordrar synspunkta dine og dei til MIT rundt slike viktige tema, kan ikkje orsakast.
Du kan ikkje kome med orsakinga at ekte vitskapsfolk burde halde seg unna politiske diskusjonar og berre halde seg til vitskap
Berre for å vere sikker på at eg har dekt alle moglege orsakingar, lat meg adressere orsakinga at «vitskapsfolk burde halde seg til vitskap».
Dersom det var sant, kven skal liksom snakke for både vitskap og vitskapsfolk når dei er begge utsett for åtak som eg noterte i punkt nummer 3 ovanfor?
Og dersom ekte vitskapsfolk ikkje er meint å ha meiningar rundt offentleg politikk, seier du dermed at UCSF-professor Vinay Prasad ikkje er ein vitskapsmann? Kvifor tek du han ikkje på det?
Faktisk tek ingen i vitskapssamfunnet Vinay Prasad på å ha motet til å vere sannferdig rundt kva vitskapen seier og korleis offentleg politikk har gått av hengslene.
Sjå denne nylege videoen som Vinay gjorde om den finske munnbindstudien. Han forklarer kva vitskapen seier og korleis offentleg politikk ignorerer vitskapen. Han er ein av dei særs få «hovudstraums»-vitskapsmennene som er modig nok til å fortelje sanninga om kva som eigentleg skjer.
Når CDC gjer slurvete vitskap, er Vinay der for å ta dei på det. Men ingen andre i akademia gjer det! Dei andre teier stille for å unngå og setje NIH-pengestøtta si i fare.
Dekan Malvalvala, berre fordi dine likeverdige skulkar unna sitt ansvar er ikkje ei orsaking for deg å gjere det same.
Desse artiklane på professor Prasad sin Substack viser tydeleg at som eit heile, har det vitskaplege samfunnet fullstendig lagt ballen død når det gjeld sitt ansvar å utfordre forteljinga og vere forkjemparar for det som vitskapen faktisk seier. I staden held heile det vitskaplege samfunnet kjeft fordi det er trygt å halde kjeft:
- The Silent Majority.
- The hypocrisy of medical experts.
- Colleges and Universities Must Join Push for Normal. [linken verkar ikkje; oms.an.]
Legg òg merke til at eg har problem med Vinay sine synspunkt rundt andre Covid-relaterte tema (les dette), men generelt er han langt betre enn nokon av sine likemenn. Eg ville gjerne ha ein samtale med han og sjå om eg kan endre meiningane hans rundt dei temaa vi er uenige rundt (eller omvendt). Eg har forsøkt, men han har ignorert meg.
Set du eksempel på MIT-verdiane?
Det er spesielt viktig at alle i ei leiarstilling ved MIT burde agere på ein måte som samsvarer med verdiane til MIT, som inkluderer:
- Med fryktlaus nysgjerrigheit stiller vi spørsmålsteikn ved det vi trur, ser utover, og lærer frå andre
- Fordi læring er nært av eit mangfald av synspunkt, verdset vi frie ytringar, debatt og dialog i jakta på sanning – og vi forpliktar oss å bruke desse verktøya med respekt for kvarandre og samfunnet vårt
- Vi utfordrar oss sjølve til å stå overfor vanskelege fakta
- Vi veit at talent og gode idear kan kome frå kor som helst
- Saman har vi uvanleg styrke, og vi ber på skuldrene våre ansvaret å bruke dei med klokskap og omsorg for menneskeheita og den naturlege verda.
Dekan Malvalvala, set du handling bak ord ved å nekte å høyre evidens for at vaksinane ikkje er trygge og munnbind ikkje fungerer? Set du handling bak ord ved å nekte å enkeltgjere open debatt og dialog i jakta på sanninga?
Ver vennleg å bestemme deg
Dekan Malvalvala, ver venleg å ta ei avgjerd: Anten gå til handling eller trekk deg.
Dersom du vel å gå til handling (altso «ta den raude pilla»), vil du skape historie.
Dersom du vel å trekkje deg (altso «ta den blå pilla»), vil du ha ein hyggjeleg, trygg karriere i akademia.
Kva slags utfall vil du ha?