Fauci innrømmer at brutale nedstengingar vart brukte for å presse folk til å late seg vaksinere

Av Baxter Dmitry, NewsPunch. Omsett av saksyndig.

Nedstengingar blir tekne i bruk for å lette trykket på sjukehus og helsesystemet, ikkje sant? Feil! Dei blir brukte for å få folk til å lide so mykje at dei vil gjere kva som helst for å få slutt på nedstengingane – inkludert underkaste seg Big Pharma og late seg vaksinere.

Anthony Fauci sleppte katten ut av sekken på MSNBC onsdag [13.april 2022; oms.an.], og bekrefta med dette det mange mistenkte når det gjaldt den ekte grunnen til at regjeringar fekk verda til å lide gjennom straffande nedstengingar.

Når han vart spurt av vert Andrea Mitchell om det nedstengings-helvetet som er under utvikling i Kina, lovpriste Fauci faktisk handlingane til den autoritære regjeringa. Ifølgje Fauci, hindrar den kinesiske nedstenginga smittespreiing.

«Eg hugsar at i byrjinga sa dei – med rette – at dei lykkast betre enn resten,» sa Fauci. «Nedstengingar blir brukte for å sikre seg at folk blir vaksinerte, slik at du ikkje får ein smittetopp når ting opnar opp att,» påstod han.

«Utpressing»

Den kanadiske advokaten David Freiheit svarte på Fauci si sjokkerande innrømming om at nedstengingar blir brukte for å få folk til å underkaste seg vaksinar som dei elles ville nekte å ta.

Ifølgje Freiheit, innrømte Fauci kriminell utpressing på vegner av Big Pharma-selskap.

Fauci sa òg at Kina sine vaksinar «ikkje er gode nok» og gjorde seg til talsperson for Big Pharma-selskap.

«Problemet er at vaksinane dei bruker ikkje er på langt nær so effektive som vaksinane som er i bruk i USA, Storbritannia, EU og andre stader. So dei er ikkje optimalt beskytta,» påstod Fauci. «Og fordi folk ikkje har blitt eksponerte på grunn av nedstenginga, har du å gjere med ein ‘immunologisk naiv’ befolkning,» sa han.

Fauci innrømmer difor at utpressing er ei ståande retningslinje, svarer advokat David Freiheit.

Kommentar frå saksyndig: Den same utpressingsstrategien har blitt brukt her i Noreg. «To veker for å flate ut kurven» i mars 2020 strekte seg over resten av 2020, der statsminister Erna Solberg, helseminister Bent Høie og andre flytta målstreken lenger og lenger fram i tid. Dette gjorde dei etter instruksar frå sine overordna, i likskap med sine kollegaer i dei fleste vestlege land. Dei øydela liva til folk og sette framtida vår på vent på ubestemt tid. Dette var ein taktikk for å pine og slite ut det norske folket, og gjere oss desperate nok til å godta kva som helst for å kunne «få tilbake liva våre».

På slutten av 2020, etter fleire månader med hjernevask og psykisk terror, vart so mRNA-vaksinane framstilt som «einaste veg ut av pandemien», og folk flest kunne ikkje late seg injisere fort nok. I helsesektoren vart det i slutten av mai 2021 innført differensierte retningslinjer mellom vaksinerte og uvaksinerte, der fullvaksinerte ikkje lenger trong å bruke munnbind i «bebuarnære relasjonar», medan uvaksinerte framleis måtte det. Dette var nok eit forsøk på å få alle til å ta vaksine, sidan det tydelegvis var ei stor skam at ikkje alle i helsesektoren hadde teke dei «trygge og effektive vaksinane».

Klart, grunnen for å ta desse «vaksinane» endra seg heile tida. Fyrst skulle ein ta vaksine slik at bestemor ikkje skulle bli smitta og døy. Deretter skulle ein ta vaksine slik at dei kunne klemme mor eller bestemor igjen. Deretter skulle ein ta vaksine slik at ein kunne fare på ferie til utlandet igjen. So skulle helsepersonell ta vaksine slik at dei «kunne hive maska». «To stikk, so får de livet dykkar tilbake», vart det hevda. Deretter prøvde Erna Solberg seg med at det var ei «borgarplikt» å late seg vaksinere (med den antydinga at dei som ikkje tok vaksinane, nærast var for landssvikarar å rekne). Til deira store ergring, fungerte ingen lovlege pressmidlar.

Vi uvaksinerte vart psykopatisk tvinga til å gå med munnbind på jobb, og gjorde oss dermed til målskiver for indignerte kollegaer og pårørande, som lurte på korleis vi kunne vere slike fæle egoistar. Helst burde vi misse både jobb og autorisasjon. Dei mest ekstreme meinte vi burde misse fridommen og til og med livet. Denne fiendskapen mellom vaksinerte og uvaksinerte vart framprovosert med fullt overlegg, og skapte eit helvete for oss i månadsvis. Sjølv dette fungerte ikkje, for vi var kloke nok til å skjøne at alt dette var ein strategi for å få flest mogleg til å ta desse eksperimentelle mRNA-injeksjonane.

Omikron-varianten snudde opp-ned på heile situasjonen. I desember måtte òg fullvaksinerte ta på seg munnbindet på jobb igjen, dei som i mesteparten av 2021 hadde godta seg over at vi uvaksinerte måtte gå med munnbind medan dei sjølve slapp. I løpet av vinteren 2022 forsvann alle koronatiltak som dogg for sola, truleg etter instruksar frå «djupstaten». Og i slutten av mars vart munnbindplikta hjå helsepersonell oppheva – til og med for dei uvaksinerte.

Sosialt press, segregering/apartheid, utstøyting og psykologisk krigføring vil berre fungere opp til eit visst punkt. Den vondsinna eliten har trekt seg tilbake for denne gong, iallfall her i Noreg. Når ein ser korleis dei driv på i Shanghai, med sin urealistiske null-Covid-visjon, er det ein indikator på kva som kan kome her. EU jobbar for tida på spreng med å få gjort lovendringar som gjer det lettare å raskt opprette ein totalitær politistat ved neste «unntakstilstand». I neste instans kan det dreie seg om langt meir drastiske verkemiddel enn skampåføring frå statleg hald.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s